Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Kunnskap om funksjonshemmingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barn med utviklingshemming i grunnskulen

Det å få grunnskuleopplæring er ein rett og ei plikt som gjeld alle barn. Tidlegare var det eit eige spesialskulesystem for barn med særskilde behov, men idealet i dag er at alle barn skal kunne gå på den same skulen i nærmiljøet uavhengig av føresetnadene til barnet og familien.

Voksen og barn står ved datamaskin. Foto.

Barn med utviklingshemming er barn som ofte treng ekstra oppfølging og hjelp. Barn som ikkje har utbytte av vanleg undervisning, har krav på spesialundervisning, men det er ikkje ein diagnose eller at barnet har nedsett funksjonsevne som utløyser spesialpedagogisk hjelp.

Likeverdig, inkluderande og tilpassa opplæring

I lovverk og føringar bruker ein omgrepet særskilde behov. Uavhengig av diagnose er det elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, som har rett til spesialundervisning.

Likeverdig, inkluderande og tilpassa opplæring er nasjonale mål og overordna prinsipp for alle sidene ved opplæringa i den norske skulen.

Likeverdig opplæring betyr at alle skal ha like høve til opplæring, uavhengig av evner og anlegg, alder, kjønn, hudfarge, seksuell orientering, sosial bakgrunn, religiøs eller etnisk tilhørsel, bustad, utdanninga til familien eller økonomi.

Det er brei semje om inkluderingsidealet og målet om tilpassa opplæring, men det er ofte eit stort gap mellom ideala og praksisen i skulen. Dette kan ha fleire årsaker, men ein av grunnane kan vere at det er uklart kva inkludering og tilpassa opplæring vil seie. Inkludering og tilpassa opplæring omfattar heile skulesystemet og er ikkje eit spesialpedagogisk verkemiddel eller omgrep som berre handlar om elevar med særlege behov.

Det inkluderingsidealet som ein har for norsk skule, er også fundert i internasjonale erklæringar og konvensjonar som Salamancaerklæringa og FNs barnekonvensjon. Likevel er det mange barn med utviklingshemming som ikkje går i vanleg skule, og ofte blir desse barna tekne ut av klasserommet og får opplæring åleine eller i mindre grupper. Dette er ei utvikling som kanskje ikkje er i samsvar med inkluderingsidealet, men det er mange som opplever at skuletilbodet ikkje er tilfredsstillande i eit ordinært klasserom.

Les meir på naku.no.

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter