Begrep

Hummar

Publisert: 25.08.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Sesong

Oktober–desember

 

Storleik

Opptil 50 cm og 4 kg

 

Utbreiing

Europeisk hummar finst langs heile norskekysten, men står i dag på raudlista, og fisket er avgrensa: Reglar for hummarfisket 

 

Med andre ord

Latin: Homarus gammarus

Engelsk: Lobster

Fransk: Homard

Tysk: Hummer

Hummer. Foto.   

Den europeiske hummaren er eit dei største krepsdyra våre. Han veks seint, berre 2–3 cm per år, og hoene vert først kjønnsmodne når dei er om lag 23 cm store. Hummaren trivst berre på grunt vatn ned mot 40 meters djup, og vil ha fjell- og steinbotn der han kan finna gode gøymestader. Han lever av muslingar, skjel, kråkebollar, mark og død fisk.

Hummer i fiskedisk. Foto.Som fleire andre krepsdyr vert hummaren raud når han vert kokt. Musklane i kloa er blant dei kraftigaste i dyreriket, og det er god grunn til å setja strikk på klørne når du skal handtera levande hummar.  

 bilde av  hummerhaler med sennepsmajones og grønnsakschipsHummarhalar er verkeleg ein delikatesse – her servert med sennepsmajones og grønsakschips.  

Hummaren gyter om sommaren, og hoa ber rogna vinteren over til klekking i juni–juli eitt år seinare. Larven sym omkring i ca. 3–4 veker og byter skal fleire gonger inntil han søkjer seg ned mot botnen. Då er han vorten om lag 18 mm lang.

Fangst og fangstreiskapar

Det har skjedd ein dramatisk nedgang i hummarbestanden i farvatna våre dei siste 50 åra, og det er derfor innført reglar for freding og minstemål. Den einaste lovlege fangstreiskapen er hummarteine.

Forsøk med å utvikla hummaroppdrett i Noreg er sette i gang. Det er ein utfordrande art å arbeida med, for hummaren er kannibal, og individene må derfor haldast skilde frå kvarandre. Det vert òg drive havbeite på og utsetjing av for å styrkja lokale bestandar.

Amerikansk hummar er registrert i våre farvatn, men han er uønskt og svartelista.

Bruk

Hummaren vert seld levande, kokt, djupfrosen eller hermetisert. Kokt hummar vert for det meste brukt naturell, men han kan gjerne lagast til som kald eller varm rett. Naturell er han smakfull med ein godt krydra dressing i staden for den tradisjonelle majonesen.

Næringsinnhald

Hummar har mykje vitamin B12 og E og sink. Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhaldet. Sjå også sjømatdata.

Hummar
Opphavsmann: Terje Røssland
Leverandør: Høgskolen i Bergen

Relatert innhald

Generelt