Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk reklame i sosiale medium

Sosiale medium skreddarsyr reklame for brukarane sine. Beskriv reklame du møter i sosiale medium i dag, og vurder form og innhald.
Kollasj som viser overkroppen til ein ung mann. Han held ein mobiltelefon i handa og tastar på han. Til venstre for mannen er det plassert ei rekkje ikon for sosiale medium, som Facebook, Twitter YouTube, Vimeo osv. Rett over handa med mobiltelefonen står teksten "hashtag reklame" med nokså stor skrift. Foto.
  1. Kva for typar reklame dukkar opp når du er på sosiale medium som Facebook, Instagram, Snapchat m.m.?

    • Skriv ned dei ti første reklamane og sponsa innlegg du får opp i utvalet ditt av kanalar.

    • Vel tre av desse og jobb vidare med dei.

    • Beskriv produkt, medietypar som blir brukte og retoriske verkemiddel.

    • Tolk bodskap og vurder målgrupperetting.

    • Reflekter over kvaliteten på reklamane, distribusjonen i gitt kanal og om reklamane treffer deg som representant for målgruppa.

  2. Del arbeidet ditt med andre.
  3. Ranger dei ulike reklamane de har valt etter kvalitet, og argumenter for kvifor dei første reklamane på lista er betre enn dei siste.
  4. Diskuter årsaka til at nettopp de får dei reklamane de har vurdert.
  5. Summer opp arbeidet de har gjort: Korleis ville de sørgt for å utforme og distribuere reklame for å nå fram til målgruppa de representerer, og kvifor?
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon