Hopp til innhold

Du er nå inne i en læringssti

Oppgaver og aktiviteter

"Han" eller "ho" for "den"

"Den" er ikkje eit pronomen i nynorsk. I staden nyttar vi "han" eller "ho".

På bokmål bruker vi pronomena “han” eller “ho” når vi omtaler ein person, og pronomenet “den” når vi omtaler dyr, ting osb.

  • Har du sett Mathias? Han sa han skulle komme på treninga.
  • Har du sett sekken min? Den er blå.

På nynorsk unngår vi å bruke “den”, vi bruker “han” eller “ho”. På nynorsk skriv vi:

  • Har du sett Mathias? Han sa han skulle komme på treninga.
  • Har du sett sekken min? Han er blå.

Vi bruker altså ikkje “den” som pronomen i nynorsk. Men vi bruker “den” som peikeord:

  • Den såg eg ikkje komme!
  • Den sekken her er kanskje din?
  • Den raude genseren er favorittgenseren min.

Øving

CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 23.08.2019