Hopp til innhald
Fagartikkel

Fagfornyinga i kommunikasjon og kultur 3 på NDLA

Vi har fornya innhaldet i kommunikasjon og kultur 3 på NDLA. Her kan du lese om revisjonen av faget.

Ny læreplan i kommunikasjon og kultur

Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 er utgangspunktet for revisjonen av faginnhaldet i kommunikasjon og kultur 3 på NDLA. Kjerneelementa kulturell identitet, kommunikasjon, tekst og verkelegheit og teori og metode beskriv det viktigaste elevane skal lære i kommunikasjon og kultur, mens kompetansemåla i kvart fag gir meir spesifikke skildringar av mål for opplæringa.

I læreplanen for kommunikasjon og kultur 3 er teoriar om diskurs, semiotikk, pragmatikk og kultur nemnt spesifikt i det første kompetansemålet. Vidare går det fram av kompetansemåla at elevane mellom anna skal arbeide med ulike sider ved kommunikasjon, rolla kulturuttrykk har i identitetsdanning, og korleis kommunikasjonsteknologi påverkar mellommenneskelege relasjonar og sjølvrepresentasjon. Bruk av kjelder, teori og metode er òg sentralt i faget.

I fagressursane legg vi oss tett opp mot ordlyden i læreplanen, slik at det skal vere lett å sjå samanheng mellom læreplan og innhaldet i faget.

Meir om fagressursane

I fagartiklane er det grundige gjennomgangar av relevante teoriar, saman med tekstdøme og døme på analyse. Kortare "tenk over"-spørsmål og diskusjonsoppgåver undervegs i fagartiklane hjelper elevane i lesinga og koplar fagstoffet til deira eigen røyndom.

I oppgåveressursane legg vi vekt på at elevane skal bruke relevante teoriar og omgrep, at dei skal vere utforskande og skapande, og at dei òg kan trekke inn sine eigne erfaringar. Oppgåvene tek ofte utgangspunkt i ein eller fleire tekstar.

I fleire av oppgåveressursane foreslår vi ulike måtar elevane kan presentere oppgåver og arbeid på. Dette kan til dømes vere å lage ein podkast, ein film, ein digital presentasjon, ein munnleg presentasjon eller eit skriftleg arbeid. I faget vil det òg finnast forslag og tips til korleis elevane kan forme ut og skape sine eigne tekstar.

Struktur

Vi har valt å strukturere faginnhaldet på følgande måte i kommunikasjon og kultur 3:

  • Om faget: Her finn du informasjon om fagfornyinga i kommunikasjon og kultur 3 og eit forslag til årsplan.

  • Kulturell identitet: I dette emnet finn du fagressursar om kulturuttrykk og kulturell identitet, korleis verkelegheitsforståinga til kulturar kjem til uttrykk i tekst, og ressursar om diskurs.

  • Kommunikasjon: I dette emnet finn du fagressursar om språk- og samtaleanalyse, semiotikk, interkulturell kommunikasjon og korleis kommunikasjonsteknologi påverkar relasjonar og sjølvrepresentasjon.

  • Bruke kjelder, teori og metode: Her finn du ressursar om kjeldekritikk og kjeldebruk og tips til bruk av teori og metode i analysar og oppgåver.

Vi håpar fagressursane og forslaget til årsplan vil vere til nytte og inspirasjon i arbeidet med kommunikasjon og kultur 3. Følg oss gjerne på kommunikasjon og kultur på Facebook for fleire oppdateringar!