Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Kvifor gjer vi ikkje meir med klimaendringane?

I 1992 vart alle landa i FN einige om at klimagassutsleppa måtte reduserast. Ein hadde sett at utsleppa var for høge og frykta konsekvensane. Over 30 år seinare stig utsleppa framleis. Kvifor er det så vanskeleg å kutte i utsleppa?

Film: Klimagassutslepp: Korleis måler vi dei? Og kven har skylda?

I filmen (lengde 4:59) får vi ulike tilnærmingar til spørsmålet om kven som har skylda for klimaendringane.

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Kven har skylda?

I samfunnet er det eit vanleg prinsipp at om du er skyldig i noko, må du betale for det. Er du uheldig og ryggar inn i ein bil, er du økonomisk ansvarleg for skadane på bilen du krasja med. Men kven er eigentleg ansvarleg for klimaendringane? Kven burde ta størsteparten av kutta?

Alternativ 1: utslepp per år

Kina slepper ut 12 milliardar tonn CO2, Noreg slepper berre ut 37 millionar. Reknar ein på denne måten, er det klart at Kina burde ta rekninga. Eller er det det?





Alternativ 2: årlege utslepp per innbyggar

For kvar nordmann finst det omtrent 250 kinesarar. Så sjølv om Kina slepper ut 300 gonger meir CO2enn Noreg, må vi korrigere for talet på innbyggarar. Bruker vi denne metoden, er forskjellen 8,55 tonn i Kina mot 6,67 tonn i Noreg.



Alternativ 3: forbruksbaserte utslepp

I rike land har ein eit høgt materielt forbruk. Høgt forbruk fører med seg høge CO2-utslepp. Med alternativ 1 og 2 kjem ikkje CO2-rekninga til landa som kjøper produktet, men til dei som produserer det. I dette alternativet får Noreg rekninga for produksjonen av alle varene vi kjøper.


Alternativ 4: totale utslepp frå 1750 til i dag

Europeiske land har brukt fossil energi til å komme seg ut av fattigdom, og med det sleppt ut mykje CO2 som i dag er i atmosfæren og varmar opp jorda. Er det ikkje meir rettferdig å rekne med dette i staden for kor mykje som blir sleppt ut i dag?

Klimakutt har ein pris

Om du er politikar og ønsker å få ned klimagassutsleppa, har du grovt sett to val. Du kan

  • gjere det dyrare å forureine, til dømes med CO2-avgifter

  • gjere det billigare å vere miljøvennleg, slik som med elbil

Om du vel å gjere det dyrare å forureine, til dømes ved å setje opp prisen på kjøtt, er det lett å bli upopulær, og det kan vere vanskeleg å bli valt igjen. Derfor kan det vere ei god løysing å gjere det billigare for folk å vere miljøvennleg.

I Noreg blir ofte elbilpolitikken trekt fram som eit godt døme på klimapolitikk som fungerer. I 2001 vart elbilar fritekne for moms, noko som i praksis gjorde dei 25 prosent billigare enn tilsvarande fossilbilar. Vidare fekk elbilsjåfører lov til å køyre i kollektivfelta og billigare bom- og ferjepengar, samtidig som ladenettet vart kraftig bygd ut. Dette har gjort at 95 prosent av alle selde nye bilar i 2025 var elektriske (Opplysningsrådet for veitrafikken, 2026).

Sjølv om desse tiltaka gjer at forbrukarane sparer pengar, krev utsleppskutt ein del endringar som kan vere dyre for samfunnet. Elbilfordelane i Noreg har blitt anslått å koste rundt 17,5 milliardar årleg (Finansdepartementet, 2025).

Prisen på elbiltiltaka er likevel liten i forhold til kva det ville ha kosta samfunnet å fase ut Noregs største bidrag til global oppvarming. I Noreg står olje- og gassutvinning for nesten 25 prosent av dei totale utsleppa (Norsk klimastiftelse, u.å.). Samtidig er denne sektoren knytt til over 200 000 arbeidsplassar og over 20 prosent av (Energidirektoratet & Sokkeldirektoratet, 2025; Sokkeldirektoratet, 2024).

Burde Noreg slutte med olje- og gassutvinning for å nå klimamåla? Burde vi halde fram som før, kjøpe for å nå måla og på den måten flytte kostnaden over på fattigare land? Eller burde vi bruke kraft frå fastlandet til å elektrifisere olje- og gassutvinninga? Då vil utsleppa bli lågare, men straumprisen vil bli høgare for meg og deg.

Kvifor bryr vi oss ikkje meir?

Klarer du å hugse den første gongen du høyrde om klimaendringane og kor alvorlege dei var? Sannsynlegvis var du ikkje særleg gammal, og sannsynlegvis har du høyrt den same bodskapen mange gonger i ettertid. Likevel slit mange av oss med å ta alvoret heilt innover oss. Kvifor er det slik? Per Espen Stoknes (2017) peiker på tre moglege forklaringar: avstand i tid, avstand i rom og avstand i person.

Avstand i tid

Når vi les åtvaringar om at havnivået stig, og at det kan setje millionar av menneske i fare innan 2050, veit vi at dette er alvorleg. Likevel er 2050 lenge til for mange. Når noko ligg såpass langt fram i tid, blir det lettare å tenke at det ikkje vedkjem oss akkurat no.

Avstand i rom

Det er òg lettare å engasjere seg i det som skjer nært oss. Mange ser kanskje for seg at havnivåstigning først og fremst vil ramme små øystatar eller kystområde langt unna. Når konsekvensane skjer ein annan stad i verda, blir det vanskelegare å kjenne at saka angår oss personleg.

Avstand i person

Det betyr òg noko kven som blir ramma. Når konsekvensane blir omtalte i store tal og generelle beskrivingar, utan konkrete menneske og ansikt, kan dei kjennast mindre verkelege. Det er ofte lettare å engasjere seg når vi kan knyte ei sak til enkeltmenneske vi kan leve oss inn i.

Korleis kan vi få til kutt i framtida?

Sjølv om situasjonen er alvorleg og stega som blir tekne er for små, skjer det mykje bra. Tidlegare har det vore slik at land på veg ut av fattigdom vel fossil energi for å få fart på økonomien sin. Dette er i ferd med å snu. I første halvdel av 2025 gav sol- og vindkraft for første gong meir energi enn kol på verdsbasis (Ambrose, 2025).

Dei vestlege landa har ofte vore villige til å kutte, men dette kunne ikkje skjedd utan at dei største utsleppslanda og utviklingsland hadde valt fornybart. Kina, det største utsleppslandet i verda, reduserte utsleppa sine i 2025, og ei viktig årsak til det var at dei satsa stort på solkraft (Myllyvirta, 2025). I afrikanske land ser vi at omfattande solkraftprosjekt blir sett i gang. I Nigeria skal solkraft etter kvart gi straum til 17,5 millionar menneske (World Bank Group, 2024).

Denne utviklinga er i stor grad gjord mogleg av at solkraft no ofte er den billigaste forma for energiproduksjon (Evans, 2020). Når det er økonomisk gunstig å vinne ut energi på andre måtar enn med olje og gass, kan det vere dyttet vi treng for å få fart på det grøne skiftet.

Test deg sjølv

Kjelder

Ambrose, J. (2025, 7. oktober). Global renewable energy generation surpasses coal for first time. The Guardian. https://www.theguardian.com/environment/2025/oct/07/global-renewable-energy-generation-surpasses-coal-first-time

Energidirektoratet & Sokkeldirektoratet. (2025, 16. desember). Arbeidsplasser. Norskpetroleum.no. https://www.norskpetroleum.no/okonomi/arbeidsplasser

Evans, S. (2020, 14. oktober). Solar energy is now 'cheapest electricity in history', confirms IEA. World Economic Forum. https://www.weforum.org/stories/2020/10/solar-energy-cheapest-in-history-iea-renewables-climate-change

Finansdepartementet. (2025, 15. oktober). Foreslår nedtrapping av elbilsubsidier. Regjeringen.no. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/foreslar-nedtrapping-av-elbilsubsidier/id3124394

International Energy Agency. (2025, oktober). Renewables 2025: Analysis and forcasts to 2030. https://iea.blob.core.windows.net/assets/76ad6eac-2aa6-4c55-9a55-b8dc0dba9f9e/Renewables2025.pdf

Myllyvirta, L. (2026, 12. februar). Analysis: China’s CO2 emissions have now been 'flat or falling' for 21 months. Carbon Brief. https://www.carbonbrief.org/analysis-chinas-co2-emissions-have-now-been-flat-or-falling-for-21-months/

Norsk klimastiftelse. (u.å.). Klimagassutslipp. Tilnull.no. Henta 27. april 2026 frå https://www.tilnull.no/klima/klimagassutslipp?cat1=OIL_AND_GAS

Opplysningsrådet for veitrafikken. (2026, 2. januar). 2025 ble tidenes rekordår for bilsalget. https://ofv.no/aktuelt/2026/2025-ble-tidenes-rekord%C3%A5r-for-bilsalget

Sokkeldirektoratet. (2024, 21. august). Tre mulighetsbilder for norsk sokkel mot 2050. https://www.sodir.no/aktuelt/publikasjoner/rapporter/ressursrapporter/ressursrapport-2024/mulighetsbilder/

Stoknes, P. E. (2017). Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming. Tiden.

World Bank Group. (2024, 30. juni). Expanding Nigeria’s mini grid market. https://www.worldbank.org/en/news/feature/2025/03/07/expanding-nigeria-s-mini-grid-market

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 05.04.2026