Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstkulturar og affordansar

Måten vi samhandlar gjennom tekstar på er stadig i utvikling. Korleis kan affordanse-omgrepet brukast til å forklare desse endringane?
Leirtavle med kileskrift, som består av teikn som er skapte av strekar og trekantforma "kilar". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Affordansar

Affordansar er eit nyttig omgrep som set ord på korleis endringar i teknologi har ført til utvikling av nye tekstkulturar. Ein affordanse er ein eigenskap ved eit objekt som legg føringar for korleis vi samhandlar med det.

Når vi snakkar om tekstar, er affordansar eigenskapar ved eit medium eller ein kommunikasjonskanal som påverkar korleis vi bruker, utformar og tolkar tekstar. Affordansar skapar både moglegheiter og avgrensingar for tekstskaping.

Døme: Spotify og Twitter

Eit døme på dette er korleis eigenskapar ved strøymeplattforma Spotify har påverka utforminga av popmusikk. Plattforma tilbyr uavgrensa med musikk, og ein song må spelast i 30 sekund for at artisten skal få pengar for avspelinga. Viss du ikkje liker ein song, er det berre å klikke på "skip". Dette har ført til at mange artistar legg vekt på å gjere dei første 30 sekunda så fengjande og spennande som mogleg (Hogan, 2017).

Eit anna døme er korleis vi utformar Twitter-meldingar. Plattforma legg konkrete avgrensingar på kor mange ord du kan skrive i ei melding, noko som gjer at du må skape ytringar som kommuniserer effektivt. Dette kan føre til forenklingar, overdrivingar og sterke påstandar, noko som pregar kommunikasjonen på denne plattforma.

Tenk over / diskuter

Kva kanalar eller medium blir mest brukte til å sende såkalla "dickpics"? Kva slags affordansar trur du legg til rette for ein slik tekstpraksis?

Modalitet og affordansar

Munnlege modalitetar (uttrykksformer) har eigenskapar som skil seg frå skriftlege. Digitale modalitetar har element frå dei to andre, samtidig som dei òg har heilt nye eigenskapar som har endra nokre sjangrar og skapt mange nye.

Munnlege tekstar

Munnlege tekstar blir forma av at innhaldet blir formidla via lydar som forsvinn. Derfor er munnlege tekstar ofte prega av gjentakingar og faste mønster for å sikre at innhaldet blir hugsa. Munnleg overførte tekstar er òg lite eigna til å formidle eller verne veldig individuelle tankar, sidan dei skal gjentakast og forståast av andre menneske i ein fellesskap.

Skriftlege tekstar

Affordansane i skriftlege tekstar gjer det mogleg å formidle svært komplekse tankar til andre, fordi skrift lagrar informasjonen på ein meir nøyaktig måte enn menneskeleg minne. Skriftlege tekstar kan òg formidle eitt enkelt menneske sine tankar og særeigne perspektiv på verda. Romanen er eit døme på ein sjanger som ikkje kunne oppstått i ein munnleg kultur. Vitskapen slik vi kjenner han, er òg avhengig av at kunnskap om fenomen i verda kan bli samla og bygd vidare på gjennom skriftlege tekstar.

Visuelle tekstar

Visuelle tekstar som fotografi, teikningar og grafikk har andre affordansar. Eit fotografi eignar seg til å formidle kjensler og stemningar på ein umiddelbar måte. Den visuelle utforminga av skriftlege tekstar er òg ein slags affordanse: Store bokstavar og plassering øvst gjer noko med korleis vi les ein tekst.

Digitale tekstar

Digitale affordansar pregar tekstpraksisar i dag. Tekst på digitale plattformer er interaktive, umiddelbart reproduserbare og både skrolling, klikking og lenking til anna innhald formar korleis vi bruker digitale tekstar. Ein annan viktig affordanse i digitale kanalar er moglegheita vi har til å samhandle med andre i sosiale nettverk på tvers av kloden. I artikkelen om kva som kjenneteiknar kommunikasjon i digitale medium (lenkje i relatert innhald), kan du lese meir om affordansar i digitale medium.

Tenk over / diskuter

Folk som skreiv lesarinnlegg i papiravisene, fekk ikkje like mykje hets som dei som skriv slike innlegg i nettaviser i dag. Kva for nokre teknologiske affordansar kan vere med på å forklare denne utviklinga?

Eit døme: sjekking via tekstar før og no

Når du går nærare inn på konkrete tekstpraksisar for å sjå korleis tekstkulturar utviklar seg, vil du sjå at dei fleste tekstpraksisar i dag er forma av både materielle, teknologiske og kulturelle forhold.

Kontaktannonsar var ein vanleg tekstpraksis for nokre tiår tilbake. Dei hadde som funksjon å setje deg i kontakt med ein mogleg romantisk partnar. I dag har denne funksjonen vorte teken over av digitale appar som til dømes Tinder. Teknologien har forandra denne samhandlinga gjennom tekst drastisk, når det gjeld både form og innhald.

Anonymitet

Dei gamle kontaktannonsane var trykte på papir i blad og aviser, og dei var som oftast anonyme. For å svare på annonsane måtte du sende eit brev til avisa eller bladet med ein kode eller referanse, ofte gitt opp som "BM" eller bill. mrk. (står for "billett merkt"). Breva som kom inn, vart så vidaresende til den som hadde sett inn annonsen. Det var vanskeleg å vite kven som skjulte seg bak annonsetekstane, og det kravde ein del tid og energi å skrive eit brev, kjøpe frimerke og sende det i posten.

Digital dating

I dag har plattformer som Tinder heilt andre affordansar enn dei gamle papirannonsane. Her kan du oppnå kontakt med andre umiddelbart, og fordi brukarane må leggje inn bilete av seg sjølve, har du ein viss idé om kven dei er. Det å ta gode profilbilete har då svært mykje å seie, og i dag finst det eigne Tinder-fotografar som kan hjelpe til med å ta bilete som isceneset deg på best mogleg måte.

Sveiping

Det at du berre kan kontakte andre om dei sjølve har vist interesse for deg ved å sveipe til høgre, er ein ganske sentral affordanse ved Tinder. Tanken er nok at det skal gjere det lettare å treffe blink, sidan dei du liker, allereie har sagt at dei liker deg. Men sjølve sveipinga krev så lite tid og energi at ein match ikkje er ein garanti for suksess.

Det er store kjønnsforskjellar i sveipinga: Menn høgresveiper på 61,9 prosent av kvinneprofilane dei ser på Tinder, mens kvinnene berre høgresveiper på 4,5 prosent av mennene (Westeng, 2020). Ein like ivrig mann på 70-talet måtte sende hundrevis av brev som svar på kontaktannonsar for å oppnå den same effekten.

Kulturelle endringar som har påverka utviklinga

Endringar i kulturen har nok òg påverka denne tekstpraksisen. Seksuelle forhold utanfor ekteskapet var ikkje sosialt akseptabelt før utover 70- og 80-talet. Å søkje etter kjærastar på denne måten vart nok òg sett på som eit sosialt nederlag. Det gjorde at kontaktannonsane før dette gjerne var anonyme og vende seg til menneske frå andre stader, slik at eventuelle forhold var lette å halde skjult. Det gjaldt òg homofile og lesbiske som lenge møtte negative haldningar i lokalsamfunnet.

Ikkje lenger flautt

Då internett kom rundt tusenårsskiftet, var det òg sett på som litt flautt å måtte møte kjærasten på nettet, det var eit teikn på at du ikkje fiksa det sosiale livet "IRL" (in real lifte – i verkelegheita). I dag har normene endra seg slik at dating på nett er sett på som heilt normalt. Ein grunn kan vere at yngre generasjonar er så vane til å samhandle digitalt at det ikkje er naturleg å skilje mellom desse omgangsformene.

På Instagram-kontoen Tinder i gamle dager (instagram.com) kan du sjå mange døme på kontaktannonsar frå aviser og blad.

Kjelder

Greeno, J. (1994). Gibson's Affordances. Psychological review, 101(2), 336–342. https://www.researchgate.net/publication/15176211_gibson's_Affordances

Hogan, M. (2017, 25. september). Uncovering How Streaming Is Changing the Sound of Pop. Pitchfork. https://pitchfork.com/features/article/uncovering-how-streaming-is-changing-the-sound-of-pop/

Løvland, A. (2010). Multimodalitet og multimodale tekster. Viden om læring (7), 1–5.https://videnomlaesning.dk/media/1607/anne-lovland.PDF

Ong, W. (1982). Orality and Literacy: The Technologizing of the Word. Routledge.

Pyysiäinen, J. (2021, 8. februar). Sociocultural affordances and enactment of agency: A transactional view. Theory and psychology, 31(4),491–512. https://doi.org/10.1177/0959354321989431

Rannem, Ø. (2021, 4. november). Johann Gutenberg. I Store norske leksikon. https://snl.no/johann_gutenberg

Svennevig, J. & Henriksen, A. H. (2017, 14. desember). Modalitet. I Store norske leksikon. https://snl.no/modalitet

Westeng,K. (2020, 14. juni). Fotograf Henrik Holt tar profesjonelle Tinder-bilder av single menn. Det er imidlertid én fare ved å optimalisere Tinder-profilen sin på den måten. Nettavisen. https://www.nettavisen.no/livsstil/henrik-jobber-som-tinder-fotograf-og-har-bare-menn-som-kunder-det-er-fire-feil-som-gar-igjen/s/12-95-3423981339

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2021

Læringsressursar

Analyser og vurder medietekstar