Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Alminneleggjering og annleisgjering av religion

I denne oppgåva skal du studere døme på alminneleggjering og annleisgjering av religion i populærkultur, journalistikk og mediekommunikasjon. Bør media stille seg kritiske eller tolerante til religiøse ytringar som bryt med allmenn forståing av religion?
Kvinne med nikab og svart heildekkjande drakt i ein kiosk med magasin og CD-plater. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobb gjerne saman to og to med desse oppgåvene.

Oppgåve 1: Forklar omgrepa

Les artikkelen "Religion og medialisering", som du finn under relatert innhald nedanfor.

Ifølgje sosiologen Ann Kristin Gresaker bidreg populærkulturen både til å alminneleggjere og til å annleisgjere religionen.

Kva legg ho i desse omgrepa?

Oppgåve 2: Religion i skrekkfilmen Eksorsisten

Den berømte skrekkfilmen Eksorsisten (1973) handlar om ei lita jente som blir besett av demonar, og viser korleis religiøse leiarar praktiserer djevleutdriving.

Sjå ei scene frå Eksorsisten på YouTube (Movieclips, 2011).

Representerer denne filmen ei alminneleggjering eller ei annleisgjering av fenomenet religion? Grunngi svaret med døme.

Oppgåve 3: Religion og populærmusikk

Studer scenebiletet av black-metal-bandet Satyricon.

Vokalisten i Satyricon på scena. Han har langt hår, svart singlet og svart bukse med naglar, naglearmband, tatovert overarm og eit kors som heng opp ned rundt halsen. I bakgrunnen er det kandelabrar, og veggen bak scena er dekorert med eit stort djevelansikt og logoen til Satyricon. Bokstaven o i logoen inneheld eit korssymbol, og bokstaven y ser ut som ein totanna djevelgaffel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er ein satyr, og kvar er førestillinga om satyrar henta frå?

  2. Kvifor har bandet teke namnet Satyricon, trur du?

  3. Representerer musikken og måten dei opptrer på på scena, ei alminneleggjering eller ei annleisgjering av fenomenet religion? Grunngi svaret med døme.

Oppgåve 4: Prinsessa og sjamanen

Studer innhaldet på nettsida The Princess and the Shaman.

Prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek Verrett ser smilande på kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kven står bak denne nettsida?

  2. Forklar omgrepa sjaman og sjamanisme.

  3. Les teksten og sjå videoen. Representerer bodskapen som blir formidla på denne nettsida, ei alminneleggjering eller ei annleisgjering av religion? Grunngi svaret med døme.

  4. Kvifor har prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett så mange følgjarar på Instagram, trur du?

Oppgåve 4: Debatt om religiøse ytringar og kritisk journalistikk

Les denne artikkelen frå 2019 i Dagens Næringsliv: "Refusert sjaman hardt ut mot norsk presse: – Mobbere"

Diskuter i klassen:

  • Er Durek Verretts kritikk av norsk journalistikk rettferdiggjord?

  • Bør norsk journalistikk vere religionskritisk?

  • Eller bør journalistar vise toleranse i omtale av personar som gir uttrykk for utradisjonelle religiøse førestillingar?

Relatert innhald

I eit medialisert samfunn bidreg media til å forme og endre religiøse førestillingar og religiøs praksis.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media