Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Feltarbeid: Klimatilpassing i nærområdet

Korleis kan ein merke klimaendringar der du bur? I denne oppgåva undersøker du korleis nærområdet ditt tilpassar seg meir ekstremvêr og andre følger av klimaendringar.

1. Førebuing i klasserommet

A. Film og felles diskusjon

Sjå filmen Klimatiltak eller klimatilpassing? (lengde 9:46). Han viser nokre døme på korleis ein kan jobbe med klimatiltak og klimatilpassing i eit område.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Snakk saman i klassen om korleis klimaendringar kan føre til meir nedbør, flaum, skred eller tørke, og kva utfordringar dette kan gi i nærområdet dykkar.

B. Gruppevis førebuing

Jobb i grupper på tofire elevar. Kvar gruppe formulerer eit spørsmål som de skal undersøke og finne svar på i nærleiken av skulen. Døme på aktuelle spørsmål:

  • Kva skjer med regnvatnet når det kjem mykje nedbør på kort tid?

  • Kva tilpassingar har vi for å hindre flaum eller skred?

  • Finst det vegetasjon eller grøntområde i nærleiken? Korleis kan dette bidra til klimatilpassing?

  • Finn døme på korleis veg, bygningar eller anlegg i nærområdet er tilpassa til å tole konsekvensar av klimaendringar.

2. Undersøkingar i felt

Gå ut i nærområdet (rundt skulen, i sentrum, langs ei elv eller i eit bustadområde) og finn svar på spørsmålet de ønsker å undersøke. Sjå etter og dokumenter døme på klimatilpassingar. Bruk gjerne mobilkamera og ta notat.

Tips til kva de kan sjå etter

Dreneringsløysingar, opne bekker eller liknande

Flaumsikringar, murar eller andre fysiske tilpassingar

Plantning eller grøne område

Tilpassingar i infrastruktur

3. Etterarbeid

A. Gruppene deler funna sine

Ta ein runde i klasserommet der kvar gruppe deler funna sine frå feltarbeidet.

  • Kva klimatilpassingar fann de?

  • Kor godt meiner de at tilpassingane fungerer i dag?

B. Felles diskusjon

Diskuter desse spørsmåla i klassen:

  • Korleis kan klimatilpassingar bidra til å førebygge skadar frå klimaendringar?

  • Kva konsekvensar kunne oppstått utan tilpassingane?

  • Kva nye klimatilpassingar foreslår de for nærområdet?

Tips til læraren

Undersøk gjerne klimaframskrivingar (Norsk klimaservicesenter) for nærområdet dykkar saman med elevane som ein del av oppstarten før dei startar med førebuingar i grupper.

Ei mogleg utviding av oppgåva er å bruke lokale analysar og kartdata for å vurdere om tilpassingane samsvarer med risiko i området:

  • kommunale ROS-analysar

  • faresonekart og aktsomshetskart for flaum- og skredfare (NVE)

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 06.02.2026