Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Korleis ser eit klimavennleg samfunn ut?

Korleis vil Oslo sjå ut i ei framtid med låge klimagassutslepp og tilpassa klimaet i framtida? Vi har bede eit KI-verktøy om å lage nokre forslag. Klarer du å kjenne igjen nokre klimatiltak?

Førebuing

I denne oppgåva skal du prøve å kjenne igjen klimatiltak og klimatilpassing i KI-genererte bilete. For å klare det må du ha litt kjennskap til kva klimatiltak og klimatilpassing er. Før du byrjar, kan det derfor vere lurt å lese artikkelen "Klimatiltak og klimatilpassing".

1. Studer KI-genererte bilete

Under finn du fleire bilete som er inspirerte av norske byar, og som skal førestille ein by i Noreg i år 2100. Byane skal vere prega av ulike klimatiltak og klimatilpassing. Klikk deg gjennom bileta og prøv å svare på spørsmåla under.

  1. Kva klimatiltak kjenner du igjen i bileta?

  2. Finn du døme på klimatilpassing i bileta?

  3. Klarer du å kjenne igjen kva for ein norsk by eller kva område dei ulike bileta skal førestille?

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

2. Reflekter

  1. Trur du det er slik klimatiltak og klimatilpassing vil sjå ut i framtida?

  2. Kva er realistiske tiltak, og kva er eventuelt ikkje det?

3. Lag ditt eige framtidsbilete

Bruk ei KI-teneste du har tilgang til, og lag eit bilete av heimstaden. Her er nokre tips for eit godt resultat:

  • Ver konkret om kva klimatiltak og klimatilpassingar du ønsker. Om du skriv at du ønsker eit bilete av ein by med flaumdemping og andre klimatiltak, blir det antakeleg betre enn om du berre skriv klimatiltak.

  • Prøv deg fram med ulike bestillingar. Beskriv landskapet eller klimatiltaka tydeleg, eller prøv å gi KI-tenesta meir frie taumar for å sjå kva som gir best resultat.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.
Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 22.06.2026