Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Utforsk religion i dataspel og musikkvideoar

Utforsk og presenter korleis religion blir synleggjort og presentert i populærkulturelle medieuttrykk som dataspel og musikkvideoar.

Førebuing

Før de går i gang med oppgåva, bør de sjå denne undervisningsfilmen om religion i populærkulturen.

Utforsk eit populærkulturelt medieuttrykk

Jobb gruppevis. De vel sjølve i gruppene om de vil utforske eit dataspel eller ein musikkvideo.

Gruppene skal

  • anten utforske korleis religiøse førestillingar og symbol blir brukte i eit dataspel de kjenner godt,

  • eller utforske korleis religiøse førestillingar og symbol blir brukte i ein musikkvideo av ein kjend artist eller eit populært band

Presenter i klassen

Presenter for resten av klassen det de finn ut, ved hjelp av eit digitalt presentasjonsverktøy.

Ta med døme som synleggjer funna de har gjort.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media