Hopp til innhald

Fagstoff

Løysingsforslag eksamen i kommunikasjon og kultur 3

Korleis kan du løyse eksamensoppgåvene i dømesettet frå Utdanningsdirektoratet? Her får du eit løysingsforslag basert på ressursane i faget på NDLA.

Oppgåvesettet på UDIR

Heile oppgåvesettet og rettleiinga finn du på nettsidene til Utdanningsdirektoratet: Eksempeloppgave i kommunikasjon og kultur 3 (krev passord).

Oppgåve 1

Oppgåvetekst

Bruk plakaten frå Kirkens bymisjons julekampanje 2021. Vurder om verbale og visuelle element i teksten er eigna til å formidle bodskapen frå avsendar til mottakar.

Tilrådd lengde omtrent 250 ord.

Løysingsforslag

Formålet med kampanjen er å samle inn pengar til Kirkens Bymisjon. Bymisjonen jobbar gatenært med rusmisbrukarar og andre utsette grupper.

Plakaten er sett saman av to nærbilete av ansikta til ei ung jente og ei vaksen kvinne. På biletet av jenta står teksten "Livet blir ikke alltid slik man tror". Nedst i høgre hjørne er det ein oransje gåvelapp med teksten "Gled en som gruer seg til jul".

Bileta skal skape sympati for alle som treng hjelp frå Kirkens Bymisjon. Sympatien blir skapt ved å kople saman håpet og uskylda i ansiktet til barnet og spora av det harde livet i ansiktet til den vaksne. Informasjonskopling gjer at vi tolkar at bileta er av den same personen, tekne på ulike punkt i livet. Barnet ser ubekymra inn i kameraet, mens blikket til den vaksne kvinna krev respekt. Mellom dei to bileta aner vi at det ligg ein tragedie. Vaksne rusmisbrukarar er langt nede på rangstigen i samfunnet og blir ofte omtalte som noko som skjemmer gatebiletet. Orda på biletet av jenta får oss til å hugse på at rusmisbrukaren du går forbi på gata, ein gong har vore eit barn med framtidsdraumar, akkurat som deg. Orda på gåvelappen minner oss på at vi kan gjere noko for å hjelpe.

Som mottakar blir du sett i ein slags maktposisjon som ein som vurderer sårbarheita til dette mennesket, utan at ho kan sjå deg. Samtidig føler du på eit ansvar for å gjere livet hennar litt betre. Derfor vil eg seie at kommunikasjonen i denne teksten er svært vellykka viss formålet er å vekke desse kjenslene av ansvar og plikt til å hjelpe.

Oppgåve 2

Oppgåvetekst

På førebuingsdagen las du ein transkripsjon av eit klipp frå NRK-serien Heimebane (2018). Du hadde òg mogelegheit til å sjå filmklippet. Transkripsjonen finn du lenger ned på sida.

Ta utgangspunkt i teksten og gjer greie for korleis omgrep frå pragmatikken kan brukast til å analysere kommunikasjonen. Gi minst eit konkret døme.

Tilrådd lengde omtrent 250 ord.

Løysingsforslag

Vi kan bruke omgrep frå pragmatikken til å analysere og beskrive kva slags språkhandlingar deltakarane i ein samtale utfører: konstativar, direktivar, kommissivar, ekspressivar og kvalifiseringar.

Omgrepet implikatur beskriv det som blir sagt mellom linjene i ein samtale, det som ikkje blir sagt direkte. I sitatet eg har valt frå samtalen, kan vi seie at Michaels ytring er eit døme på dette:

"Michael: Ja, jeg bare lurte. Nå har ikke jeg noe mastgrad i fotball, dessverre.
<Laget ler>
Michael: Det går vel an å ha ambisjoner om begge deler, kanskje?"

"Otto: Kor rævva e det du tenke at vi e, egentlig?
Helena: Æ syns ittj at dåkker e rævva."

Når Michael seier at han ikkje har "noe mastgrad i fotball", er ikkje det ein enkel konstantiv som har som formål å informere Helena om kva slags utdanning han har. Gjennom implikatur forstår vi at det å ha ein mastgrad i fotball ikkje er noko som gjer Helena kvalifisert som fotballtrenar, tvert imot signaliserer den sarkastiske tonen til Michael at den teoretiske tilnærminga hennar ikkje har nokon verdi i garderoben.

Og når Otto spør Helena om kor "rævva" ho tenker at laget er, er det ikkje ei spørjesetning, ein direktiv, som ber ho om eit svar, men eit spørsmål som gjennom implikatur tillegg ho syn og meiningar som ho ikkje har gitt uttrykk for.

Dei mannlege deltakarane i samtalen bryt her med Grices fire grunnreglar for kommunikasjon som postulerer at deltakarane i ein samtale bør vere oppriktige, informative, relevante og klare i kommunikasjonen. Helena, derimot, prøver å halde seg til grunnreglane. Ho svarer oppriktig på spørsmålet, men denne direkte tilnærminga fungerer ikkje når dei andre deltakarane bruker hersketeknikkar.

Litteraturliste

Hagen, I. (2022, 23. mars). Språkhandlingar. NDLA. https://ndla.no/article/33417

Økland, T. G., Aksnes, M., Moe, M. J. & Hagen, I. (2022, 25. februar). Indirekte språkhandlingar. NDLA. https://ndla.no/article/35518

Oppgåve 3

Oppgåvetekst

På førebuingsdagen jobba du med kronikken "Når er en same god nok? av Egil Pedersen.

Bruk kronikken og to sjølvvalde tekstar frå førebuingsdelen. Drøft korleis tekstar kan skape, verne og utfordre forståinga til kulturar av tilhøyrsel og utanforskap.

Løysingsforslag

Tekstar som inkluderer og ekskluderer

Eg skal bruke sosialkonstruktivistiske perspektiv på tekst, kulturell identitet og representasjon til å sjå på korleis to tekstar kan skape, verne og utfordre kulturar si forståing av tilhøyrsel og utanforskap. Tekstane eg har valt å sjå på i tillegg til Egil Pedersens kronikk om å ikkje vere same nok, er utdrag frå Hør her'a! og omdømmekampanjen for Forsvaret.

Eit sosialkonstruktivistisk perspektiv bryt med synet på ei objektiv sosial verkelegheit, fordi det inneber at vi skaper og attskaper verkelegheita kvar gong vi fortolkar ho. Diskursteori bygger på eit slikt perspektiv, med tesen om at språkbruk og ytringar aldri er nøytrale. Det vil alltid ligge eit perspektiv bak som anten stadfestar eller utfordrar verdiar og verdsbilete.

Kulturteoretikaren Stuart Hall peikte på korleis identitetar og tekstar står i eit gjensidig, formande forhold. Han peikte på at representasjonar i ord og bilete ikkje er nøytrale attgivingar av verda, men ein rekonstruksjon der ideologiar og bestemde ståstader påverkar kven som blir representerte, og ikkje minst korleis dei blir framstilte (Baker, 2021b). Identiteten blir då eit sjølvbilete som blir forma i samspelet med omgivnadene. Frå ein slik teoretisk ståstad er det interessant å sjå på korleis desse tre tekstane på kvar sin måte formar idéar om kven som er innanfor, og kven som er utanfor i den kulturelle fellesskapen som blir ramma inn av nasjonalstaten Noreg.

Stereotypiar, fordommar og identitet

Våre oppfatningar av ei gruppe menneske blir påverka av korleis dei blir framstilte i tekstar. Viss dei blir framstilte stereotypisk, får vi eit unyansert bilete som gjerne stadfester fordommane vi har.

Fordommar er nødvendige for at vi skal kunne forstå verda på ein rask og effektiv måte. Dei gir oss kategoriar for ulike fenomen i verda, og dette hjelper oss med å sortere sanseinntrykk. Men nokre gonger kan slike kategoriar føre til ekskludering, slik som Egil Pedersen beskriv i kronikken "Når er en same god nok?". Han har opplevd at samisk identitet er basert på kriterium som diskvalifiserer han frå å bli "godkjend" som same.

Kulturell identitet er den delen av identiteten som kjem frå tilhøyrselen til ein kulturell fellesskap. I Pedersens tilfelle stemmer ikkje opplevinga hans av tilhøyrsel med korleis dei andre i den same fellesskapen ser på han. Frå tidleg barndom har han opplevd at den samiske kulturelle identiteten hans ikkje blir anerkjend fordi han ikkje kan snakke samisk flytande. Samtidig har han opplevd hets frå den norske majoritetsbefolkninga fordi han er same, og han har dermed ikkje hatt mogelegheita til å føle seg innanfor i den fellesskapen, heller.

Kulturell identitet er ofte definert opp mot andre grupper, dei som ikkje er "oss", men "dei andre". Pedersen har opplevd å høyre til "dei andre" hos begge gruppene han kunne hatt tilhøyrsel i, ein dobbel utanforskap. Årsaka til dette kan vere at representantar frå begge gruppene har eit essensialistisk perspektiv på kultur og kulturell identitet, der kultur er ein slags indre eigenskap og noko du har, ikkje noko du gjer. Kriteria for å vere innanfor blir fort snevre og knytte til ytre kjenneteikn. Det gir heller ikkje rom for nyansar og endring, sjølv om dette er heilt sentrale eigenskapar ved kulturen i dag; folk frå ulike kulturelle fellesskapar lever tett på kvarandre, giftar seg med kvarandre. Kulturelle impulsar frå heile kloden strøymer inn i liva våre via smarttelefonar og tv-skjermar.

Det er viktig å anerkjenne at den samiske essensialismen som Pedersen skildrar, kanskje heng saman med trusselen mot den samiske kulturen som fornorskingspolitikken utgjorde. Fleire generasjonar samiske barn blei sende på internatskular der dei ikkje fekk lov til å snakke morsmålet sitt eller leve ut kulturen sin på andre måtar. Med dette som bakteppe er det ein forståeleg motreaksjon at grensa mellom det samiske og det norske blir trekt opp så tydeleg som det Pedersen opplever.

Pedersens kronikk kan vere med på å skape aksept for fleire måtar å vere samisk på. Kanskje kan han både forandre stereotypiske oppfatningar hos majoritetsbefolkninga og skape ei meir inkluderande haldning hos dei som opptrer som portvaktarar for samisk identitet.

Forsvarets kampanje og forteljingar om det norske

Vi kan trekke ein parallell frå Pedersens tekst til diskusjonen rundt kva som er ein norsk kulturell identitet, forstått som ein essens av norskskap, etter lausrivinga frå Danmark og grunnlova i 1814. To hundre år etter blir det framleis diskutert kven som er "innanfor og utanfor" i den norske fellesskapen, men med aksept for fleire ulike måtar å vere norsk på.

Norsk kunst- og litteraturhistorie i åra etter 1814 er eit godt døme på korleis tekstar kan bidra til å forme idéar om nasjonale fellesskapar på tvers av regionale og økonomiske forskjellar. Tekstane frå perioden blei leverandørar av ideal, verdiar og symbol som folket kunne slutte seg til. Motiv frå bondekulturen og norsk natur med fjord og fjell er framleis ein viktig del av det norske, nasjonale sjølvbiletet.

I kampanjen til Forsvaret skaper biletet av norsk natur med fjord og fjell og det norske flagget assosiasjonar til mange ulike tekstar om norskskap og norske verdiar. Alle desse tekstane bidreg saman til å skape ein førestilt fellesskap på tvers av forskjellar i Noreg, og dermed kjensla av å høyre til noko større enn oss sjølve i kraft av å vere norske.

Det norske fellesskapen blei sett på ei prøve under okkupasjonen av tyskarane, og denne vanskelege tida har gitt forteljinga om det norske eit nytt galleri av heltar og skurkar. Motstandsrørsla har naturleg nok blitt framheva som heltar som ofte ofra livet i kampen for eit fritt Noreg, og kampanjen vil at vi som lever trygge og gode liv i Noreg, skal minnast desse heltane og ikkje ta fridommen for gitt. I etterkant er det veldig lett å sjå kven som er innanfor: motstandsfolk og gode nordmenn, og kven som var utanfor: dei som samarbeidde med nazistane. Norske patriotar var derfor etter frigjeringa med på å skamklippe og hetse unge kvinner som hadde hatt forhold til tyske soldatar.

Forfattar Marte Michelet rokka ved heimefrontnarrativet frå andre verdskrigen i boka Hva visste hjemmefronten? frå 2018. Ho peikte på antisemittiske haldningar som årsak til at det å redde jødane frå å bli deportert ikkje blei prioritert (Baker, 2021c). Boka vakte sterke reaksjonar, kanskje nettopp fordi ho ramma ein så grunnleggande del av den norske forteljinga, og ho rota til det skarpe skiljet mellom god og vond, helt og fiende.

Hør her'a!

Representasjon handlar òg om kven som er synlege i offentlegheita, ikkje berre korleis dei blir omtalte. Når du aldri ser menneske som deg sjølv i media og andre kulturuttrykk, kan det tolkast som eit signal om at det ikkje er plass for "sånne som deg" i samfunnet. Hør her'a! gir ei stemme til dei av oss som opplever å stå med eitt bein i to ulike kulturar, og som må balansere motstridande kulturelle verdiar frå fleire hald.

Eg-forteljaren i utdraget er ein 15 år gammal gut som heiter Mahmoud og bur i blokk i utkanten av Oslo ein stad. I utdraget ser vi korleis dei kollektivistiske verdiane frå heimlandet til faren står i kontrast til individualismen i den norske kulturen:

"Nordmenn lærte oss å finne seg sjæl. Pakistanske foreldre tar sandal og smacker deg så hardt at du ikke finner utgangsdøra engang, hvordan i helvete skal du finne deg sjæl?

I eit fleirkulturelt samfunn som Noreg er, vil mange identifisere seg med dilemmaet til hovudpersonen. Teksten gir òg eit humoristisk utanfråblikk på det norske samfunnet og velstanden som gjer at vi lengtar tilbake til det enkle i form av hytter med utedo. Det blir sett opp mot overlevingsverdiane som pregar kulturen i heimlandet til faren: "Bro, pappaen min tok ikke tog og container til Norge gjennom Tyskland og Danmark for å bæsje ute. I utedo med sånn skeiv trevegg. Bygning som holder på å falle. Han kom til vakre, lange Norge for å bæsje inne."

Slike skildringar blir sjølvsagt generaliseringar, og vi veit at det er større kulturell kompleksitet innanfor det som blir definert som norsk eller pakistansk. Litteraturvitar Edward Said var oppteken av korleis forteljingar om "ville" innfødde frå reiseskildringar og romanar som Robinson Crusoe la grunnlaget for kolonialismen. Han snakka om det vestlege perspektivet på "dei andre" som eit syn som konstruerte ikkje-vestlege som primitive og irrasjonelle, opp mot Vestens rasjonalitet og sivilisasjon (Baker, 2021c). Med Hør her'a! kjem Gulnaz desse fordommane i møte ved å beskrive både Noreg og Pakistan med humor og overdrivingar. På den måten viser han at det nettopp er berre kultur som skil oss, ved å vise oss menneskelegheita vi har til felles.

Desse tre tekstane er alle med på å trekke opp grenser mellom kven som er innanfor, og kven som er utanfor. Forsvarets kampanje bygger vidare på forteljingar som har lange røter, og som er ein del av grunnfjellet som idéen om ein nasjon er bygd på. Dei to andre kan bidra til å utfordre eller utvide idéane vi har om kven "vi" og "dei andre" er i dei kulturelle fellesskapane våre.

Litteraturliste

Baker, C. N. (2021, 30. august). Teoriar om kultur og identitet. NDLA. https://ndla.no/article/32468

Baker, C. N. (2021, 30. september). Kva er diskurs? NDLA. https://ndla.no/article/32860

Baker, C. N. (2021, 29. november). Tekstar og nasjonale og globale sjølvbilete. NDLA. https://ndla.no/article/34334

Baker, C. N. (2022, 24. juni). Kulturelle verdiar i kommunikasjonen. NDLA. https://ndla.no/article/35075

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2023

Læringsressursar

Om faget