Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturell kapital

Kva er kulturell kapital, og korleis kan vi bruke omgrepet til å utforske kulturelle fenomen?
Fargerike bruktklede på stativ utanfor ein butikk. Foto.

Har du nokon gong sett deg rundt på sosiale medium og lurt på kvifor alle legg ut bilete av seg sjølve frå fjelltoppar? Eller kanskje har du lagt merke til eit ord eller eit klesplagg som berre «dei kule» bruker? Då kan det hende du har snubla over ein kulturell kode som gir sosial status. Det å meistre slike kulturelle kodar er å ha det vi kan kalle kulturell kapital.

I ordboka er kapital forklart som ei behaldning av økonomiske gode, som pengar, formue eller eigedom. Den franske sosiologen Pierre Bourdieu meinte at det finst andre typar kapital i tillegg til dei økonomiske. Han brukte omgrepa sosial og kulturell kapital for å beskrive andre former for verdiar som du kan samle opp og arve, og som gir deg meir makt i samfunnet.

  • Sosial kapital handlar om å få innpass i nettverk og grupper. Det er lett å tenkje seg at denne typen kapital har verdi, sidan det kan gi deg tilgang til posisjonar i samfunnet der du får status og pengar.
  • Kulturell kapital handlar om å meistre dei kulturelle kodane som har status i samfunn. Ofte får vi dei kulturelle kodane frå foreldra våre og er ikkje klare over dei, sjølv om dei formar smaken vår, kva vi liker og synest er fint. Dette kan kome til uttrykk i tinga vi omgir oss med, måtar vi snakkar på, korleis vi kler oss, og korleis vi oppfører oss. Desse kodane uttrykkjer og definerer kven vi er, og kva grupper vi tilhøyrer.

Tenk over / diskuter

Kva er status-plagget på skulen din?

Kva er eit motiv i sosiale medium som gir status i di verd?

Høgkultur og lågkultur

Kven er det som bestemmer kva for nokre kulturelle kodar som har status, og som då gir kulturell kapital? Ifølgje Bourdieu er dette knytt til makt. Det er dei som har mest makt og status i samfunnet, eliten, som definerer den gode smaken, og dette blir brukt for å legitimere makta dei har. Kulturen til lågare sosiale klassar blir definert som lågkultur, og kulturen til eliten blir den som blir verdsett som høgkultur.

Eit viktig poeng med å ha kulturell kapital er å meistre kulturelle kodar som gjer at du skil deg frå dei med lågare status. Dette gjer at du kan vere rik og likevel oppleve at du ikkje får innpass hos overklassen, dersom du ikkje har kulturell kapital.

Eit døme: "Gul bok" av Zeshan Shakar

Forfattaren Zeshan Shakar skriv om kulturell kapital i romanen Gul bok. Der opplever hovudpersonen Mani at han ikkje meistrar dei kulturelle kodane i miljøet han hamnar i når han får jobb i Omsorgsdepartementet i Oslos regjeringskvartal. Shakar omtaler dette miljøet som den akademiske middelklassen, ei nemning som framhevar kulturelle kapital framfor den økonomiske kapitalen. Slik beskriv Shakar problemstillinga i eit intervju med VG:

Mani sliter med å forstå hva som er riktig, for der han kommer fra, er status og penger viktig. Der er det legitimt å si at man vil tjene masse penger eller vil reise til Dubai. Plutselig er ikke de verdiene ok lenger. Akkurat dette burde det nesten finnes en manual for, kanskje jeg skal skrive den: En innføring i middelklassens verdier og normer, ler han.

Shakar har fortalt at opplevingane til Mani er baserte på hans eiga klassereise og opplevingar med å ikkje forstå dei kulturelle kodane i dei akademiske miljøa han blei ein del av etter utdanninga. Men han understrekar òg i det same intervjuet med VG at oppveksten på austkanten i Oslo har gitt han ein annan type kulturell kapital:

– Jeg tror det er litt sånn at den akademiske middelklassen, som er så velutdannet og belest og hører på New York Daily-podkasten og har all den kraftige kunnskapen, har lett for å tenke at man er allviande. De kan si: "Å ja, ungdomsopptøyer, det vet jeg en del om, jeg har lest en forskningsrapport." Men erfaringskunnskap er noe helt annet, sier Zeshan.

Kulturell kapital er makt

Bourdieu meinte at kulturell kapital er ein måte å utøve makt på. Vi har ulik tilgang til kulturelle ressursar, fordi vi lærer dei kulturelle kodane i det sosiale miljøet vi veks opp i. Dei kodane som eliten lærer barna sine, er ofte dei same som blir verdsette i utdanningssystemet. Derfor er det barna av eliten som gjer det best i utdanningssystemet og får dei beste jobbane. På denne måten sikrar dei at den kulturelle kapitalen blir reprodusert. Forsking viser at skuleresultat heng tett saman med klassebakgrunnen til foreldra, også her i Noreg (Ekren, 2014).

Tenk over / diskuter

«Alle har lik moglegheit til å lykkast i norsk skule, uansett kva bakgrunn foreldra har.» Kva tenkjer du om denne påstanden?

Har vi høgkultur og lågkultur i Noreg?

Seks sushibitar og ein porsjon sylta ingefær ligg danterte på eit fat. Rå fisk på ris og rogn pakka i tangblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bourdieu kom frå Frankrike, som i mykje større grad enn Noreg er eit klassedelt samfunn. På grunn av dette er det diskusjon om Bourdieus teoriar kan brukast på norske forhold.

I tillegg er likskap og toleranse viktige verdiar i det norske samfunnet. Derfor er det ikkje vanleg å snakke ope om høgkultur og lågkultur, eller å seie at opera er ei meir høgverdig kulturform enn til dømes dansebandmusikk.

Mat og kulturell kapital

På andre område er nordmenn meir villige til å skilje mellom god og dårleg smak, til dømes når det gjeld mat og interiør.

Frosenmat er eit døme på korleis mat kan signalisere status og gi kulturell kapital. Før var det berre dei rikaste som hadde råd til å ha frysar i huset, og då var frosenmat sett på som noko glamorøst. I dag er det ingen som vil skryte av at dei et frosenpizza til middag, men mange deler bilete av enkelte typar mat på sosiale medium, noko som kan bety at det er eit uttrykk for status og identitet.

Eit døme er korleis kortreist og eigendyrka mat har gått frå å signalisere låg inntekt til å signalisere høg kulturell kapital. Besteforeldra dine dyrka kanskje poteter for å spe på matbudsjettet. I dag har det igjen blitt vanleg med kjøkenhagar, men i dag handlar det ikkje om dårleg økonomi. Det er stas å dele bilete av heimedyrka mat på sosiale medium. Finn du mange bilete av potetåkeren til bestemor i familiealbumet?

Tenk over / diskuter

Kva slags type mat blir det delt mest bilete av på sosiale medium i di verd? Kvifor trur du folk deler bilete av denne maten?

Kan du kome på nokon typar interiør som signaliserer låg sosial status?

Massekultur og elitane

I dagens samfunn er kunnskap mykje lettare tilgjengeleg enn det nokon gong har vore, og det gjer det òg lettare å tileigne seg kulturelle kodar som før var reserverte for eliten. Designarklede blir no selde billeg på «outlets», og dei av oss som er kreative, kan kopiere eksklusive interiørtrendar utan at det treng å koste så mykje. Stadig fleire i Noreg tek masterutdanning, og retten til vidaregåande utdanning gjeld alle. Finst det framleis kulturelle kodar som er eksklusive nok til at eliten får ha dei i fred?

Forskjellane aukar

Sjølv om klasseskilja i Noreg ikkje er så store som i mange andre land, er forskjellane aukande òg her heime. I Oslo er klasseskiljet mellom aust og vest spesielt tydeleg, til dømes er forventa levealder opptil sju år høgare i bydelane i vest (Kvittingen, 2017). Er kulturell kapital med på å forsterke klasseforskjellane? I artikkelen "Mer ulikhet enn i London" i Klassekampen bruker eitt av intervjuobjekta nettopp dette som forklaring:

– Jeg tenker det har med kultur og kosthold å gjøre. Her har vi kort vei til marka og bruker den mye. De har ikke den samme kulturen på Sagene, sier Refsum.

(Brandvold, 2017)

Tenk over / diskuter

Kva kulturforskjellar trur du kan påverke forskjellar i levealderen slik vi ser det aust og vest i Oslo?

Kan du tenkje på nokon kulturelle kodar som skil dei vi kan kalle overklassen i Noreg, frå oss andre?

Falske Gucci-vesker er utstilte på ein marknad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturell kapital og minoritetar

Det er forskjell på majoritet og minoritet når det gjeld tilgang til kulturell kapital. Minoritetsgrupper må lære seg majoriteten sine kulturelle kodar. Desse kodane er ikkje tilgjengelege for minoritetar som ikkje meistrar majoritetsspråket, noko som også er nøkkelen til utdanning og deltaking i samfunnet. Korleis kan minoritetar vinne i eit samfunn som berre verdset den kulturelle kapitalen til majoriteten? Minoritetsgrupper har svart på denne utfordringa med å skape nye kulturelle kodar, og dermed ei ny form for kulturell kapital.

Hiphop-kulturen er eit døme på dette. Denne kulturen oppstod i minoritetsgrupper i amerikanske storbyar, der fattigdom og låg utdanning var vanleg. Denne kulturen smelta kulturell arv saman med heilt nye kulturelle uttrykk og danna eigne kodar for kulturell kapital.

Ei ny kulturell form kan òg låne frå eksisterande kulturelle former for å legitimere ho. Eit døme på dette er når rapparar snakkar om luksusforbruk i tekstar og musikkvideoar. Dette var ein enkel måte å signalisere status på, gjennom å vise at dei hadde pengar til eit slikt forbruk. I dag har hiphop-kulturen ein eigen status, og vi ser at luksus-motemerka låner frå denne kulturen igjen.

Tenk over / diskuter

Kor lett tilgjengeleg er den kulturelle koden for turklær og turutstyr for minoritetar i Noreg?

Kva for nokre kulturelle kodar meiner du signaliserer høg status i Noreg i dag?

Kjelder:

Brandvold, Å. (29. juni 2017). "Mer ulikhet enn i London". I Klassekampen. Henta 12. november 2020 frå: https://arkiv.klassekampen.no/article/20170629/article/170629959

Ekren, R. (2014, 5). "Sosial reproduksjon av utdanning?". I Samfunnsspeilet, s. 20–24.

Gallagher, J. (22. april 2019). "These are the fashion brands rappers namedrop the most". I Wall Street Journal. Henta 22. april 2020 frå: https://www.wsj.com/articles/these-are-the-fashion-brands-rappers-namedrop-the-most-11555943601

Halvorsen, P. (26. april 2016). "På sporet av kulturell makt i nyrike Norge". I Sosiologen. Henta 10. november 2020 frå: https://sosiologen.no/debatt-og-kronikk/arrangement/kulturell-kapital-nyrike-norge

Hestholm, M. (7. mai 2017). "Høg kultur – låg status". På Nrk.no. Henta 6. november 2020 frå https://www.nrk.no/kultur/xl/hog-kultur-_-lag-status-1.13471279

Bokmålsordboka (u.å.). "kapital". Henta 12. november frå: https://ordbok.uib.no/perl/ordbok.cgi?OPP=kapital&ant_bokmaal=5&ant_nynorsk=5&bokmaal=+&ordbok=begge

Kvittingen, I. (23. mai 2017). "Flere dør av kreft på østkanten enn på vestkanten i Oslo". På Forskning.no. Henta 12. november 2020 frå: https://forskning.no/sosiologi-demografi-forebyggende-helse/flere-dor-av-kreft-pa-ostkanten-enn-pa-vestkanten-i-oslo/345720

Raabe, T.S. (5. april 2017). "Kultur, kapital og klasse". I Stoff. Henta 10. november 2020 frå: https://www.stoffmagasin.no/2017/04/05/kultur-kapital-og-klasse/

Turner, M. (2019, 3). "Hip hop as Cultural Capital: Remixing Bourdieu's Theory to Affirm Cultural Wealth". I Language, Literature, and Interdisciplinary Studies, s. 85–100.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Kultur og religion i media