Hopp til innhald

Fagstoff

Klasse, kulturuttrykk og identitet

Det kan vere interessant å sjå på kulturuttrykk i eit klasseperspektiv. Kva kan klasseperspektivet seie oss om program som Rådebank og Paradise Hotel?
Rådebank-skodespelar Odin Waage med caps og tent sigarett i ein typisk råne-bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den britiske kulturteoretikaren Richard Hoggart studerte arbeidarklassekulturen i England på 50-talet og beskreiv i boka The uses of Literacy korleis dei som høyrde til den engelske arbeidarklassen, skapte identitetar gjennom eigne kulturelle praksisar. Hoggart meinte at den tradisjonelle arbeidarklassekulturen kunne fungere som ein motkultur til mainstream-kulturen, men at kulturen til arbeidarane var i ferd med å bli erstatta av ein einsretta kultur definert av utdanningsinstitusjonar og media.

I Noreg i dag høyrer framleis 40 prosent av dei som er i yrkesaktiv alder, til i kategorien arbeidarklasse (Gedde-Dahl, 2021). Dette omfattar faglærte og ufaglærte arbeidarar i helse- og omsorgssektoren, barnehagar og skule, industri og servicenæringar.

Finst det ein arbeidarklasse-kultur?

Sosiolog Jørn Ljunggren forskar på arbeidarklassen, og han seier at det er forskjell på by og bygd. I eit intervju med Morgenbladet fortel han om yrkesfagelevar i byane som føler at dei blir sett ned på, mens han ser ein større tryggleik i arbeidaridentiteten i distrikta. Der er arbeidarklassen meir med på å definere kva som er verdifullt, mens fokuset på høgare utdanning i byane gjer at arbeidarklassen blir usynleg (Gedde-Dahl, 2021).

Serien Rådebank på NRK har fått ros for å framstille ein annan ungdomskultur enn den vi vanlegvis møter i media. Der har hovudpersonen ein tydeleg arbeidarklasseidentitet, men Ljunggren beskriv dette som eit bygdefenomen:

– Du finner ikke Rådebank-kulturen i Oslo. Den typen stolt, felles arbeiderkultur anerkjennes ikke, heller ikke i de bydelene hvor det er høyest andel arbeiderklasse. Finnes det rånere på Alna eller Mortensrud? Det tror jeg ikke. Synes ungdommen at det er stas når håndverksbilene kjører rundt i gata der? Det tror jeg ikke. De har andre forbilder.

(Gedde-Dahl, 2021)

Tenk over / diskuter

Kva status har yrkesfag på heimstaden din? Kva trur du er grunnen til dette?

Kvifor trur du arbeidarklassekulturen er lite synleg i ungdomsseriar?

Ei gruppe unge menneske med rocka klede, ein del har tørkle rundt hovudet, dei fleste rekker tunge og gjer rock 'n roll-teikn med hendene. Foto.

Arbeidarklassen i media

Ein måte kulturuttrykk bidreg til identitetsdanninga på, er gjennom representasjon. Menneska vi møter i film, litteratur eller på tv, er førebilete som vi identifiserer oss sjølve og andre med. Sjølv om arbeidarklassen i Sverige utgjer halvparten av befolkninga, viser forsking at dei berre utgjer 4 prosent av personane som blir viste i nyheitene og fakta-program. Dei er mest til stades som reality-deltakarar, med 17 prosent av deltakarane (Ljunggren & Nordli, 2021).

Arbeidarklassen blir framstilt som "feil" og avskyelege

Arbeidarklassen er generelt lite representert som programleiarar eller journalistar i media. Når menneske frå arbeidarklassen er på tv, er det som oftast som reality-deltakarar eller i situasjonar der dei har ein feil som må fiksast, til dømes fedme, dårleg kontroll på økonomien eller feil hår og klede (Ljunggren & Nordli, 2021).

Vi finn mange døme på dette i britisk og amerikansk fjernsyn, der dei personlege problema til vanlege folk blir underhaldning i konsept som Jeremy Kyle Show, eller i program der vanlege arbeidsfolk får ein "makeover". I Noreg kan vi kanskje sjå element av dette i program som Luksusfellen?

I Storbritannia har "arbeidarklasse" vorte eit av dei styggaste banneorda du kan bruke, mens hovudkonklusjonen når det gjeld forsking på arbeidarklassen i media i Sverige er at dei som høyrer til der, blir både usynleggjorde og latterleggjorde. Forsking i Storbritannia peikar på at arbeidarklassen blir framstilt av middelklassen som avskyelege (Ljunggren & Nordli, 2021).

Vulgære deltakarar i Paradise Hotel

Eit døme på program der deltakarane blir framstilte utan verdigheit, er Paradise Hotel. Her blir deltakarane oppmuntra til å oppføre seg på måtar som verkar sjokkerande på sjåaren. Klipping og effektar blir aktivt brukte i framstillinga av deltakarane som mindre intelligente.

Josefine Holmqvist har skrive om reality-tv og arbeidarklassen i Sverige, og ho seier i eit intervju med NRK P3 at svensk media ofte framstiller arbeidarklassen som "uopplyste, vulgære og seksuelt promiskuøse", og at "[t]il syvende og sist sitter middelklassen og ler av arbeiderklassen på TV, og den gjeldende oppfatningen av arbeiderklassen blir reprodusert og forsterket" (Espeland, 2016).

Tenk over / diskuter

Kva tenkjer du om påstanden "Til sjuande og sist sit middelklassen og ler av arbeidarklassen på tv"?

Kan du komme på andre norske reality-program der deltakarane blir framstilte som vulgære eller dumme eller har feil som må fiksast på?

Kjelder

Couldry, N. (2004). Liveness, "Reality", and the Mediated Habitus from Television to the Mobile Phone. The Communication Review, 7(4), 353–361. https://doi.org/10.1080/10714420490886952

Espeland, W. S. (2016, 18. februar). Drømmen om Paradise. NRK P3. https://p3.no/dokumentar/drommen-om-paradise/

Gedde-Dahl, M. (2021, 3. april). – Hvis alle synes at yrkesfag er så dritbra, hvorfor sender de ikke ungene sine dit da? Morgenbladet. https://www.morgenbladet.no/ideer/2021/04/30/hvis-alle-synes-at-yrkesfag-er-sa-dritbra-hvorfor-sender-de-ikke-ungene-sine-dit-da/

Hoggart, R. (2009). The uses of literacy. Penguin buoks.

Ljunggren, J. & Nordli, M. H. (2021). (Red.) Arbeiderklassen. Cappelen Damm Akademisk.

Lyle, S. A. (2008) (Mis)recognition and the middle-class/bourgeois gaze: A case study of Wife Swap. Critical Discourse Studies, 5(4), 319–330. https://doi.org/10.1080/17405900802405239

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2021

Læringsressursar

Kultur og religion i media