Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feels good man

Korleis gjekk det til at teikneseriefrosken Pepe vart eit hatsymbol? Bruk kunnskap og omgrep om mem, tekstkulturar og affordansar til å reflektere rundt filmen om frosken Pepe.

Feels good man

Før du ser filmen:

Har du sett bilete av frosken Pepe i nokon andre samanhengar? Kva har han stått for der?

Del 1. Frosken Pepe

  1. Sjå filmen Feels good man om teikneseriefrosken Pepe.

  2. Lag ei tidslinje som viser dei ulike tydingane frosken Pepe har hatt, frå han oppstod som ein karakter i teikneserien Boy's club av Matt Furie i 2005.

  3. Sjå om de finn ulike utgåver av Pepe på nettet som kan illustrere dei ulike stadia på tidslinja.

Del 2. Mem

  1. I par: I filmen forklarer Susan Blackmore kva eit mem er. Samanlikn forklaringa hennar med definisjonen i artikkelen om mem.

  2. Lag ein eigen definisjon med utgangspunkt i desse to og dessutan dine eigne erfaringar med mem.

  3. Del definisjonane i klassen, og bli einige om ein felles definisjon.

  4. Er de einige med Blackmore når ho seier at Pepe er eit godt døme på korleis mem fungerer?

  5. Har de døme på andre mem som har vore like vellykka når det gjeld å spreie seg som Pepe? Kva meiner de er suksesskriterium for at eit mem skal spreie seg?

  6. I kva grad er ulike internett-mem ein del av tekstkulturen i ungdomsmiljøet ditt? Kva slags funksjon vil du seie denne tekstpraksisen har i miljøet ditt?

Del 3. Digitale tekstkulturar

Les artikkelen Tekstkulturar og tekstpraksisar.

  1. Korleis blir nettforumet 4chan beskrive i filmen om Pepe? Kan omgrepet tekstkultur bli brukt for å beskrive samhandlinga på forumet?

  2. Kva kjenneteikna brukarane på 4chan? Kvifor vart Pepe ein figur som dei identifiserte seg med, trur du?

  3. "We feel alone together" (Vi kjenner oss åleine saman) var eit slags slagord for plattforma. Kva låg i dette?

  4. Korleis reagerte 4chan-brukarane på at Pepe vart meir kjend i samfunnet og brukt av det dei kallar "normies"? Kva trur du låg bak desse reaksjonane?

  5. Kva funksjonar trur du det å skape og dele mem hadde for brukarane av 4chan?

  6. Les artikkelen Tekstkulturar og affordansar. Kva for nokre ulike affordansar, eller eigenskapar ved plattforma 4chan brukte, meiner de kan forklare den tekstpraksisane med å skape og dele mem som utvikla seg der?

Del 4. Pepe og samfunnet

  1. Kva verdiar ville Matt Furie at Pepe-figuren skulle representere?

  2. Sjå på tidslinja de har laga: Kva for nokre ulike verdiar vart Pepe som symbol berar av etter kvart som han vart fylt med ulike tydingar? Legg til verdiane på dei ulike punkta i tidslinja.

  3. Kva rolle spelte Pepe i valkampen som enda med at Donald Trump vann presidentvalet i USA?

  4. "Pepe er ein inngangsport til radikalisering" seier forskaren som ser på hatkultur på nettet. Diskuter: Korleis kan ein teikneseriefrosk bli eit hatsymbol?

Del 5. Skap sjølv!

Lag anten ein presentasjon eller fagartikkel om mem, digitale tekstkulturar og fenomenet Pepe the frog. De kan sjølv velje innfallsvinklar til temaet, eller de kan basere teksten direkte på spørsmåla i oppgåvene over. Bruk fagkunnskap og fagomgrep.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon, identitet og teknologi