Hopp til innhold
Øvelse

Nokon e-verb som er litt spesielle

Dei fleste e-verba er enkle å bøye: Endar preteritumsforma på -te, så får perfektum partisipp endinga -t. Endar preteritumsforma på -de eller -dde, så får perfektum partisipp endinga -d eller -dd.

  • undersøker - undersøkte - har undersøkt
  • lever - levde - har levd
  • arbeider - arbeidde - har arbeidd

Når perfektum partisipp av desse e-verba blir brukt som adjektiv, treng vi berre hugse på fleirtals-e: ein undersøkt pasient, eit undersøkt barn, undersøkte pasientar.

Men det finst nokon få e-verb som skal ha -de i preteritum og -t i presens perfektum. Verba på lista nedanfor bruker vi ofte, og derfor er det lurt å kunne dei:

  • gløymer – gløymde – har gløymt
  • drøymer – drøymde – har drøymt
  • høyrer – høyrde – har høyrt
  • køyrer – køyrde – har køyrt
  • slenger – slengde – har slengt
  • stenger – stengde – har stengt
  • sender – sende – har sendt
  • å melde – melde – har meldt

Når vi bruker perfektum partisipp av desse verba som adjektiv, må vi passe på litt ekstra. Vi bøyer dei slik:

ein stengd butikk – ei stengd dør – eit stengt lokale – stengde svømmehallar

Øvingar




Skrevet av Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 28.06.2019