Hopp til innhald

Fagstoff

Religion og populærkultur

Religion og populærkultur kan opplevast som to ulike verder. Men kva skjer når dei møtest?

I filmtrilogien Ringenes herre, som er basert på Tolkiens romanar, møter vi eit mytisk univers der gode og vonde krefter kjempar mot kvarandre, og der spesielle gjenstandar kan gi menneske overnaturlege krefter. Tolkien var tydeleg inspirert av både norrøn og kristen mytologi.

Religion som medieunderhaldning

Dei populærkulturelle medieuttrykka vi omgir oss med i dag, inneheld ei rekkje referansar til religion og religiøse førestillingar. Statistikken seier at vi over tid har vorte mindre aktive i tradisjonelle, organiserte religionar. Mange blir derfor kjende med religion gjennom populærkulturen.

For å bli kjent med religionsmangfaldet i vår tid er det derfor viktig å studere korleis religion blir framstilt i populærkulturen.

Populærkultur er kulturelle uttrykk som appellerer til massane. Populærkulturen er stort sett kommersiell. Religion blir på den måten ein del av underhaldningsindustrien.

Tenk etter

Kan religion ha vore inspirasjonskjelde for nokon av dei filmane, TV-seriane, reklamane eller dataspela du har vore borti den siste tida?

Populærkultur og religionsdefinisjonar

Tradisjonelle definisjonar som "religion er møte med det heilage" eller "religion er tru på gudar" dekkjer ofte ikkje religion i populærkulturen. Norske forskarar som har jobba mykje med religion og populærkultur, har valt å bruke desse definisjonane på religion:

  • Religion blir forstått som kommunikasjon om og med hypotetiske overmenneskelege vesen (Gilhus, 2014, s. 10).

  • Religion blir forstått som eit arsenal av førestillingar, handlingar, symbol og forteljingar som bidreg til at kulturelle uttrykk blir plasserte i ein kosmisk samanheng. Innhaldet i arsenalet blir forstått som ulike former for kommunikative ytringar som er meir eller mindre systematiske (Endsjø & Lied, 2011, s. 18).

Den første definisjonen forklarer religion som kommunikasjon om og med vesen som er utanomjordiske, eller har overnaturlege eigenskapar. Den andre definisjonen beskriv i større grad bruken av religiøse førestillingar og symbol i mediekommunikasjon, og korleis desse kan forståast i ein "kosmisk samanheng".

Døme på religion i populærkulturen

  • Romanen og TV-serien The handmaid's tale (Tjenerinnens beretning) handlar om eit dystopisk samfunn der religion blir brukt som grunngiving for undertrykking.

  • Matrix-filmane kan tolkast ut frå fleire religiøse tradisjonar: Blir Neo ein slags Messias-figur i det han står opp igjen (jf. kristendommen)? Er verda vi lever i, ein illusjon (jf. hinduismen)? Lever Neo i ein tilstand av vankunne – som er liding – og jobbar Morpheus med han for at han skal få den rette innsikta (jf. buddhismen)?

  • The 99 er ein teikneserie basert på Allahs 99 eigenskapar. I 2010 vart det laga ein serie der heltane frå The 99 slo seg saman med Justice League of America for å redde verda.

  • Pokémon er inspirert av shintoisme. Fleire av dei vi møter, representerer ulike kami (gudar) og yokai (ånder).

  • Skrekkfilmane Eksorsisten (1973) og The Omen (1976) handlar om korleis det vonde bruker barn for å komme fram i verda.

Kvifor blir religion brukt i populærkulturen?

Endsjø og Lied peiker på tre hovudgrunnar:

  • Forteljingane til religionane har gode handlingsmønster som lett kan overførast til nye forteljingar. Det kan vere forteljingar om kjærleik og svik, heltedådar og kampen mellom det gode og det vonde.

  • Religion gir også innhald til historier der kjensler og fascinasjon er sentralt. I katastrofefilmar ser vi til dømes korleis ein i møte med store kriser kan finne det som er det aller viktigaste i livet. I møte med apokalypsen ser ein at familie, venskap og omsorg for andre blir sentralt.

  • I religion finn vi forteljingar som går imot vanleg, etablert logikk. At ei jomfru blir gravid eller havet deler seg, kan vere døme på det. I religiøse forteljingar kan vi også finne monster, fabeldyr, englar og demonar som kan fungere godt som inspirasjonskjelder til nye vesen eller forteljingar. I filmar, TV-seriar og dataspel er bilete av den typen vesen noko som kan bidra til både attkjenning og overrasking.

Tenestekvinna i TV-serien The handmaid's tale, i raud kjole og kvit hette, sit i ein stol med hendene i fanget og merksamt blikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis blir religion brukt i populærkultur?

I den dystopiske romanen The handmaid's tale (Tjenerinnens beretning) av Margaret Atwood og i TV-serien med same namn, blir det brukt tekstar som er tekne frå Bibelen. Men sjølv om Atwood bruker tekstar frå Bibelen, betyr ikkje det at hendingane er knytte til kristendommen slik vi kjenner han.

I både kristen og muslimsk kunst er det ein rik bilettradisjon som framstiller englar. I dag blir englar brukte som pynt i heimane til folk, som glansbilete, som ledd i kurs og terapiar, i reklame og som sentrale karakterar i filmar og seriar. Det synet vi i dag har på englar, er farga av både religiøse og populærkulturelle framstillingar.

Populærkulturen lausriv altså førestillingar og symbol frå dei etablerte religionane og set dei inn i ein ny kontekst der dei får ei ny tyding. Slik bidreg populærkulturen til å forme og endre religiøse førestillingar.

Artisten Tix står på scena og syng med englevengjer på og lenkja til skapnader i svarte djevelkostyme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når populærkultur blir religion

Andre populærkulturelle fenomen kan vise til kosmiske samanhengar og kontekstar som ikkje er tekne direkte frå religionar, men som likevel kan ha eit preg av religiøsitet.

Den økospirituelle bodskapen i filmen Avatar er eit døme på det. Livet på den fiktive planeten Pandora er i økologisk balanse. No blir planeten trua av jordbuarar som ønskjer å okkupere Pandora sidan jordkloden allereie er plyndra for naturressursar.

Nokon meiner at ein kan sjå filmen som eit uttrykk for ei veksande global økologisk rørsle som har form av ein religion. Saman med fanskaren som har oppstått etterpå, er denne filmen også eit døme på korleis populærkultur kan forme og formidle religiøsitet.

Det finst fleire døme på at populærkulturelle fenomen kan utvikle seg til religion. Eit døme er jediisme, som er bygd på George Lucas' Star Wars-univers. Eit anna døme er spiritualitet basert på Tolkiens bøker og etterfølgjande filmatiseringar, særleg Ringenes herre-trilogien og Silmarillion.

Fandom

Fandom er ei anna side ved populærkulturen som grensar tett opp til religion. Det dreier seg først og fremst om tilhengjarar av artistar eller fotballklubbar. Her er det kjensla av fellesskap og ekstase i møte med idola sine ein gjerne trekkjer fram.

Vi ser også at det kan danne seg ein slags kult rundt kjende personar. Eit døme på dette er Maradona-kyrkja, etter den kjende fotballspelaren Diego Maradona.

Menn i kvite kjortlar med ei julekrybbe der det er plassert ein figur av ein fotballspelar saman med ein knelande engel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fordjupingsstoff

Spennande artiklar og videoar om emnet:

Markus A. Davidsen i ReligionsOraklene: Hva skal til for at fantasy blir religion?

Trine Anker i ReligionsOraklene: Hva har fandom med religion å gjøre?

Kjelder:

Anker, T. (2019, 14. mars). Hva har fandom med religion å gjøre? ReligionsOraklene. https://religionsoraklene.no/hva-har-fandom-med-religion-a-gjore/

Botvar, P. K. & Schmidt, U. (Red.). (2014). Religion i dagens Norge: Mellom sekularisering og sakralisering. Universitetsforlaget.

Bøe, M. H. & Kalvig, A. (2020). Mennesker, meninger, makter: En introduksjon til religionsvitenskap. Cappelen Damm Akademisk.

Endsjø, D. Ø. & Lied, I. (2011). Det folket vil ha: Religion og populærkultur. Universitetsforlaget.

Gilhus, I. S. (2014). Medialisering og refortrylling: Religiøs endring i Norge. Din (1), 9–26. https://docplayer.me/17289470-Medialisering-og-refortrylling.html

Lomsdalen, C. (2019, 8. oktober). LL-180: Sissel Undheim om populærkultur i religionsfaget. Lektor Lomsdalens innfall. Lektor Lomsdalen. https://lektorlomsdalen.no/2019/10/ll-180-sissel-undheim-om-populaerkultur-i-religionsfaget/

Penguin. (2019, 19. september). Margaret Atwood on the real-life events that inspired The Handmaid's Tale and The Testaments. https://www.penguin.co.uk/articles/2019/sep/margaret-atwood-handmaids-tale-testaments-real-life-inspiration.html

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Kultur og religion i media