Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

Kva kan du frå før om adjektiv?

Aller først i denne læringsstien skal du friske opp nokre fagomgrep, og du skal sjekke kva du hugsar om ordklassen adjektiv.
df

Kva er adjektiv?

Adjektiv står gjerne saman med substantiv og beskriv dei nærmare. Vi kan også kalle adjektiv for beskrivarord.

Adjektiv har samsvarsbøying: Dei blir bøygde i samsvar med substantivet dei står til.

  • Han er ein glad gut.
  • Ei lita jente opna døra.
  • Huset er fint.
  • Barna er snille.

Oppgåve 1

Sjekk om du kjenner desse fagomgrepa frå grammatikken.

Oppgåve 2

Sett orda som er utheva om til nynorsk. Ikkje bruk ordbok, berre notér korleis du trur orda skal skrivast. Fasiten får du når du går vidare i læringsstien!

  1. Han hadde ein rød bil, tok på seg den røde jakka si og gjekk for å kjøpe nokre røde eple. Men i staden handla han røde tomatar.
  2. Eg såg ei åpen dør og nokre åpne vindauge i huset.
  3. Han flagga med eit norsk flagg.
  4. Ein liten gut og ei liten jente gjekk saman til skolen.
  5. Oj, det var ein høy mann, høyere enn alle andre eg kjenner. Ja, faktisk trur eg han er den høyeste mannen eg har sett nokon gong.
  6. Dette bygget er meir moderne enn huset vårt. Ja, det er det mest moderne bygget i heile nabolaget.
  7. Har du flere søsken enn han? Ja, eg har flest søsken av alle på skolen.
CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 21.12.2018

Læringsressurser

Nynorskkurs