Hopp til innhald

Fagstoff

Kontekst, kairos og aptum

For at du skal treffe mottakaren med orda dine, må du ta omsyn til konteksten i teksten. Når vi vurderer samanhengen mellom teksten og konteksten, kan vi bruke omgrepa aptum og kairos.

Sjå starten av filmen om Hitlers massemøte og propaganda. Kva veit de om den rolla konteksten hadde for Hitler sin suksess? Han fekk over 40 % av røystene i Tyskland på 30-talet.

Kontekst

Orda kontekst betyr "saman med teksten", altså "saman med det som blir sagt eller skrive". Både tida, staden, gjenstandar, roller og kulturen kan vere ein del av konteksten til ein tekst. Konteksten avgjer kva vi seier, korleis vi ordlegg oss, og korleis vi oppfattar det nokon seier.

Kairos og aptum

Når du skal overtyde nokon, eller når du skal vurdere om andre lykkast med å overtyde, kan du ta utgangspunkt i dei retoriske omgrepa kairos og aptum. Dei to omgrepa er nærskylde, men ikkje heilt like. Kairos handlar enkelt sagt om å utnytte situasjonen til sin eigen fordel. Aptum handlar derimot om å tilpasse teksten til situasjonen ut ifrå kva som er formålstenleg eller akseptert i samfunnet.

Kairos

Vil du overtyde, må du ikkje berre vite kva du skal seie eller korleis du skal seie det – du må òg kunne velje det rette tidspunktet. Det greske ordet kairos kan omsetjast med "den rette augneblinken". I daglegtale snakkar vi gjerne om "timing". God timing krev at du har "antennene ute" og les situasjonen, slik at du kan tilpasse argumenta, verkemidla og stilen din til situasjonen.

Har du opplevd den gode kjensla av å kome med ein kommentar eller eit poeng på akkurat det rette tidspunktet? Hugsar du kor bra det kjennest når alle nikkar bekreftande eller ler med deg? Kanskje har du òg opplevd å bomme totalt med timinga og følt den følgjande kleine stemninga, eller rett og slett at du har gjort folk sinte eller leie seg. Poenget som fungerte så fint den eine dagen, slo ikkje an i det heile den neste dagen. Ein erfaren og dyktig talar eller skribent klarer å sjå og utnytte den rette augneblinken til å seie eller skrive noko.

Kairos og kontekst

Kairos hengjer nøye saman med konteksten. Kva som er den rette augneblinken, avheng nemleg av situasjonen eller kulturen. Kva er saka, kven er publikummet, og kva omstende er med på å påverke vala avsendar kan ta?

Å bruke kairosomgrepet

Sidan kairos er gresk, er det ikkje så lett å bruke omgrepet på norsk. Du kan seie at avsendaren tek omsyn til eller utnyttar kairos på ein god eller mindre god måte. Det går òg an å seie at avsendaren utnyttar situasjonen godt, grip augneblinken eller har god timing.

Aptum

Omgrepet aptum er henta frå latin og betyr "passande, veleigna". Det er òg vanleg å bruke orda «høveleg» eller «sømeleg». Du treng aptumomgrepet når du vurderer om noko i teksten eller konteksten eignar seg eller er formålstenleg i høve til noko anna i teksten eller konteksten. Passar språket til publikum? Er det formålstenleg å rope bodskapen for å oppnå det du vil? Sømer det seg å fortelje ein vits i akkurat denne situasjonen? Finst det tema som passar betre enn andre i konfirmasjonstalen?

Aptum og kontekst

Alle samfunn har normer for kva som "sømer seg", altså kva som er greitt eller ikkje greitt å gjere eller seie i ulike situasjonar. Det er kanskje greitt å klemme vilt framande menneske på ein fotballkamp, men ikkje på toget. Du kan kanskje seie "Ikkje ver dust, a" til kompisen din, men ikkje til læraren din.

Å bruke aptumomgrepet

Skal ein retorisk tekst vere verknadsfull, må alt i og rundt teksten "stemme" i høve til kvarandre. Viss alt er i balanse, og forholdet mellom elementa er formålstenleg og høveleg, kan du seie at teksten eller avsendaren tek omsyn til aptum eller følgjer krava til aptum. I motsett tilfelle kan du seie at teksten eller avsendaren bryt krava til aptum.

Døme: Aptum i skuleframføringar

Når du har framføring på skulen, vil du at "alt skal stemme". Det vil seie at du har teke omsyn til forholdet mellom alle sidene ved tekst og kontekst:

I teksten

  • innhald
  • form (komposisjon, stil, framføring)


Rundt teksten

  • sak/emne
  • avsendar
  • mottakar
  • kontekst (tid, stad, situasjon, formål og så vidare)



Noko av det viktigaste er at innhaldet i framføringa di stemmer med emnet for oppgåva. Du vil kanskje bruke døme som passar med emnet, men samtidig vil du bruke døme som mottakarane, altså tilhøyrarane dine, kan kjenne seg igjen i. Mest sannsynleg er det eit fagleg emne du framfører, så tilhøyrarane forventar at språket står i høve til emnet. Det vil som regel seie eit klart, presist og fagleg språk. Likevel må du tilpasse fagspråket ditt slik at alle kan forstå.

Korleis du komponerer stoffet ditt, avgjer kor lett det er for mottakarane å følgje med. Du må snakke tydeleg, men må ta omsyn til staden du er. Og sidan du er i eit klasserom, passar det til dømes ikkje å skrike. Og sjølv om personlege erfaringar og morosame forteljingar sikkert engasjerer klassen, vil dette kanskje vere innhald som passar dårleg til formålet med framføringa, som dreier seg om å vise fagkompetanse.

Diskuter i grupper

  1. Ta for dykk talen til Hitler igjen. Skriv nokre stikkord til kvart av punkta under "Eksempel: Aptum i skuleframføringar" ovanfor og diskuter kvifor talane gjorde han populær.
  2. La avsendar, form og emne bli ståande som i oppgåve 1, men byt ut mottakar og kontekst med "det norske folket" og "valkamp på 2000-talet". Korleis vil det endre mottakinga talen får? Kvifor?

Forholdet mellom kairos og aptum

Professor i retorikk, Jens Kjeldsen, skriv dette om forholdet mellom kairos og aptum:

"Sokrates peker på to vesentlige forhold for god retorikk. For det første: fornemmelsen for det rette øyeblikket, som vi altså kaller kairos. For det andre: fornemmelsen for det taktfulle og for det passende forhold mellom de forskjellige elementene i talesituasjonen og selve talen. Det kaller vi med et latinsk uttrykk for aptum."
(Jens Kjeldsen, 2004, s. 67)

Vi opplever aptum og kairos ulikt

Det ligg i forklaringa av omgrepa kairos og aptum at både avsendar og mottakar vil ha ulike oppfatningar av kva som passar eller ikkje. Det kan vere små detaljar vi er ueinige om, eller vi kan sjå heile teksten som upassande i situasjonen. Normene vi bruker når vi vurderer teksten sitt aptum, er i stor grad kulturbestemte. Samtidig finst det nokre allmenne oppfatningar av kva som er høfleg og uhøfleg.

I dag vil mange le litt oppgitt over Hitlers ordbruk og kroppsspråk. Vi synest han er latterleg, og at han prøver å overtyde med for mykje patos. I Tyskland på 30-talet var konteksten derimot annleis: Folket lei under arbeidsløyse, dei var svoltne og fortvila. Hitler tolka konteksten godt og klarte å overtyde over 40 % av befolkninga i Tyskland om å røyste på han. Kvifor han lykkast med det, kan vi forklare både ved hjelp av aptumomgrepet og kairosomgrepet. Dømet viser kor avgjerande konteksten er for kommunikasjonen. Dei retoriske grepa Hitler bruker, hadde nok ikkje slått an i vestlege demokrati i dag.

Eit anna døme som viser at det finst ulike oppfatningar, er reaksjonane på den amerikanske presidenten Donald Trump sine talar. Du vil finne mottakarar både i Noreg og i USA som synest det er befriande med den direkte talen hans og den uformelle språklege stilen. Dei føler at han snakkar "språket deira", og dei er einige i det han seier. Slik kan det å bryte med vedtekne normer for statsleiarar, bli noko positivt for ei bestemd mottakargruppe.

Sjølv om du finn Trump-tilhengjarar i Noreg, er det ganske mange her i landet som reagerer negativt på veremåten hans, spesielt når han held offisielle talar. Kvifor er det slik? Ei forklaring er at det finst nokre allmenne oppfatningar av korleis ein statsleiar skal oppføre seg. Vi forventar at han eller ho skal vere høfleg og ha ein formell stil. Det gjeld alt frå klede til val av tema, kroppsspråk og ordbruk.

Oppsummer i par

Forstod de alle omgrepa de las om her? Sit i par og prøv å forklare kvarandre omgrepa

  • kontekst
  • aptum
  • kairos

Relatert innhald

Den retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?

Korleis bruke rett ord til rett tid? Kva passar seg å skrive i ulike samanhengar? Lær meir om kontekst, kairos og aptum gjennom desse oppgåvene.

Kjelder

Kjeldsen J. (2004). Retorikk i vår tid. En innføring i moderne retorisk teori. Oslo: Spartacus forlag.

Bakken J. (2014). Retorikk i skolen. 2. utgave. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Marion Federl, Åsa Abusland, Marthe Moe og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019

Læringsressursar

Analyser og vurder medietekstar