Naturressursar – livsgrunnlaget vårt

Vi treng naturen
Livsgrunnlag er det ein art treng for å overleve. Vi kan definere kva vi menneske treng, på mange måtar. Men heilt grunnleggande kan vi vere einige om at vi treng mat, vatn, klede og ein stad å bu (eller i alle fall noko som kan gi ly for vêr og vind). Alt dette får vi frå naturen på ulike vis.
Bier pollinerer matplantane våre, og vi dyrkar det meste i jorda. Krinsløpet til vatnet gir oss tilgang på vatn. Kleda våre lagar vi av materiale som bomull, som vi dyrkar ved hjelp av jordsmonnet, eller plast som vi får frå råolje. Vi bygger bustader av tømmer og stein. Alt dette hentar vi ut frå naturen på ulike måtar.
Vi kan med andre ord slå fast at vi er heilt avhengige av naturen. Derfor må vi ta vare på naturen og utnytte ressursane på ein berekraftig måte.
Tenk over
Kva treng du for å leve og for å leve godt? Viss du skulle laga ei liste på ti ting du treng for å leve godt, kor mange av dei ti trur du kjem frå naturen?
Kva er naturressursar?

Alt vi menneske får frå naturen og bruker vidare, er naturressursar. Det kan både vere ting vi kan bruke som dei er, og ting vi må omarbeide før vi kan bruke dei. Vi kan bruke skogen til å produsere ved, eller vi kan omarbeide tømmeret og lage plankar eller papir av det.
Råstoff kallar vi naturressursane vi ikkje har omarbeidd i noka særleg grad. Tømmerstokken er råstoffet, mens plankar til å bygge hus med er produktet vi får etter omarbeiding, til dømes på ein fabrikk.
Levande og ikkje-levande naturressursar
Nokre naturressursar er ikkje-levande (abiotiske). Sand kan vi bruke til å lage betong, kobolt er viktig i elbilbatteri, og stein kan vi bygge murar og gjerde av.
Andre naturressursar er levande organismar (biotiske). Det gjeld både dyr og plantar. Vi dyrkar korn i jorda, jaktar elg i skogen og fiskar fisk frå havet.
Naturressursar – både materialressursar og energiressursar
Vi kan òg dele naturressursar i materialressursar og energiressursar. Då deler vi naturressursane etter det dei blir brukte til.
Materialressursar er dei naturressursane vi kan bruke som materiale. Det kan til dømes vere ulike former for metall og mineral som blir brukte i mobiltelefonen din.
Energiressursar bruker vi til å produsere energi. Det kan til dømes vere vind eller råolje. Vinden kan utnyttast til å produsere vindenergi, og råolje kan vi bruke for å produsere diesel og bensin.
Det finst ingen måte å kategorisere naturressursane på som passar til alt og i alle samanhengar. Råolje kan jo både brukast som ein energiressurs i form av bensin og diesel, eller som ein materialressurs i form av plast og som syntetiske fibrar i klede.

Naturressursar i Noreg
Noreg er eit land med mange ulike typar naturressursar. Vi har høge fjell og mange elvar som blir utnytta til vasskraft. Kystlinja gir rikt tilgang på fisk og havbruk. Utanfor kysten har vi òg mange store olje- og gassfelt. Noreg er eit ganske stort land med tanke på befolkningsstorleiken, og over 35 prosent av Noreg består av skog. Vi har òg ein variert berggrunn med mange grunnstoff, metall og mineral. Noreg er til dømes Europas største produsent av silisium (Our World in Data, u.å.). Nesten all moderne elektronikk treng mikrobrikker som blir laga av nettopp silisium.
Nokre viktige naturressursar i Noreg er
olje og gass
vasskraft
fiskeri og havbruk
skog
mineral
jordbruk
vindkraft
natur og turisme
Tenk over
Kva naturressursar finst der du bur?
Berekraftig utnytting av naturressursane
Berekraftig bruk av ressursane handlar om fleire ting. Vi må både redusere bruken vår av nokre naturressursar og bruke ressursane lengre og betre. I tillegg har det noko å seie korleis vi vinn ut ressursane. Som du ser av lista lenger oppe, har vi mange og ulike naturressursar i Noreg. Mange naturressursar må vi passe på å hente ut passelege mengder av for at bruken skal vere berekraftig. Det har med graden av fornybarheit å gjere.
Grad av fornybarheit
Vi kan plassere ressursane på ein skala som seier noko om graden av fornybarheit. På den eine sida har vi fornybare ressursar. Dette er ressursar som kan fornyast. På den andre sida har vi ikkje-fornybare. Desse vil det ikkje komme fleire av, og dei kan derfor brukast opp.
Fornybare ressursar
Fornybare ressursar deler vi i to kategoriar: krinsløpsressursar og betinga fornybare ressursar. Krinsløpsressursar fornyar seg heile tida. Dette er ressursar som vatn, luft og hav. Sjølv om vi bruker vatnet i elva til å produsere vasskraft, vil det komme nytt vatn seinare.
Dei betinga fornybare ressursane vil òg fornyast, viss vi utnyttar dei på ein god måte. Viss vi ein dag fiskar opp all fisken i ein innsjø eller hoggar all skogen på ei øy utan å plante ny skog, vil ikkje desse ressursane fornye seg. Men viss vi fiskar litt kvart år, eller høgg litt og plantar nytt, går det mykje betre.

Ikkje-fornybare ressursar
Ikkje-fornybare ressursar deler vi òg i to kategoriar. Dei gjenvinnbare ressursane kan vi ikkje hente ut av naturen igjen og igjen, men vi kan bruke dei fleire gonger. Aluminium kan til dømes gjenvinnast mange gonger. Vi treng derfor ikkje hente ut ny aluminium viss vi gjenbruker den vi allereie har henta ut, så lenge ikkje behovet aukar.
Den siste kategorien kallar vi berre ikkje-fornybare ressursar. Desse kan verken fornyast eller gjenvinnast. Det gjeld til dømes olje. Når dieselen i bilen (som kjem frå olje) er brukt opp, vil han ikkje fornyast, og vi kan ikkje gjenvinne han.




