Hopp til innhald
Fagartikkel

Makt og digital kommunikasjon

Digital kommunikasjon har skapt nye maktdynamikkar i samfunnet. Kven har makt på digitale plattformer, og korleis har dei fått det?

Frå idealisme til pessimisme

Då internett var nytt, var det mange som meinte at dette ville vere ei fantastisk moglegheit til å jamne ut maktforskjellar mellom vanlege folk og elitane. Mens dei tradisjonelle media berre slepper til nokre få utvalde, kunne folk flest no komme til med synspunkta og perspektiva sine.

Sosiale medium har òg gitt oss heilt nye verktøy for å organisere oss i grupper, noko som gir oss meir makt enn når vi opptrer som individ. Demonstrasjonane som starta den arabiske våren (ei folkerørsle for demokrati i 2011 i Midtausten og Nord-Afrika), vart organiserte via den nye plattforma Facebook. Dette fekk mange til å snakke om at internettet kunne bety ein gullalder for demokratiet.

I dag er tonen mykje meir pessimistisk. Internett og sosiale medium har vorte brukte av mektige aktørar til å påverke val i fleire demokratiske land, og det er stadig færre som bruker digitale plattformer til å ytre seg på grunn av det harde ytringsklimaet som har oppstått der.

Makta til algoritmane

Den som meistrar spelereglane for kommunikasjonen på ulike plattformer, har òg større moglegheiter til å ha innverknad og bli høyrt. Mykje av makta i sosiale medium ligg i , som på mange måtar bestemmer kven som får gjennomslag for stemma si, og kven som blir borte i mylderet av stemmer. Eit problem med algoritmar er at dei er forretningshemmelegheiter, slik at dei færraste veit korleis dei fungerer. Vi kan likevel sjå effektane av algoritmane. YouTube endra på algoritmane sine etter at mange påpeika at dei automatisk vart tilrådd videoar med konspirasjonsteoriar, sjølv om videoane dei sjølve hadde søkt på, var fakta-baserte.

Utforsk

Får du automatisk tilrådd videoar med konspirasjonsteoriar viss du søker på stikkord som "Qanon" eller "Flat Earth" på YouTube? Eller fungerer dei nye algoritmane, slik at det er vanskelegare å få feilinformasjon på YouTube?

Asymmetrisk makt på nettet

Ei anna side ved digitale plattformer er at dei kan gi nokon tilgang til mykje kunnskap om andre. Selskap som Google og Meta (eigar av Facebook) samlar inn store mengder informasjon om brukarane, som igjen blir selt vidare til andre som ønsker å skreddarsy bodskapar til utvalde publikum. Denne tilgangen til kunnskap går ikkje begge vegar, og han gir den eine parten stor makt i kommunikasjonen.

Utforsk

Kor mykje kan ein finne ut om deg ut frå mobildataa dine? Les NRK-reportasjen "Avslørt av mobilen".

Korleis kan denne informasjonen bli misbrukt om han fell i feil hender?

Sensur på digitale plattformer

Plattformer som Twitter og YouTube gir vanlege enkeltpersonar moglegheita til å nå ut til millionar av menneske. Men desse plattformene blir kontrollerte av kommersielle aktørar som ikkje er underlagde den same kontrollen som dei tradisjonelle media. Instagram har eigne reglar for kva som er tillate av innhald på plattforma si, slik som nakenskap. Dette høyrest kanskje rimeleg ut, men mange har sett at dette forbodet rammar skeivt. Bilete av kroppar som ikkje følger standarden for skjønnheitsideal, har vorte sensurerte oftare enn "perfekte" kroppar.

Utestenging

Eigarane av dei digitale plattformene kan på eiga hand bestemme seg for å stenge ute enkeltpersonar frå å bruke plattforma si, slik Donald Trump vart utestengd frå Twitter etter angrepet på Kongressen i USA 6. januar 2021. Sjølv om mange vil tenke at det var ei fornuftig avgjerd, er det samtidig bekymringsverdig at ei slik avgjerd kan takast utan at demokratiske institusjonar er involverte. Korleis hadde reaksjonane vore om eigarane av Twitter bestemde seg for å stenge Greta Thunberg ute?

Kan vi få kontroll på den digitale makta?

Det er mange innfallsvinklar til temaet makt på digitale kommunikasjonsplattformer. Sjølv om vi veit meir om konsekvensane av å bruke mange digitale kommunikasjonsmiddel, er det likevel få alternativ til plattformene som blir kontrollerte av dei store selskapa.

Det går føre seg diskusjonar i mange land om korleis vi kan få lover og reglar som regulerer plattformene, slik at vi hindrar at selskapa som eig dei, får for mykje makt. Samtidig ser vi at Kina bruker denne teknologien til å overvake og samle inn data om borgarane sine, som dei deretter bruker til å straffe eller påskjønne dei med.

Meta og Google er globale selskap, og det kan verke håplaust for eit lite land som Noreg å skulle regulere korleis dei arbeider. EU, derimot, har prøvd å avgrense delinga av persondata frå Europa til USA, for å hindre at USAs etterretning samlar inn data om europeiske borgarar. Eigarane av Facebook svarte på dette med å true med å legge ned tenesta si i Europa. Kva seier dette om kor avhengige vi har vorte av tenester som Facebook tilbyr, sidan det verkar som eit ganske sterkt maktmiddel å true med å stenge ned Facebook for ein heil verdsdel? Kva hadde konsekvensane vorte for det europeiske samfunnet om Facebook forsvann?

Kva meiner du om desse to påstandane?

"Digitale plattformer gir enkeltmenneske meir makt."
"Digitale plattformer gir dei mektige meir makt."

Kjelder

FN-sambandet. (2022, 22. april). Den arabiske våren. https://www.fn.no/konflikter/den-arabiske-vaaren

Hern, A. (2020, 22. september). Facebook says it may quit Europe over ban on sharing data with US. The Guardian. https://www.theguardian.com/technology/2020/sep/22/facebook-says-it-may-quit-europe-over-ban-on-sharing-data-with-us

Weill, K. (2019, 25. januar). YouTube Tweaks Algorithm to Fight 9/11 Truthers, Flat Earthers, Miracle Cures. Daily Beast. https://www.thedailybeast.com/youtube-tweaks-algorithm-to-fight-911-truthers-flat-earthers-miracle-cures

Relatert innhald