Hopp til innhold

Du er nå inne i en læringssti

Oppgaver og aktiviteter

Oppsummering: pronomen og eigedomsord

Når du har jobba deg gjennom all grammatikken og øvingane, er det på tide å oppsummere det du har lært.

Summer opp eigedomsord og pronomen i nynorsk

Lag di eiga regelbok om eigedomsord og pronomen. Når ein skriv regelbøker, bør ein alltid ha eksempel. Bruk eksempla nedanfor og formuler reglane for eigedomsord og pronomen på nynorsk.

Plassering av eigedomsord i nynorsk

  • Søstera mi har handballtrening i dag.
  • Dette er mi bok, ikkje di!

De og dei: Kva er forskjellen? Snakkar vi til nokon eller om nokon?

  • Kva vil de to gjere?
  • Kva vil dei to gjere?

Bokmål “deres”, nynorsk dykkar / dokkar eller deira

  • Kvar er foreldra ..., Inga og Jacob?
  • Dei to barna er nye på skulen. Eg kjenner ikkje foreldra …

“Den” eller han / ho?

  • Kvar er mjølka? – Ho står i skapet.
  • Denne desserten er best, den vil eg ha!

Nokon, noka eller noko?

  • Har du nokon mobilladar å låne meg?
  • Veit du om noka leilegheit som eg kan leie?
  • Har du noko skrivebord?
  • Har du nokon pengar?
  • Eg har lagt merke til noko rart.
  • Treng du noko mjølk?

Bokmålspronomenet “man”.

  • Ein veit aldri kva som kan skje i slikt vêr.
  • Vi veit ikkje kvifor dinosaurane døydde ut.
  • Har du pengar, har du ein ting mindre å bekymre deg over.

Ferdig? Godt jobba!

CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 23.08.2019

Siste steg i læringsstien

Du er nå på siste steget i læringsstien Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord

Læringsressurser

Nynorskkurs