Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Medieforteljingar om psykiske lidingar

Medieforteljingar kan gi oss innsikt i vanskelege tankar og kjensler. I denne oppgåva skal du utforske to medieforteljingar som handlar om å leve med Tourettes syndrom og tvangslidingar.

Oppgåve 1) Finn informasjon om psykiske lidingar

Du finn påliteleg informasjon om fysiske og psykiske lidingar på den offentlege nettstaden Helsenorge. Lag eit resymé av den viktigaste informasjonen du finn om Tourettes syndrom og tvangsliding (OCD) her:

  1. Artikkel, Helsenorge: Tourettes syndrom

  2. Artikkel, Helsenorge: Tvangslidelse (OCD)

Ein mann står på ei stor scene og syng i ein mikrofon. Han har på seg solbriller, panneband, kvit pelskåpe og store englevenger, og han er lenkja til menneske i svarte djevelkostyme i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2) Psykisk helse og sjølvbilete

Andreas Andresen Haukeland, betre kjend under artistnamnet TIX, er ein norsk songar og låtskrivar frå Bærum. I 2021 representerte han Noreg i musikkonkurransen Eurovision Song Contest (Grand Prix) med songen "Fallen Angel".

Sjå videoen "The Story Behind TIX" på YouTube.

  1. Kva fortel TIX om korleis det har vore å vekse opp med Tourettes syndrom og OCD, og om kva det gjer med sjølvbiletet hans?

  2. Kva tankar gjer du deg om korleis du sjølv opptrer i møte med menneske med psykiske utfordringar?

  3. Mange artistar som har delteke i Eurovision-konkurransen, har synleggjort det å vere annleis enn andre. Finn døme på slike artistar.

  4. Diskuter med ein medelev: Er det bra at artistar synleggjer det at dei er annleis, på scena og i intervju, eller er det uheldig å promotere seg som artist med tilvising til psykiske og fysiske lidingar?

Oppgåve 3) Det var ikke jeg, det var fiskmåsen

Det var ikke jeg, det var fiskmåsen (2013) er ein animert dokumentarfilm om Pelle Sandstrak. Pelle har Tourettes syndrom og tvangstankar. Gjennom teikningar og humor gir filmen eit innblikk i Pelles liv i tenåra. Sjå filmen (12 min) nedanfor.

  1. Beskriv scener i filmen som gir innblikk i korleis det er å leve med alvorlege tvangstankar.

  2. Beskriv dei verkemidla filmen bruker for å gi innsikt i korleis ein person med tvangstankar tenkjer.

  3. Kva forståing av tvangslidingar fekk du etter å ha sett denne filmen?

  4. Filmen endar med at Pelles far tek han med seg til Trondheim. Kvifor er det viktig at filmen endar slik?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Læringsressursar

Analyser og vurder medietekstar