Hopp til innhald

Fagstoff

Religion og medialisering

Media bidreg til å forme og endre religiøse førestillingar og religiøs praksis. Journalistikken er gjerne oppteken av religion som konfliktskapar. Populærkulturen er meir oppteken av religiøsitet, mystikk og etikk.
Nærbilete av prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek Verrett som ser smilande på kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Religion i eit sekulært samfunn

I land der religionen speler ei viktig rolle i samfunnet, er måten media omtaler religion på, prega av respekt. Men når religionen mister autoritet, blir media meir religionskritiske.

Noreg er i dag i stor grad eit samfunn. Det betyr at religion i liten grad påverkar samfunnsliv og kvardagsliv. Mange nordmenn har aldri sett sine bein i ei kyrkje eller ein moské. Førestillingane dei har om religion, byggjer berre på måten religion blir framstilt på i media.

Samtidig ser vi ein tendens til at mange lèt seg fascinere av førestillingar som opnar opp dimensjonar som overskrid ei sekulær røyndomsforståing.

Konfliktdriven religionsjournalistikk

Media har sin eigen dynamikk som formar, eller formaterer, måten religion blir framstilt på.

Konfliktar er godt stoff for journalistar. Derfor blir nyheitsbiletet ofte prega av konfrontasjonar mellom tilhengjarar av ulike religionar, konfliktar mellom religiøse og sekulære verdiar, eller konfliktar i og mellom trussamfunn.

Konfliktar rundt seksuell identitet og samkjønna ekteskap, til dømes, har i fleire år prega dekninga i media av Kristen-Noreg. Aviser som Vårt Land og Dagen vender seg spesielt til kristne og har eit noko breiare utval av saker som handlar om religion, enn andre norske aviser.

To rekkjer med høvesvis svart- og lyskledde soldatar med finlandshetter paraderer med maskingevær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Media formar synet på muslimar

Mens norske medium i 1970 knapt omtalte muslimar, var det i 2020 fleire oppslag i norske nyheitsmedium om islam enn det var om kristendom. Vestleg journalistikk er dominert av meldingar om valdelege konfliktar mellom sjia- og sunnimuslimske grupperingar og aksjonar utførte av ekstreme islamistar.

Resultatet er at mange berre oppfattar islam som ei kjelde til konflikt, og ikkje får auge på andre og mindre konfliktfylte sider ved religiøst liv. Ut frå oppdraget sitt som allmennkringkastar har NRK prøvd å vege opp for noko av denne skeivskapen. Dei har mellom anna laga "innanfrå"-skildringar av fasta under ramadan og id-feiringa.

Medieskapte førestillingar om islam

Sjå klippet ovanfor frå NRK Skole.

Kva slags bilete gir programmet Ramadan hos Noman av islam?

Tor du dette endrar synet sekulære nordmenn har på muslimar?

Trur du programmet påverkar sjølvforståinga til norske muslimar?

Medialisering av religiøs forkynning

Religion har alltid vorte formidla til dei truande og menneska rundt dei gjennom forteljingar, bilete, songar og tekstar. I nyare tid har forkynninga til ein viss grad flytt seg frå flanellografen på bedehuset til radio, fjernsyn og nett. Religionsformidlinga har vorte .

Det finst også medium som blir drivne av religiøse organisasjonar, og som rettar seg mot medlemmer av bestemde trussamfunn. Eit døme er TV-selskapet Visjon Norge. Visjon Norge driv primært med forkynning, men rettleier også tilhengjarane sine i korleis dei skal fortolke ulike storhendingar ut frå det religiøse perspektivet til kyrkjelyden.

Sjå klipp frå bønnekonferanse på TV Visjon Norge.

Men det er ikkje lenger berre religiøse institusjonar som set dagsordenen for korleis religion og moral blir framstilte. Media har i dag teke over ein del av den rolla. Radioandaktar og fjernsynsgudstenester er i stor grad underlagt regien til media.

Døme på medieregi

Lytt til radioandakten på NRK P1+ frå 14. desember 2021:

Trøysta i at tida går

I kva grad kan vi seie at forma på denne andakten er tilpassa radioformatet og kanalprofilen?

Religion i populærkulturen

Religiøse førestillingar dannar eit bakteppe i store delar av populærkulturen. TV-seriar som Åndenes makt (20 sesongar - den siste i 2021) tek til dømes utgangspunkt i religiøse førestillingar som i hundrevis av år har levd i folkedjupet, men som i liten grad har vore akseptert av den religiøse leiarskapen.

Programleiar for Åndenes makt Tom Strømnæss står lent mot dørkarmen i opninga mellom to rom i eit eldre hus. I framgrunnen til høgre heng eit måleri av ein mann i 1700-talsdrakt. Eit anna måleri heng i bakgrunnen til venstre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I eit samfunn prega av individualisme, vel mange å konstruere sin eigen private religion. Slike TV-seriar blir då ein religiøs fristad for menneske som søkjer fellesskap utanfor etablerte trussamfunn.

Kampen mellom det gode og det vonde

Mange spelefilmar og dataspel tek for seg klassiske religiøse og etiske dilemma, men ofte blir førestillingar og symbol frå ulike religionar miksa. Dei fiktive heltane og skurkane har mange likskapar med mytologiske skikkelsar i verdsreligionane.

Dramaturgien kan fungere som ei form for religiøs og etisk rettleiing i korleis kvart menneske kan bidra til at det gode i tilværet til slutt vinn over det vonde.

Frodo frå Ringenes Herre med venen Sam litt bakanfor. I bakgrunnen eit mystisk eventyrlandskap. Filmfoto.

Alminneleggjering og annleisgjering

Ifølgje sosiologen Ann Kristin Gresaker bidreg populærkulturen til å alminneleggjere religionen og gjere han til noko som kan hjelpe oss til sjølvutvikling og eit godt liv.

Men populærkulturen kan også framstille religion og religiøse menneske som noko som er annleis enn det normale, noko underleg eller skremmande.

På veg mot ein medialisert religion?

Framstillinga av religion i media påverkar over tid haldningar og tankemønster i ein kultur. Slik kan media bidra til å endre etablerte religiøse førestillingar og religiøs praksis. Nokon vil derfor kalle religion i vår tid for medialisert religion.

Men det går også an å tenkje seg at media berre speglar kulturelle endringar som kjem av andre drivkrefter. Religionshistoria viser at religionen alltid har endra seg i takt med den generelle utviklinga i samfunnet, med eller utan hjelp frå media.

Radiotalen som avskaffa helvete

Tanken om helvete som ein stad med evig pinsle prega norsk lekmannsforkynning heilt fram til 1950-åra.

I januar 1953 heldt teologiprofessor og indremisjonspredikant Ole Hallesby ein radiooverført tale i NRK der han stilte spørsmålet: "Korleis kan du som er uomvend, leggje deg roleg til å sove om kvelden? Du som ikkje veit om du vaknar i senga di om morgonen eller i helvete?"

Hallesby taler om helvete

0:00
-0:00

Reaksjonane på den radiosende talen var svært sterke og utløyste ein stor debatt. Nokon hevdar at talen var med på å avskaffe førestillinga om helvete i norsk kristenheit.

  • Trur du reaksjonen hadde vore like sterk dersom talen hadde vorte halden i eit bedehus?

  • Ville det vore mogleg å halde ein slik radiotale på NRK Radio i dag?

  • Kvifor trur du at førestillingar om evige pinsler i helvete stort sett er fråverande i moderne, norsk kristendom?

Omgrepsforklaringar

Kjelder

Gresaker, A. K. (2018). Relevant religion: nordiske livsstilsbladers fremstilling av religion 1988-2008 [Doktorgradsavhandling]. Universitetet i Oslo.

Lundby, K. (2021). Religion i medienes grep: medialisering i Norge. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media