Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve: Brølet frå bygda

Øv deg på å løyse ei skriftleg oppgåve som handlar om kulturell identitet, konfliktar mellom by og land og medialisering.
 Ein person i skjorte, sett frå halsen til livet, trykkjer på eit nettbrett. Store og små bokstavar svirrar i lufta i framgrunnen, i bakgrunnen er det eit verdskart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppgåva er

  • å vise at du kjenner til og forstår sentrale omgrep som handlar om kultur og medialisering

  • å vise at du kjenner til nokre grunnleggjande teoriar om kulturell identitet

  • å vise at du forstår korleis globalisering, urbanisering og medialisering påverkar den oppfatninga vi har av oss sjølve, og av andre menneske

Oppgåve 1) Forklar desse omgrepa

  • medialisering

  • kulturell kapital

  • urbanisering

  • stereotypi

  • fordom

Oppgåve 2) Forklar ein kulturteori for ein 10.-klassing

Forklar med eigne ord David Goodharts teori om samanhengen mellom kulturell identitet og faktorar som tilknyting til heimstad, utdanningsnivå og verdisyn.

Forklaringa skal vere så enkel at ho er mogleg å forstå for ein elev som går i 10. klasse på ungdomsskulen.

Oppgåve 3) Medium og kultur

I samband med stortingsvalet i 2021 dukka det opp mange forteljingar i media om folkeleg opprør i Bygde-Noreg, retta mot det som vart omtalt som kulturarrogansen til makteliten. Slike forteljingar kjem til dømes til uttrykk i NRKs dokumentarserie Brølet fra bygda.

Forklar korleis Goodharts kulturteori kan brukast som forklaring på det NRK omtaler som brølet frå bygda.

Gjer greie for korleis journalistikk og fiktive medieforteljingar kan bidra til å skape respekt for og forståing mellom ulike samfunnsgrupper i Noreg, men også forsterke stereotypiar og fordommar. Bruk aktuelle medieuttrykk som døme.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media