Substantiv som endar på -ar - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhold
Øvelse

Substantiv som endar på -ar

Mange av substantiva som på bokmål endar på -er, skal på nynorsk ha endinga -ar. Her får du vite kva som kjenneteiknar desse substantiva.

Sjå på desse eksempla:

Bokmål

Nynorsk

en elektriker

ein elektrikar

en amerikaner

ein amerikanar

en arbeider

ein arbeidar

I alle desse substantiva er det gøymt eit anna ord: å arbeide, Amerika, elektrisk osb. Substantivet er da nemninga på personen som arbeider, lærer bort, vinn, kjem frå Amerika eller jobbar som elektrikar. Slik bøyer vi desse substantiva:

  • ein arbeidar – arbeidaren – fleire arbeidarar – alle arbeidarane

Nokre substantiv som endar på -er i bokmål, får -er også i nynorsk, til dømes meister, vinter, kalender, meter, jeger og anger.

Øving 1

Som du no har lært, har substantiva som endar på -ar i nynorsk to kjenneteikn: Dei er avleidde av eit anna ord, og dei er nemningar på personar som utfører ei handling.

Sjekk eksempelorda nedanfor og avgjer om dei oppfyller desse to krava.

  • meister
  • vinter
  • kalender
  • meter
  • jeger

Øving 2

Øving 3

Av og til er det nødvendig å slå opp kjønn og bøying på eit substantiv.
Bruk nynorskordboka på nett.

  1. Slå opp substantivet “time”.
    1. Kva betyr bokstaven m etter ordet?
      Korleis får du opp bøyingsmønsteret for ordet?
  2. Slå opp orda hus og tid.
    1. Kva for bokstavar står etter orda, og kva tyder dei?
  3. I oversikta over bøyingsformene er omgrepa “ubunden form” og “bunden form” brukte. På nynorsksidene på NDLA bruker vi to andre omgrep, som kan brukast i både bokmål og nynorsk.
    1. Kva heiter dei?
Skrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 14.08.2019