Oppsummering: svake verb - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhold
Øvelse

Oppsummering: svake verb

Når du har jobba deg gjennom grammatikken og øvingane om svake verb, kan du repetere og oppsummere det du har lært her.

Øving 1

Repeter det du har lært

Pass på! Dei fleste spørsmåla i øvingsrekka nedanfor er ikkje vanskelege, men du får berre éin sjanse til å skrive inn svaret. Kor mange poeng klarer du å samle?

Øving 2

Lag din eigen grammatikk

  • Lag din eigen minigrammatikk, med overskrifta “Svake verb”.
  • Du skal skrive nynorsk, og punkta nedanfor skal vere hovudpunkta i minigrammatikken din.
  • Du skal forklare kva som er typisk for kvar enkelt gruppe, slik vi har gjort for a-verba nedanfor.
  • Under kvart hovudpunkt står det oppført eitt eller fleire verb. Dei skal du bruke som eksempel.
  • Du skal også skrive opp bøyingsmønsteret for alle desse verba.

Svake verb i nynorsk

A-verb

A-verba får til vanleg preteritumsendinga -et eller -a i bokmål (“jeg kastet” eller “jeg kasta”).

I nynorsk får dei -ar i presens, og -a i preteritum og presens partisipp.

  • å kaste – eg kastar – eg kasta – eg har kasta

E-verb

  • å lyse
  • å leve
  • å arbeide

J-verb

  • å fortelje

Kortverb

  • å bu

Uregelrette svake verb

  • å gjere
  • å seie
  • å eige
  • å vite
  • å legge
  • å sette
Skrevet av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 04.07.2019