Hopp til innhald

Fagstoff

Førebu deg til munnleg-praktisk eksamen

På munnleg-praktisk eksamen skal du vise at du kan nytte det du har lært i kommunikasjon og kultur 3. Korleis stille godt førebudd? Skaff deg oversikt over tema, tekstar, teoriar og analyseverktøy.
Ei smilande jente framfor ein stor skjerm med teksten Presentasjon. Ho held eit manuskript i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Må du kunne "alt"?

Formålet med ein munnleg-praktisk eksamen er at du skal få vist at du har forstått teorien i faget og kan bruke han i praksis, til dømes ved å analysere tekstar. Teoriane du skal kunne, er beskrivne i kompetansemåla i faget.

Du finn kompetansemåla etter kommunikasjon og kultur 3 på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Førebuingstida

Frå du blir trekt ut til eksamen i faget, har du 48 timar på å førebu deg før sjølve eksamen. Det er vanleg å møte faglæraren sin rett etter trekket. Då får du eit overordna tema og kompetansemåla som er knytte til det. Du kan få eit analyseoppdrag og problemstilling saman med nokre tekstar som klargjer temaet.

Det er meininga at du skal bruke dei to dagane til å førebu deg. Du skal òg ha ein faglærar tilgjengeleg i denne perioden. Læraren kan til dømes gi råd om du bør velje presentasjon eller ikkje. Du kan òg diskutere og snakke med medelevar om temaet i denne perioden, men hugs at du på sjølve eksamen skal svare på ei anna problemstilling enn dei andre, og du må klare deg åleine. Ikkje la nervøsiteten eller uvissa til andre påverke deg, men stol på deg sjølv.

Bruk førebuingstida til å repetere og lese deg opp på temaet du har trekt. Det er lurt å lage eit tankekart til temaet og/eller problemstillinga du har fått, slik at du får ei oversikt over kva det kan vere relevant å snakke om under eksamen.

Kva er eigentleg ei problemstilling?

Ei problemstilling er eit grunngitt forskingsspørsmål. Til eksamen inneber det at du får eller blir bede om å lage eit spørsmål du kan utforske ved hjelp av den kunnskapen du har tileigna deg i faget.

Kva tema kan eg få?

Her får du eit døme på eit tema som kan knytast til mange mål i læreplanen, og ei problemstilling som opnar for at du kan utforske frå fleire perspektiv gjennom analysar av konkrete kulturuttrykk og tekstar.

Tema

"Russefeiring som kulturelt fenomen"

Problemstilling

Vel eigna metodar, teoretiske perspektiv og analyseverktøy til å utforske temaet du har fått delt ut.

Ulike løysingsforslag

Her får du tre ulike forslag til korleis du kan angripe problemstillinga, med lenker til aktuelle ressursar i faget kommunikasjon og kultur 3 på NDLA.

  1. Bruk kulturkrinsløp-modellen til å analysere ein russegenser, russelåt eller russebuss. Denne modellen opnar for brei analyse av fenomenet og den kulturelle konteksten det oppstår i, frå produksjon til konsum. Eit døme på korleis du kan bruke denne, finn du i artikkelen Kulturkrinsløp-modellen.

  2. Gjer ei diskursanalytisk utforsking av kjønn og russefeiring med utgangspunkt i sjølvvalde russelåtar og bilete frå sosiale medium. Forklaring på korleis du kan gjere diskursanalyse, finn du i ressursen Korleis gjere diskursanalyse?

  3. Gjer djupneintervju med elevar i vidaregåande skule for å forstå og utforske makt og kommunikasjon i samband med russegrupper. Bruk teoriar om kultur og kunnskap om kommunikasjon og sosiale faktorar og kulturelle verdiar til å tolke og analysere intervjuet, i tillegg til kunnskap om språklege mønster og pragmatikk. Forslag til teorigrunnlag finn du her:

Kva problemstillingar er aktuelle?

I førebuingsdelen til eksamen i kommunikasjon og kultur 3 skal du få tildelt eit breitt tema som kan dekke store delar av læreplanmåla og kjerneelementa i faget.

Så kan du få ei problemstilling eller eit analyseoppdrag knytt til temaet, eller du kan bli bede om å forme ut dette sjølv. Sidan dette er ein lokalgitt eksamen, blir dette utarbeidd på kvar enkelt skule, men målet er at du skal få vise så brei kompetanse i faget som mogleg.

Du kan til dømes bli bede om å gjennomføre ein samtaleanalyse, forske på eit kulturelt fenomen/kulturuttrykk eller analysere ein tekst eller eit kulturuttrykk. I lenkene under finnar du meir fagstoff frå NDLA som går nærare inn på dette.

Samtaleanalyse

Utforske eit kulturelt fenomen eller kulturuttrykk

Analysere tekst eller kulturuttrykk

Korleis velje teoriar og metodar?

I løpet av skuleåret har du lært å bruke mange ulike teoriar og metodar i faget. Ei viktig ferdigheit i faget er nettopp å velje metodar, omgrep og teoriar sjølv. Synest du det er vanskeleg å velje kva du kan bruke? Og har du klart for deg kva som er forskjellen på teori og metode?

Her kan du lese meir i fagartiklar på NDLA:

Eksamensdagen

Korleis du førebur deg til eksamensdagen, kjem an på om du vel å halde ein presentasjon i første del, eller om du berre vil ha fagsamtale i alle dei 45 minutta eksamen varer.

Presentasjonen

Viss du vel å lage ein PowerPoint-presentasjon, er det lurt å unngå for mykje tekst. 10–20–30 kan vere ein god tommelfingerregel: maksimum 10 lysbilete – maksimum 20 minutt – minimum skriftstorleik 30. Kanskje er det òg lurt å bruke meir bilete enn tekst? Hugs at sjølve PowerPoint-presentasjonen ikkje skal vere manuset ditt.

Øv på framføringa før eksamensdagen! Du har sikkert lært om dei fem arbeidsfasane i retorikken i norsktimane, der memoria er den nest siste. I antikken brukte dei såkalla retorane memoreringsteknikkar for å hugse kva dei skulle seie. Kanskje kan du la deg inspirere av nokon av dei gamle meistrane i retorikk? Det er alltid meir interessant å høyre på nokon som snakkar fritt om eit emne, enn nokon som les opp frå manus. Dette gjeld faktisk på eksamen òg.

Treng du fleire tips til sjølve eksamensdagen? Les artikkelen Gjer det bra på munnleg eksamen.

Fagsamtalen

Viss du vel å førebu ein presentasjon, utgjer fagsamtalen del 2 av eksamen og varer i cirka 20 minutt. Viss ikkje startar du rett på fagsamtalen, som då varer i inntil 45 minutt. I begge tilfelle gjeld følgande:

  • Fagsamtalen kan omfatte alle kompetansemåla knytte til det temaet du har trekt.

  • Dersom du ikkje får vist nok kompetanse i faget innanfor det temaet du har trekt, kan du få spørsmål frå andre delar av læreplanen.

  • Du får ikkje vite på førehand kva spørsmål som blir stilte i fagsamtalen.

Til lærar – undervisningsopplegg eksamenstrening

Det finst fleire gode modellar som kan brukast for å la elevane få eksamenstrening. Her er eit døme på ein måte å gjere dette på, det er utvikla av lærarar ved Kongsberg videregående skole.

Døme 1

La elevane arrangere eksamen på eiga hand.

Faglærar lagar eit sett med eksamensoppgåver som dekker alle kompetansemåla i faget, og deler klassen i grupper på fire. Gruppene trekker ei oppgåve kvar. I alle oppgåvene er det oppgitt aktuelle kompetansemål og vurderingskriterium. (Alternativ: Elevane gjer heile denne jobben òg.)

Gruppene gjer seg kjende med oppgåva og korleis munnleg eksamen skal gå føre seg. Deretter blir følgande roller fordelte:

  1. elev som presenterer svar på tema/problemstilling/analyseoppdrag i del 1

  2. elev som skal gjennomføre fagsamtalen i del 2

  3. eksaminator

  4. sensor

Elevane gjer seg kjende med kva som er forventa av dei ulike rollene, og avklarar om dei hoppar over del 1. Dersom dei gjer det, blir fagsamtalen delt i to, og dei to elevane tek ansvar for kvar sin del.

Elevane får tid til å førebu seg på skulen. Deretter blir "eksamen" arrangert gruppevis mens læraren og ei eventuell opponentgruppe er tilhøyrarar. Gruppa gjennomfører heile oppdraget utan noka form for innblanding. Faglærar observerer. Seansen blir avslutta med at sensor set karakter.

Dette kan gjennomførast som ei rein treningsøkt, men det kan òg fungere å gi individuell undervegsvurdering med karakter. Då er det viktig at faglærar har laga vurderingskriterium for dei ulike rollene.

Grupper som lykkast med dette, forstår at det lønner seg med teamarbeid, og at det heile faktisk kan øvast inn som eit slags rollespel. Dermed får alle i gruppa innsyn i alle rollene.

Det kan vere fint å runde av arbeidet med ein liten refleksjonslogg der elevane beskriv læringsutbytte og eventuelle utfordringar undervegs.

Døme 2

Faglærar lagar eit sett med eksamensoppgåver som dekker alle kompetansemåla i faget, og deler klassen i to.

I alle oppgåvene er det oppgitt aktuelle kompetansemål og vurderingskriterium. Elevane trekker oppgåver og rolle. Halvparten av klassen skal førebu seg på del 1. Den andre halvparten av klassen skal førebu seg på del 2.

Fagsamtalane blir gjennomførte individuelt og vurderte med karakter av faglærar. Elevar som gjennomfører del 1, formidlar resultatet som ein PowerPoint-presentasjon med lyd og bilete. Presentasjonen blir vurdert med karakter av faglærar.

Meir tid til disposisjon? Køyr motsett rollefordeling og la oppgåvene rullere.

Kjelder

Buskerud fylkeskommune. (2023, 17. desember). Muntlig-praktisk eksamen i Kommunikasjon og kultur 3 – Eleveksamen. https://bfk.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokument-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-kommunikasjon-og-kultur-3-eleveksamen.187079.aspx

Nordland fylkeskommune. (2024, 23. februar). Eksamen for elever. Eksamen for elever. https://www.nfk.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen/eksamen-for-elever/

Utdanningsdirektoratet (2020, 10. desember). Regler for muntlig eksamen og muntlig-praktisk eksamen. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/muntlig-eksamen/

Vestland fylkeskommune (u.å.). Munnleg-praktisk (MP) eksamen. Henta 9.februar frå https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/eksamen-og-standpunkt/retningslinjer-m-mp-og-p-eksamen---elev/munnleg-m-eksamen/

Østfold fylkeskommune. (2023, 17. desember). Muntlig-praktisk eksamen i Kommunikasjon og kultur 3 – Eleveksamen. https://ofk.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokument-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-kommunikasjon-og-kultur-3-eleveksamen.188351.aspx

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Hanne Berit Eid.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2024

Læringsressursar

Om faget