Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjonsteknologi og sjølvrepresentasjon

Kommunikasjonsteknologien har på mange måtar forandra måten vi er sosiale på. Korleis påverkar dette korleis vi framstiller oss sjølve i samhandlinga med andre?

Oppgåve 1

Sjå filmen over og noter stikkord om kva filmen seier om punkta under.

  • å vere ærleg/seg sjølv på sosiale medium

  • frykta for å gå glipp av noko

  • kommentarar og "likes"

  • falskt gjennomsnitt

  • influensarar/kommersielle aktørar på sosiale medium

Diskuter: Kjenner du deg igjen i den verkelegheita som filmen skildrar?

Oppgåve 2

  1. Tenk på ein vanleg dag, til dømes gårsdagen. Beskriv dagens gong i detalj. Skriv ned alt du gjer, som punkt under kvarandre. Start med augneblinken du vaknar, og slutt med augneblinken du sovnar.

  2. I kva grad er kommunikasjonsteknologi (smarttelefon, pc, telefon, tv, radio) ein del av gjeremåla dine? Gå gjennom skildringa di, og merk punkta der du bruker ei eller anna form for kommunikasjonsteknologi, med "x". Beskriv òg kva du bruker det til, viss det ikkje er tydeleg.

  3. Korleis hadde dagen vore utan kommunikasjonsteknologi? Sjå på kvart punkt som du har merkt med "x", og førestill deg korleis det hadde vore utan teknologien du brukte.

  4. Diskuter: Kva hadde vore den største forskjellen i livet ditt viss kommunikasjonsteknologien ikkje fanst?

Oppgåve 3

Les artikkelen "Sjølvpresentasjon og identitet".

Noter stikkord om det som står i artikkelen om

  • identitet som rollespel

  • truverd

  • å vere av eller på scena

  • rekvisittar og kulissar

  • identitetsmarkørar

  • normer og verdiar

Oppgåve 4

Bruk det du har funne ut i oppgåve 1,2 og 3, til å drøfte dette spørsmålet:

Korleis påverkar kommunikasjonsteknologi korleis du framstiller og er deg sjølv i samhandling med andre?

Bruk faglege omgrep og trekk gjerne inn teoriar og omgrep på tvers av emna i faget om du ser samanhengar.

Drøftinga skal ha:

  • ei innleiing der du presenterer temaet

  • ein faktadel der du gjer greie for kunnskap og teoriar som er relevante for å drøfte problemstillinga

  • ein drøftingsdel der du klargjer ulike sider ved problemstillinga

  • ei avslutning der du samlar trådane frå drøftinga og legg fram ein konklusjon eller ei samanfatning av det du har komme fram til i oppgåva.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon, identitet og teknologi