Hopp til innhald

Fagstoff

Medialisering av samfunn og kultur

Media har ein innebygd dynamikk som påverkar og endrar samfunn og kultur. Samtidig er medieutviklinga påverka av endringar i samfunnet. Ein slik prosess blir kalla medialisering.
Små dokkefigurar står og ser mot ein gammaldags TV med antenne på. Det kjem lys ut frå skjermen. Ein av dokkefigurane peiker mot skjermen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samfunnsutvikling og medialisering

Til alle tider har vi menneske nytta medium til å formidle førestillingane vi har om verda. Gjennom språk og bilete gjer vi tankane våre tilgjengelege for andre. Holemåleri og helleristingar fortel oss som lever i dag, noko om korleis forfedrane våre tenkte.

Den teknologiske revolusjonen på 1700- og 1800-talet gjorde det mogleg å masseprodusere medieuttrykk, og opna nye mediekanalar for formidling av lyd og levande bilete. Den digitale revolusjonen på slutten av 1900-talet gav nærast uavgrensa tilgang til informasjon, nye digitale tenester og nye måtar å samhandle på.

Medieutviklinga har endra mange sider ved det norske samfunnet. Samtidig har den generelle samfunnsutviklinga endra medieinnhaldet og -uttrykket òg. Denne prosessen blir kalla .

Medialisering av den offentlege samtalen

Eit døme på medialisering av samfunnet er at dei viktigaste politiske debattane ikkje lenger går føre seg i stortingssalen, men på TV-skjermen og i sosiale medium.

Den politiske retorikken tilpassar seg medieformata og -kanalane debattane går føre seg i.

Medialisering av den offentlege samtalen

Slik gjekk debattane føre seg i barndommen til fjernsynet på 1960-talet:

Slik kan debatten fortone seg på Facebook i dag:

Facebook-kontoen til Sylvi Listhaug med bilete av maskerte framandkrigarar og teksten "Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet". Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi lever i ein mediekultur

I dag er ein kvardag utan medium nærast utenkjeleg. Media er vår viktigaste kjelde til informasjon og underhaldning. I tillegg skjer mykje av kommunikasjonen og samhandlinga oss menneske imellom gjennom media.

Sosiologane Peter Berger og Thomas Luckmann meiner at den sosiale verda blir konstruert gjennom samhandling mellom menneske. Eit slikt tankesett blir kalla sosialkonstruktivisme. Viss mange nok av oss forstår eit fenomen og samhandlar rundt det på ein bestemd måte, vil det til slutt stå fram som ei objektiv sanning, og den einaste måten å forstå verda på.

Kulturforskaren Stuart Hall retta blikket mot korleis representasjon i medium og ulike kulturuttrykk formar identiteten vår. For han betydde "representasjon" ikkje berre ei nøytral attgjeving av røyndommen, men ein rekonstruksjon av han. Ord og bilete i medieforteljingar påverkar korleis vi oppfattar menneske og hendingar.

I eit medialisert samfunn gir media oss derfor ikkje berre eit bilete av verda, men formar langt på veg den oppfatninga vi i fellesskap har av røyndommen, og måten vi fortolkar det vi opplever på.

Finst det som ikkje finst på nettet?

Har du nokon gong prøvd å vere heilt fråkopla alt som heiter medium?

Enkelte personar som har teke ein pause frå sosiale medium, kan fortelje at dei får ei oppleving av å ikkje finnast.

Formaterte medieframstillingar

Media har sin eigen dynamikk som formar, eller formaterer, måten ei sak blir framstilt på:

Forsterkning

Media blæs opp ei sak slik at hendingar og konfliktar verkar større enn dei er, og framstillinga blir spreidd til mange i løpet av kort tid.

Forteljemåte

Media vinklar alltid ei sak ut frå eit bestemt perspektiv. Det styrer oppfatninga vår av det som blir formidla.

Forankring

Media bestemmer kven historiene dei fortel, skal handle om. Dei som får fortelje historiene sine, har makt til å definere røyndommen.

Reklame for Lipton te frå 1976. Ein familie sit rundt eit bord og drikk te. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medium og populærkultur

Kulturelle sjangrar som har stor utbreiing og popularitet, blir definerte inn under paraplyen . Døme på populærkulturelle uttrykk er filmar, TV-seriar, dataspel og popmusikk.

Utvikling av nye medium, kanalar og format har bidrege til at populærkulturen har fått ein meir dominerande plass i kvardagen vår. Det betyr også at populærkulturelle medieuttrykk bidreg til å prege oppfatninga vi har av oss sjølve og av andre menneske.

Dramaserien Rådebank skildrar livet som rånar på bygda. Er serien med på å skape respekt og forståing for bygdeungdom, eller bidreg han til å forsterke stereotypiar og fordommar ?

Medialisering og mediekritisk tenking

Medieforteljingar kan skape respekt og forståing mellom folk og kulturar, men også stereotypiar og fordommar. Derfor er det viktig å møte media si framstilling av røyndommen med eit kritisk blikk, anten det dreier seg om journalistikk eller populærkulturelle framstillingar.

Viktige omgrep

Kjelder

Hall, S. (1989). Cultural identity and diaspora. Framework: the journal of cinema and media, vol. 36, 222–237.

Innst. S. nr. 252 (2004-2005). Innstilling fra Den særskilte komité nedsett av Stortinget 18. mars 2005 for behandling av St.meld. nr. 17 (2004-2005) Makt og demokrati. Den særskilte komité for behandling av St.meld. nr. 17 (2004-2005) Makt og demokrati. https://www.stortinget.no/no/saker-og-publikasjoner/publikasjoner/innstillinger/stortinget/2004-2005/inns-200405-252/7/

Lundby, K. (2021). Religion i medienes grep: Medialisering i Norge. Universitetsforlaget.

Tjora, A. (2020, 3. desember). Sosialkonstruktivisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1310473

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Caroline Nesbø Baker .
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media