Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein semiotisk analyse av Mona Lisa

I ein semiotisk analyse skal du beskrive dei meiningsberande teikna teksten består av, og kva betydning dei kan ha. Leonardo da Vinci har måla det verdskjende biletet Mona Lisa. Studer detaljane i biletet, og forsøk å setje ord på det du ser.
Ein trekant. I nedste venstre hjørne er ei vêrdame som presenterer sol over Noreg. Linja vidare mot venstre hjørne er stipla, med teksten "står for". Ved høgre hjørne står teksten "den faktiske sola". Frå vêrdama opp til topphjørnet av trekanten er det ei heiltrekt linje med teksten "gir meining". I topphjørnet ser vi ei dame oppfatte "sol" i ei tankeboble. Ned igjen til høgre hjørne er ei heiltrekt linje med teksten "forstår dette som". Og som tidlegare nemnt, står det "den faktiske sola" i dette hjørnet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Semiotisk analyse av ein visuell tekst

I denne oppgåva skal du beskrive dei visuelle teikna du finn i eit av verdas mest kjende måleri. Du skal òg reflektere over kva desse teikna betyr.

Oppgåve 1) Beskriv det du ser

Beskriv visuelle teikn i måleriet Mona Lisa (ca. 1503–1519) av Leonardo da Vinci. Dette biletet er eit av dei mest kjende kunstverka i verda.

  1. Beskriv personen midt i biletet: alder, kjønn, klede, positur, kroppsspråk.
  2. Beskriv gjenstanden i framgrunnen.
  3. Beskriv det du ser i bakgrunnen. Her er det mange detaljar, så ver nøye!
  4. Beskriv lyset i biletet: Kvar kjem lyset frå? Kva er opplyst, og kva ligg i skuggen?
  5. Beskriv fargane som er brukte i måleriet.

Oppgåve 2) Samanlikn beskrivingar

  1. Samanlikn beskrivinga di med beskrivinga til ein medelev. Kva er likt? Kva er ulikt?
  2. Ta utgangspunkt i noko de har beskrive ulikt, og diskuter om dette kan kome av at de ikkje berre har beskrive, men også tolka det de ser.

Oppgåve 3) Tolk det du ser

Når du tolkar, tillegg du meining til det du ser.

  1. Kva fortel positur og påkledning deg om personen Mona Lisa?

  2. Kva fortel omgivnadene ho blir framstilt i, om denne personen og den tida ho lever i?

  3. Korleis påverkar val av lys, skuggar og fargar opplevinga di av Mona Lisa?

  4. Mona Lisa er kjend som kvinna med det mystiske smilet. Kva fortel blikk og ansiktsuttrykk deg om kven ho eigentleg er?

Relatert innhald

Ein biletanalyse inneheld tre steg: skildring, analyse og tolking.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse av medieuttrykk