Hopp til innhald

Fagstoff

Smilefjesordninga

Frå januar 2016 vart det innført smilefjesordning i Noreg. Når inspektørane frå Mattilsynet har gjennomført eit tilsyn, får serveringsstaden ein smilefjesrapport som viser resultatet.
Tilsynsresultat frå smilefjesordninga heng på ei dør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trygg mat

Føremålet med smilefjesordninga som Mattilsynet har starta, er tryggare mat på serveringsstader og betre hygieneforhold. Ved hjelp av smilefjeset kan forbrukarane raskt finne ut om spisestaden blir driven slik at maten som blir servert, er trygg.

Dette betyr smilefjesa

Smilande munn

Mattilsynet har ikkje funne brot på regelverket, eller har berre funne bagatellmessige brot på regelverket og gjort merksam på dette.

Strekmunn

Mattilsynet har funne brot på regelverket og gitt førehandsvarsel eller gjort nødvendige vedtak. Etter at bedrifta har retta opp i eventuelle feil, gir dei melding til Mattilsynet om det. Dei har då krav på eit nytt tilsyn innan ti dagar.

Sur munn

Mattilsynet har funne alvorlege eller gjentekne brot på regelverket og gitt førehandsvarsel eller gjort nødvendige vedtak. Same ordning for retting av feil som ved strekmunn.

Kven gjeld smilefjesordninga for?

Forskrifta gjeld i hovudsak for restaurantar og kaféar. Nærare bestemt står det i forskrifta at alle som serverer og omset mat, skal vere knytte til smilefjesordninga. For at bedrifta skal vere knytt til ordninga, må maten etast på staden.

Forskrifta gjeld ikkje for kantiner, matservering på institusjonar, bensinstasjonar eller storkioskar.

Dette skjer på tilsyn

Når Mattilsynet kjem på smilefjestilsyn, er det fire område innanfor matlovgivinga som blir kontrollerte av inspektøren:

  • leiing og rutinar
  • lokale og utstyr
  • korleis ein handterer og lagar til maten
  • om maten er merka og kan sporast

Under desse områda finst det faste kravpunkt. Mattilsynet går gjennom mange av desse kravpunkta ved kvart tilsyn.

Bli med på et smilefjestilsyn

Denne filmen frå Mattilsynet viser korleis dei jobbar med smilefjesordninga si. Kva skal til for at serveringsstader og bedrifter som arbeider med mat, skal få eit smilefjes etter eit tilsyn?

Tilsynsresultat

Når tilsynet er avslutta, får verksemda eit smilefjessymbol: smilefjes, strekmunn eller sur munn. Den dårlegaste karakteren på dei punkta som Mattilsynet har kontrollert, bestemmer smilet. Tilsynsresultatet skal hengast opp godt synleg for deg som vurderer å ete der. Resultata frå smilefjestilsynet blir òg publiserte på matportalen.no/smilefjes.

Regelverket er ikkje endra

Smilefjestilsyn inneber inga endring i regelverket som Mattilsynet allereie fører tilsyn etter. Regelverket er laga for å sikre at maten som blir servert er trygg å ete. Serveringsstadene pliktar å følge dette regelverket kvar dag, heile året.

Kokk anretter mat på kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelde

Mattilsynet. (2023, 31. januar). Dette ser vi etter på smilefjestilsyn. https://www.mattilsynet.no/mat-og-drikke/matservering/smilefjes-tilsyn

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim. Rettshavar: Mattilsynet
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Hygiene og mikrobiologi