Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Religion og grenser for ytringsfridom

Diskusjonar rundt bruk av karikaturar og grenser for ytringsfridommen er tema som har dukka opp dei siste åra. Her finn du oppgåver som kan hjelpe deg med å forstå bakgrunnen for diskusjonen. Etterpå skal du reflektere over kvar du sjølv står i diskusjonen.
Arnulf Øverland på talarstol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her kan du velje å jobbe med éi eller fleire oppgåver. Somme er knytte til artiklar det er lenkja til, andre kan du finne svar på andre stader.

Tips

Tenk gjennom kva du har lært i norsk- og historiefaget som kan hjelpe deg til å svare på desse oppgåvene.

Oppgåve 1. Blasfemiparagrafen

Den såkalla blasfemiparagrafen blei oppheva i Noreg i 2015.

  1. Kva innebar paragrafen?

  2. Finn du nokon kjende personar som er dømde etter han? Kva religion var det i tilfelle snakk om i dei aktuelle sakene?

  3. Kan du finne argumenta for å fjerne paragrafen?

  4. Kan du finne ut om andre land går i same retning, eller om det somme stader kan vere problematisk å uttale seg negativt om religiøse spørsmål? Du kan lese meir i denne artikkelen på Aftenposten om korleis det i ei rekkje land har blitt farlegare å spotte Gud.

Oppgåve 2. Biletforbod i religionar

Illustrasjon i manuskript med arabisk skrift. Tre menn rir på kamelar. Den som rir først, er dekt av eit slør og har ein flamme over hovudet. Måleri.
  1. Finn ut kva som er bakgrunnen til biletforbodet i islam. Finst det ulike måtar biletforbodet i islam blir praktisert på?

  2. Finst det biletforbod i jødedommen og/ eller kristendommen?

  3. Reflekter over om måten dei ulike religionane ser på bilete på, kan påverke korleis dei reagerer på religionskritikk i form av karikaturar.

Oppgåve 3. Karikaturstrid og ytringsfridom

Les artikkelen Karikaturstrid og ytringsfridom (ndla.no).

  1. Samanfatt kort kva karikaturstriden i Noreg og Danmark dreidde seg om.

  2. Korleis viser saka om Jyllandspostens karikaturar kor viktig det er med kjeldekritikk?

  3. Når vi diskuterer karikaturar, blir det fort ein diskusjon rundt ytringsfridom. Kvifor er det viktig å også ha ytringsfridom rundt religionar?

  4. Kva tenkjer du om korleis styresmaktene i høvesvis Noreg og Danmark møtte hendingane rundt karikaturane i 2005?

  5. Angrepa på redaksjonen i Charlie Hebdo og drapet på Samuel Paty viser at karikaturstriden ikkje er ei eingongshending. Reflekter over viktigheita av ytringsfridommen sett opp mot prisen desse menneska har betalt.

Fordjupingsoppgåve

Dennis Meyhoff Brink seier i ei avhandling at religionssatire kan ha vore viktigare for dei moderne samfunnsverdiane våre enn religion.

Les artikkelen om religionssatire på forskning.no og svar på spørsmåla ein og ein. Diskuter dei deretter i klassen. Lag gjerne køyrereglar for diskusjonen før de byrjar.

  • Kva er dei moderne samfunnsverdiane våre?

  • Finn vi former for sjølvsensur i Noreg i dag? Det kan vere enkeltpersonar, pressa eller andre institusjonar.

  • Korleis kan sjølvsensur vere ein trussel mot ytringsfridommen?

  • Viss vi startar med utstrekt sjølvsensur, korleis tenkjer du det kan påverke dei moderne samfunnsverdiane vi har opparbeidd?

  • Viss du meiner sjølvsensur kan påverke verdiane våre negativt, kva tenkjer du at vi kan gjere for å forhindre dette?

Oppsummering etter diskusjonen:

  • Viss det var ueinigheit rundt noko av det de diskuterte – kva trur de er bakgrunnen for einigheit eller ueinigheit?

  • Klarte de å halde køyrereglane for diskusjonen? Var det lett? Vanskeleg? Grunngi svaret.

  • Kom med forslag til korleis vi kan diskutere verdispørsmål på ein endå betre måte neste gong.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media