Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Konsekvensar av klimaendringar

Har du høyrt om Parisavtalen? I 2015 vart 175 land einige om å halde den globale oppvarminga under 1,5 grad. I dag har det blitt 1,3 grad varmare, og både temperaturen og CO2-utsleppa stig framleis. Kva er konsekvensane av dette? Er det vits å halde fram med å kjempe om vi ikkje når måla uansett?

Klimasystemet blir endra, og samfunnet blir ramma

Når drivhuseffekten blir forsterka, blir meir av varmen frå sola fanga i atmosfæren. Dette fører til global oppvarming og endringar i klimasystemet. Konsekvensane merker vi allereie gjennom mellom anna flaum, tørke, hetebølger og stigande havnivå.

Har du nokon gong sett ei nyheitssak om ein flaum i villmarka? Antakeleg ikkje. Naturhendingar som flaum, tørke og havnivåstigning blir først store samfunnsproblem når menneske og infrastruktur blir ramma. Derfor handlar klimaendringar ikkje berre om naturen, men òg om korleis samfunnet er bygd opp.

Her skal vi undersøke korleis klimaendringane påverkar både Noreg og resten av verda, og kvifor vi bør avgrense utsleppa så mykje som mogleg.

Film: Kvar tidel tel

Kva er eigentleg konsekvensane av klimaendringane? Og er det så farleg om det blir 1,5, 2 eller 3 grader varmare? Sjå filmen under (lengde 6:50) og lær meir.

Video: Leidar / CC BY-ND 4.0

Korleis blir vi ramma av klimaendringane?

For å forstå korleis klimaendringane rammar oss, skal vi no sjå nærmare på nokre konkrete konsekvensar, både i Noreg og andre stader i verda.

Nedbør og flaum

Ein av dei mest konkrete og dyraste konsekvensane av klimaendringane vi har hatt i Noreg til no, er flaum. Når klimaet blir varmare, blir regnvêret kraftigare sidan varm luft kan halde på meir fukt enn kald luft. Med meir nedbør kjem det òg meir snø i fjellet. Dersom snøen smeltar raskt om våren, kan vi få store vassmengder. Viss nedbøren og snøsmeltinga kjem samtidig, vil det vere stort potensial for ein flaum.

Nedbøren i Noreg har allereie auka med 20 prosent frå nedbørsmengda på 90-talet og vil halde fram auke med 7 prosent for kvar grad oppvarming (Miljødirektoratet, 2022). Flaumar som før kom kvart hundrede år, kan komme dobbelt så ofte som før. Flaumar som tidlegare kom kvart femte år, kan komme kvart år.

Tidlegare har vi bygd hus og vegar etter kor ofte det har vore flaumar. Dersom du vil bygge hus og det har vore éin flaum på tomta for over hundre år sidan, er det ikkje sikkert du ville brydd deg. Men om det var ein flaum i 2010 og ein i 1990 hadde du kanskje tenkt deg om ein gong til før du hadde sett opp eit hus der?

Tørke og hetebølger

Sjølv om det blir meir flaum og styrtregn, blir det faktisk òg fleire og lengre tørkeperiodar med hetebølger i eit varmare klima. Dette har store konsekvensar for Noreg, men òg for land lenger sør.

Tørke i Sør-Europa og Afrika

I Sør-Europa og store delar av Afrika er tørke og hetebølger blant dei mest alvorlege og kostbare konsekvensane av klimaendringar. Når temperaturen aukar, blir hetebølgene både hyppigare, lengre og meir intense. Ifølge IPCC (2022) er nettopp hetebølger, tørke og ørkenspreiing som følge av stigande temperaturar dei største utfordringane i områda rundt Middelhavet. I 2022 døydde meir enn 61 000 menneske i Europa som ei direkte følge av hetebølger. Denne typen dødsfall har stige med 30 prosent dei siste 20 åra (World Health Organization, 2025).

For mange menneske i Afrika, særleg i områda rundt Sahara, handlar ikkje dette berre om ubehageleg varme, men om helse, matforsyning og moglegheita til å bli buande. Desse regionane er allereie blant dei varmaste i verda, og når temperaturen stig ytterlegare, aukar risikoen for , matusikkerheit og svolt. Over tid tørkar jorda ut, noko som fører til at vegetasjonen forsvinn. Dette forsterkar ørkenspreiinga og gjer forholda for matproduksjon endå dårlegare (World Meteorological Organization, 2025, s. ii).

Tørke i Noreg

Sommaren i 2018 var store delar av Sør-Noreg utsett for langvarig tørke og skogbrannar. Dette førte til sviktande avlingar og store problem for landbruket.

Når klimaet blir varmare, aukar fordampinga frå jord og vatn. Varmare klima gjer òg at tørkeperiodane varer lenger enn før. Dette kan gi store konsekvensar som skogbrann og vassmangel.

Temperaturen i Noreg har allereie auka med 1,3 grad sidan starten av 1900-talet, og hetebølger blir både vanlegare og meir intense. I Noreg seier vi at det er ei hetebølge om vi har minst fem dagar på rad med temperaturar over 27 grader. Fleire stader på Austlandet opplever no omtrent dobbelt så mange slike periodar som for 30 år sidan (Jagland, 2025).

Sjølv om den totale nedbøren i Noreg har auka med nesten 20 prosent i same periode, fører høgare temperaturar til meir fordamping og tørrare jord om sommaren (Noregs vassdrags- og energidirektorat, 2016). Det betyr at vi kan få lengre periodar med lite vatn, låg vassføring i elver og høgare risiko for tørke.

Akkurat som med flaum har vi planlagt samfunnet etter eit klima vi ikkje lenger har. Når somrane bli tørrare, kan vi ikkje lenger basere oss på desse gamle erfaringane, men vi må planlegge for eit nytt klima.

Vippepunkt

Har du høyrt om sommarfugleffekten? Det går ut på at eitt vengeslag til ein sommarfugl i Sør-Amerika kan skape storm i Europa. Dette biletet blir ofte brukt for å beskrive korleis små endringar i naturen kan få store konsekvensar.

Noko av det ein er redd for med klimaendringane, er at ein skal nå vippepunkt, altså tersklar der ei lita endring kan få ein stor konsekvens, slik som med sommarfulgeffekten.

Vippepunktet Amazonas

Du har sikkert høyrt at Amazonas er verdas lunger? Den enorme regnskogen bruker fotosyntesen til å lagre CO2 frå atmosfæren, samtidig som han gir oss oksygen og druesukker. Amazonas har òg eit enormt biologisk mangfald. På grunn av global oppvarming og avskoging er Amazonas trua. Amazonas skaper i dag sitt eige regn. Viss skogen forsvinn frå store område, kan vi nå eit vippepunkt der nedbøren forsvinn. I så fall kan Amazonas bli ein savanne, og det vil bli nesten umogleg å få tilbake regnskogen.

Skogen blir òg hoggen og brend ned. Når dette skjer, blir CO2-en som er lagra i plantane, frigjord. Denne bidreg til meir oppvarming som igjen fører til meir brann og endå større utslepp. Amazonas-regnskogen lagrar like mykje karbon som verda slepper ut av CO2 på 15–20 år (Flores et al., 2024). At alt dette karbonet skal hamne i atmosfæren, er urealistisk, men sjølv ein liten reduksjon av Amazonas sin vil få store konsekvensar.

Vippepunkt kan altså gjere at temperaturen held fram med å stige sjølv om utsleppa går ned, og skape endringar som er permanente.

Kvar tidel tel

Har det noko å seie om vi hamnar på 2 eller 3 gradar oppvarming? Over har vi berre gått inn på nokre konsekvensar vi kan vente oss; lista kunne vore mykje lengre. For kvar tidels grad auke i temperaturen blir konsekvensane større.

Om vi kjem over 2-gradersmålet til Parisavtalen, risikerer vi å nå vippepunkt. Desse kan forsterke klimaendringane ytterlegare og gjere det endå vanskelegare å stoppe oppvarminga.

Derfor er det viktig å halde fram med å kutte utslepp, sjølv om det kan vere vanskeleg, fordi konsekvensane av å ikkje gjere det vil vere veldig mykje verre.

Test deg sjølv


Kjelder

Flores, B. M., Montoya, E., Sakschewski, B., Nascimento, N., Staal, A., Betts, R. A., Levis, C., Lapola, D. M., Esquivel-Muelbert, A., Jakovac, C., Nobre, C. A., Oliveira, R. S., Borma, L. S., Nian, D., Boers, N., Hecht, S. B., ter Steege, H., Arieira, J., Lucas, I. L., … Hirota, M. (2024). Critical transitions in the Amazon forest system. Nature, 113(626), 555–564. https://doi.org/10.1038/s41586-023-06970-0

Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC). (2022). IPCC Sixth Assessment Report: Impacts, Adaptation and Vulnerability: Cross-Chapter Paper 4: Mediterranean Region. https://www.ipcc.ch/report/ar6/wg2/chapter/ccp4/

Jagland, V. (2025, 8. juli). Vi får oftere hetebølger nå enn før. Meteorologisk institutt. https://www.met.no/nyhetsarkiv/vi-far-oftere-hetebolger-na-enn-for

Miljødirektoratet. (2022, 04. april.) Ekstremvær. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/fns-klimapanel-ipcc/dette-sier-fns-klimapanel/sjette-hovedrapport/ekstremvar

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). (2025, 22. januar). Klima, nå og i framtiden. https://www.nve.no/vann-og-vassdrag/vannets-kretsloep/klima/klima-naa-og-i-framtiden/

World Health Organization. (2025, 30. mai). Climate change and health. https://www.who.int/europe/news-room/fact-sheets/item/climate-change

World Meteorological Organization. (2025). State of the Climate in Africa 2024 (WMO no. 1370). https://library.wmo.int/idurl/4/69495

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 26.05.2026