Øvingar: a-verb, e-verb og kortverb - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhold
Øvelse

Øvingar: a-verb, e-verb og kortverb

A-verba, kortverba og dei fleste e-verba har veldig enkel samsvarsbøying av perfektum partisipp.
  • Perfektum partisipp av a-verba får ikkje bøying.
  • Perfektum partisipp av e-verb får -e i fleirtal.
  • Perfektum partisipp av kortverba får også -e i fleirtal.

Hankjønn og hokjønn eintal

Inkjekjønn eintal

Fleirtal

A-verb

kasta

kasta

kasta

Dei fleste e-verba

undersøkt
bygd

undersøkt
bygd

undersøkte
bygde

Kortverb

nådd

nådd

nådde

Øving

Tilleggsspørsmål: Kva for hovudgruppe verb høyrer a-verba, e-verba og kortverba til?

Dei høyrer til dei svake verba (dei som får ending i preteritum, anten -te, -de eller -dde).

Skrevet av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 27.06.2019