Hopp til innhald

Fagstoff

Innføringa av eineveldet i Danmark-Noreg

Eineveldet I Danmark-Noreg blei innført gjennom eit dramatisk kupp i løpet av nokre dagar i september og oktober 1660. Kongen og krinsen rundt han greidde i løpet av desse dagane å ta makta frå både stenderforsamlinga og riksrådet.
Mann i rikt utsmykka rustning til hest i forgrunnen. Bak kan ein sjå fleire menn i adelsklede. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Monarkiet blei gjort arveleg, og kongen fekk rett til sjølv å utforme forfatninga. Forfatninga sette opp retningslinjene som kongen skulle styre etter. For å forstå det dramatiske kuppet og kvifor eineveldet blei innført, må vi sjå nærmare på det som skjedde før kuppet.

Situasjonen før 1660

Kong Kristian 4. døydde i 1648. Men tronfølgjaren, den eldste sonen til kongen, som stenderforsamlinga hadde hylla alt i 1610, var død året før. Derfor var tronfølgjarsituasjonen uavklart då kongen døydde. Riksrådet, som skulle velje tronfølgjar, stod derfor sterkt i forhandlingane med den andre sonen til kongen, Fredrik 3. Riksrådet brukte dette til sin fordel, og handfestinga, eller avtalen, med Fredrik 3., batt kongen sterkare enn nokon gong til det danske valmonarkiet og til riksrådet.

I 1660 blei dette snudd tvert om gjennom innføringa av eineveldet. Den utløysande faktoren var Karl Gustav-krigane mot Sverige, som hadde tømt statsfinansane. For å sikre nye inntekter kalla kongen og riksrådet inn stenderforsamlinga for å forhandle fram ei ny avgift på luksusforbruk.

Kuppet

Stendene var i utgangspunktet villige til å gå med på den nye avgifta, men det var usemje om korleis ho skulle fordelast. Adelen ville sjølv bestemme kor mykje dei skulle betale. Borgarane og dei geistlege allierte seg. Dei la saman fram eit økonomisk reformprogram som rett nok godtok den nye avgifta, men som òg innebar omfattande nedskjeringar i dei militære utgiftene. I tillegg ønskte dei jamlege stenderforsamlingsmøte, der stendene skulle vere likestilte, og dei skulle ha større innverknad på viktige offentlege saker.

Stendene var blitt samla i september. I byrjinga av oktober 1660 skaut forhandlingane fart. Borgarane og dei geistlege la fram eit forslag om at kongen skulle ha arverett. Det blei avvist av riksrådet, som fram til då hadde rett til å velje tronarving. Kongen bad likevel riksrådet og adelen ta stilling til forslaget. For å sikre at adelen ikkje saboterte forhandlingane ved å forlate stenderforsamlinga, innførte kongen militær unntakstilstand. Han sette hæren til å sperre adelen inne i København til dei gav opp! Kort tid etter vedtok dei tre stendene å gi etterkomarane til kongen arverett til trona.

Kongen reagerte raskt og sette ned eit utval som skulle vurdere korleis arveretten fekk konsekvensar for måten å styre riket på. Ei kort veke etterpå konkluderte utvalet med at handfestinga frå 1648 måtte opphevast. I staden skulle kongen sjølv utforme forfatninga.

Då kongen og medarbeidarane hans i januar 1661 la fram den nye forfatninga, stod det ikkje lenger noko om representasjon frå stendene eller innkalling av stenderforsamlinga. Forfatninga gjekk berre på ein runde for signering til medlemmene av riksrådet og til adelsmenn, prestar og embetsmenn rundt om i landet. Ved å underskrive gjorde dei ikkje berre monarkiet arveleg og kongen eineveldig. Dei gav han samtidig makt til å utforme si eiga styreform og arvefølgje! Samtidig skreiv dei under på ikkje å kritisere eller motarbeide kongen.

Bok fylt med mange radar med underskrifter i blekk og vokssegl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eineveldet vidare

Sjølv med ny statsform hadde krona likevel framleis dei same økonomiske utfordringane som før. Gjelda som den dansk-norske staten hadde samla gjennom alle krigane i første halvdel av 1600-talet, måtte betalast. At kongen heldt fram med ein aktiv krigførande politikk, gjorde at pengebehovet heller ikkje blei mindre.

Krona nytta seg av fleire løysingar for å skaffe pengar. Den eine var å selje krongods, det vil seie eigedommar som kongen åtte. Ved reformasjonen hadde kongen teke over kyrkja sine eigedommar. Mange av desse eigedommane blei etter 1660 selde til private. I forlenging av dette salet blei det òg opna for sal av adelstitlar og privilegium. Dette fungerte både som ein måte å få inn pengar på og som ei påskjøning for lojalitet til kongen.

Høgre skattar og avgifter var andre tiltak som blei gjennomførte. Det blei innført mange ekstraskattar. Dei var mellombels og skulle løyse heilt konkrete pengebehov, mellom anna deltaking i krig eller reparasjon av krigsskadde byar. I tillegg skulle dei òg syte for finansiering av spesielle tilstellingar, til dømes kongelege giftarmål.

I nokre tilfelle tydde kongen òg til utblanding av mynten. Det vil seie at han blanda bly eller anna metall i myntane av sølv eller kopar. Slik blei pengane mindre verde enn den verdien som stod på dei. Ulempa med dette var at kreditorane ikkje likte å få betalt i pengar med lågare verdi, og slik utblanding blei derfor berre brukt i nokre få tilfelle.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 16.10.2017

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt