Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis går munnleg-praktisk eksamen føre seg?

På munnleg-praktisk eksamen skal du vise at du kan bruke det du har lært i kommunikasjon og kultur 3, i praksis. Her får du ei beskriving av korleis eksamen kan gå føre seg.
Ei smilande jente framfor ein stor skjerm med teksten Presentasjon. Ho held eit manuskript i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva vil det seie at eksamen er munnleg-praktisk?

I kommunikasjon og kultur 3 kan du bli trekt ut til både skriftleg og munnleg eksamen. Den munnlege eksamen i faget er det vi kallar munnleg-praktisk, fordi det blir lagt vekt på at du som elev skal vise at du kan bruke teoriar i praksis.

Eksamensoppgåvene skal ikkje be deg om å gi att og presentere kunnskap, men gi deg høve til å vise at du kan bruke kunnskap til å utføre ulike analyseoppdrag eller løyse ulike problemstillingar. Du skal få bruke verktøykassen din med omgrep, teoriar og modellar om kommunikasjon og kultur. Det du skal kunne, er beskrive i kompetansemåla i faget.

Du finn kompetansemåla etter kommunikasjon og kultur 3 på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Eksamen er lokalgitt

Denne eksamensforma er lokalgitt. Det betyr at fylket der du går på skule, utarbeider eigne retningslinjer for korleis eksamen skal gjennomførast. Det er faglærarar ved skulen som lagar eksamensoppgåvene i tråd med retningslinjene.

Det kan vere lokale variasjonar i retningslinjene, derfor er det viktig at du sjekkar retningslinjene som gjeld i fylket ditt. Dette skal ligge tilgjengeleg på nettsidene til skulen eller fylket. Beskrivinga under er basert på beskrivinga av retningslinjer frå fleire fylke, og dessutan retningslinjer og gjennomføring av munnleg-praktisk eksamen på Kongsberg vidaregåande skule.

Korleis går eksamen føre seg?

Eksamen har to førebuingsdagar der du har høve til å få rettleiing. Ein faglærar skal vere tilgjengeleg for å svare på spørsmål og gi deg råd. På sjølve eksamensdagen kan du velje mellom ein kombinasjon av presentasjon og fagsamtale eller berre ein lengre fagsamtale.

Synest du det er vanskeleg å velje om du skal førebu ein presentasjon eller satse alt på fagsamtalen? Førebuingsdagane er obligatoriske skuledagar, og i løpet av desse to dagane har du rett på å få rettleiing av ein faglærar. Kanskje læraren kan gi deg nokre råd om kva det kan vere lurt å velje?

Les meir om dei ulike delane av eksamen:

Førebuing

48 timar før eksamen får du vite at du er trekt ut i faget. Då trekker du òg tema, kompetansemåla som er knytte til det, og eventuelt analyseoppdrag og problemstilling, saman med nokre tekstar som klargjer temaet. Temaet femner breitt og kan dekke fleire kompetansemål, kjerneelement og tverrfaglege tema. Problemstillinga skal gi deg høve til å nytte den teorien du har lært i faget.

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida, men når det gjeld hjelpemiddel under eksamen, er dette opp til skuleeigar, altså fylket der du går på skule. Derfor må du sjekke retningslinjene som gjeld i fylket ditt. Mange fylke har retningslinjer som seier det tillate å ta med seg notat og stikkord frå førebuingstida på eksamen. Desse kan du støtte deg på både under presentasjonen og i fagsamtalen.

Eksamen del 1. Presentasjon eller ikkje?

Du kan velje å førebu ein presentasjon på inntil 25 minutt. Dette er eit svar på det temaet eller problemstillinga du har trekt. Hugs at du må vise til dei kjeldene du har brukt, både undervegs i presentasjonen og i kjeldelista til slutt. Når du er ferdig med presentasjonen din, følger ein kort oppfølgingssamtale. Desse spørsmåla får du ikkje vite på førehand.

Eksamen del 2. Fagsamtale – hoppar du direkte hit?

Viss du vel å førebu ein presentasjon, utgjer fagsamtalen del 2 av eksamen og varer i cirka 20 minutt. Viss du ikkje har ein presentasjon, startar du rett på fagsamtalen, som då varer i inntil 45 minutt. I begge tilfelle gjeld følgande:

  • Fagsamtalen kan omfatte alle kompetansemåla knytte til det temaet du har trekt.

  • Dersom du ikkje får vist nok kompetanse i faget innanfor det temaet du har trekt, kan du få spørsmål frå andre delar av læreplanen.

  • Du får ikkje vite på førehand kva spørsmål som blir stilte i fagsamtalen.

Vurdering og sensur

Den karakteren du får på eksamen, skal vere basert på ei heilskapsvurdering av den kompetansen du viser på eksamen. Dersom du vel å gjennomføre eksamen med presentasjon, er det kompetansen du viser i både del 1 og del 2 som blir vurderte. Det betyr at dersom du lagar eit produkt i del 1, til dømes ein PowerPoint-presentasjon, blir ikkje denne vurdert. I begge tilfelle blir karakteren sett etter kvar kandidat.

Du blir altså vurdert ut frå vurderingskriteria og ikkje samanlikna med dei andre kandidatane. Når du får karakteren din, har du rett til å få ei grunngiving.

Kjelder

Buskerud fylkeskommune. (2023, 17. desember). Muntlig-praktisk eksamen i Kommunikasjon og kultur 3 – Eleveksamen. https://bfk.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokument-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-kommunikasjon-og-kultur-3-eleveksamen.187079.aspx

Nordland fylkeskommune. (2024, 23. februar). Eksamen for elever. https://www.nfk.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen/eksamen-for-elever/

Vestland fylkeskommune (u.å.). Munnleg-praktisk (MP) eksamen. Henta 9. februar 2024 frå https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/eksamen-og-standpunkt/retningslinjer-m-mp-og-p-eksamen---elev/munnleg-m-eksamen/

Utdanningsdirektoratet (2020, 10. desember). Regler for muntlig eksamen og muntlig-praktisk eksamen. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/muntlig-eksamen/

Østfold fylkeskommune. (2023, 17. desember). Muntlig-praktisk eksamen i Kommunikasjon og kultur 3 – Eleveksamen. https://ofk.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokument-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-kommunikasjon-og-kultur-3-eleveksamen.188351.aspx

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Hanne Berit Eid.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2024

Læringsressursar

Om faget