Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kroppsideal i media

Kva slags kroppsideal møter du i media? Og kva seier desse ideala om oss og samfunnet vårt?

Sjå filmen om kroppsideal i media før du jobbar med oppgåvene.

1. Ideal og fordommar

  1. Kva tenkjer du at følgjande påstandar frå filmen seier om kulturen vi lever i?

    • "Kroppen i dag er tilbehøyr, ein pyntegjenstand."

    • "Det er meir vanleg å ha kompleks for eigen kropp enn å like han."

  2. Kva seier Carina Carlsen om korleis overvektige blir representerte i media?

  3. Gå saman med ein medelev. Kva var den siste tv-serien eller filmen de såg? Var det overvektige menneske i filmen eller serien? Dersom ja, kva slags roller spelte dei?

  4. Forskarar har peikt på at om at overvektige er late, grådige og dumme, er svært vanlege. Tenk på det de fann ut i førre spørsmål – speglar det desse fordommane?

  5. Carina Carlsen har også skrive ein kronikk om at det i samfunnet vårt er verre å vere tjukk enn å vere slem. Les kronikken på klikk.no. Er du einig med Carlsen? Kva seier dette om verdiane i kulturen vår?

2. Positive kroppsbilete

Kroppspositivismen, som Carina Carlsen snakkar om i filmen, prøver å rette merksemda mot det unike og funksjonelle ved kroppane våre – i staden for berre utsjånaden. Kva er vektlagt i innhaldet du får opp i "feeden" (straumen) din i sosiale medium?

  1. Gå gjennom dei ti første innlegga på ei av dei sosiale medie-plattformene du bruker. Kor mange av innlegga set kroppen sin funksjon i fokus, og kor mange set kroppen sin utsjånad i fokus?

  2. Samanlikn resultatet i klassen. I kva grad er "feedane" dykkar i sosiale medium kroppsfikserte? Kom med døme.

  3. Diskuter: Kor stor rolle speler sosiale medium når det gjeld å gi oss kompleks og negative kroppsbilete?

  4. Gjer eit nettsøk på "sosiale medium og kroppspress". Vel ut nokre relevante og pålitelege kjelder, og sjå kva dei seier om samanhengen mellom sosiale medium og negative kroppsbilete.

3. "Hvor er kropper som min?"

Les Ingrid Thunems kronikk "Hvor er kropper som min?".

  1. Vel ut tre sitat frå teksten som du synest er interessante eller viktige, og del dei med ein medelev. Diskuter sitata de har funne.

  2. Ta ein runde i klassen der alle deler sitata sine.

  3. Diskuter: Kva slags tankar får de om kroppar i media når de les kronikken?

4. Skriv ein refleksjonstekst

  1. Skriv ein refleksjonstekst på omtrent éi A4-side der du reflekterer over temaet kroppsideal i media. Kan du kople noko av det du har lært, til andre tema eller perspektiv?

    Ta vare på refleksjonsteksten der du lagrar notata dine. Kanskje du får bruk for han ved større analyseoppgåver eller eksamen?

Kjelde

Spilde, I. (2014, 9. juli). – Tjukke mennesker er late og dumme. Forskning.no. https://forskning.no/overvekt-mobbing/tjukke-mennesker-er-late-og-dumme/551841

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon, identitet og teknologi