Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stereotypiar og fordommar i komiserien Jordbrukerne

Reflekter over vanlege stereotypiar og fordommar, og diskuter om komiserien Jordbrukerne bidreg til å styrkje eller svekkje fordommar mot muslimar og bygdefolk.
Skodespelaren Nader Khademi står i mørk dress ved mikrofonen på scena og held ein Amandastatuett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Forklar desse omgrepa

  • komedie

  • parodi

  • stereotypi

  • fordom

Oppgåve 2: Sorter vanlege førestillingar om ulike samfunnsgrupper

Oppgåve 3: Parodi og fordommar i Jordbrukerne

Sjå ein eller fleire episodar av komiserien Jordbrukerne på NRK TV.
Serien er tilgjengeleg til 20. oktober 2028.

I serien møter vi fire menn frå Oslo aust. Dei har lysskye planar og flyttar til ein gard i Øvre Telemark. Meir eller mindre mot sin vilje endar dei opp som gründerar av Noregs første halal-ysteri.

Jordbrukerne er ein parodi basert på vanlege stereotypiar og fordommar.

  1. Kva for nokre vanlege stereotypiar og fordommar mot ulike samfunnsgrupper møter vi i denne serien?

  2. Kvifor er denne komedien ein parodi? Forklar ved hjelp av døme.

  3. Diskuter i mindre grupper eller i klassen i kva grad slike parodiske framstillingar bidreg til å styrkje eller svekkje stereotypiar og fordommar mot muslimar og bygdefolk.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media