Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein kreativ tekst basert på kortfilmen Zing

Dei populærkulturelle medieuttrykka vi omgir oss med i dag, inneheld ei rekkje referansar til religion og religiøse førestillingar. I denne oppgåva skal du gjere deg kjend med og fortelje att innhaldet i kortfilmen Zing.

Sjå kortfilmen Zing frå 2011. Filmen er laga av to studentar ved Filmakademie Baden-Württemberg, ein tysk filmskule som er kjend for dei dyktige animasjonselevane sine.

Oppgåve 1

  1. Kva for religiøse symbol finn du i denne filmen? Kva betydning har desse symbola?

  2. Kjenner du andre medieforteljingar som nyttar seg av dei same symbola? Nemn nokre døme.

  3. Er dette ei religiøs medieforteljing? Tenk deg grundig om og grunngi svaret ut frå det du veit om religion, medialisering og populærkultur.

Oppgåve 2

Skriv ein kreativ tekst basert på filmforteljinga Zing. Du kan skrive eit dikt, ei forteljing eller eit eventyr.

Teksten din skal formidle den same bodskapen som kortfilmen.

Relatert innhald

I denne korte animasjonen blir vi betre kjende med mannen med ljåen.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media