Årsplan i kommunikasjon og kultur 3 - Kommunikasjon og kultur 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Årsplan i kommunikasjon og kultur 3

Her finn du eit forslag til årsplan i kommunikasjon og kultur 3.

Årsplanen i kommunikasjon og kultur 3 speglar det som står beskrive i kjerneelementa og kompetansemåla i læreplanen. Årsplanen tek òg omsyn til intensjonen til læreplanen om utforsking og djupnelæring, og det er lagt opp til at elevane arbeider med emne over lengre periodar.

For kvart emne finn du forslag til fagstoff og oppgåver som er i tråd med læreplanen når det gjeld kva arbeidsmåtar og kompetansar elevane skal øve på i faget. Fleire av oppgåvene kan brukast til fordjuping og/eller i vurderingssituasjonar, anten ved avslutning av eit emne eller ved terminslutt. I emnet Bruke kjelder, teori og metode finn du ressursar som er relevante gjennom heile skuleåret.

I årsplanen er det er lenka direkte til aktuelle fagartiklar, oppgåver og tekstar. Vi håpar forslaget til årsplan kan vere til inspirasjon og nytte i arbeidet med kommunikasjon og kultur 3. Last gjerne ned planen, og tilpass han til gruppa di.

Skrive av Caroline Nesbø Baker og Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022