Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vel teori og analysemetode

Kva teoriar og metodar meiner du eignar seg best til analyse av ein bestemt medietekst?

Vel medietekst

I denne oppgåva skal du analysere éin av desse tre medietekstane. Du vel sjølv kva for ein.

Medietekst 1: stillbilete

Lita mørkhuda jente med raudfarga og fletta hår. I bakgrunnen raud himmel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medietekst 2: debattinnlegg

Norsk debatt (2022) i Nettavisen: Dette er mine ønsker for et trygt og inkluderende Norge om 50 år

Medietekst 3: kortfilmen The Present (Gåva)

Gjer deg kjend med teksten

Start med å gjere deg kjend med teksten du har valt. Noter viktige stikkord for det som fangar interessa di undervegs. Reflekter over desse to spørsmåla:

  • Kva synest du ved første blikk er dei mest interessante trekka ved form og innhald?

  • Kva slags tematikk tek teksten opp?

Dei tankane du gjer deg i det første møtet med teksten, hjelper deg med å avgjere kva for ein teoretisk innfallsvinkel og analysemetode som eignar seg best når du no skal utforske teksten grundigare.

Vel teoretisk perspektiv og analysemetode

I fagartikkelen "Metode og teori i analyse av medietekstar" blir du kjend med ulike teoriar og metodar.

  • Kva for nokre av desse teoretiske perspektiva på medietekstar kan du tenkje deg å bruke i arbeidet med den teksten du har valt?

  • Kva analysemetodar passar det å bruke på denne teksten?

Dersom du ønskjer det, kan du velje to ulike innfallsvinklar. Grunngi valet ditt.

Analyser medieteksten

Analyser medieteksten med utgangspunkt i det teoretiske perspektivet og den analysemetoden du har valt.

Ta med det innhaldet du meiner er relevant for å forstå medieteksten ut frå denne innfallsvinkelen.

I analysen må du òg grunngi val av teoretisk perspektiv og analysemetode.

Presenter analysen i form av ei skriftleg framstilling eller ein digital presentasjon.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Analyser og vurder medietekstar