Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk kommunikasjonsteknologi og relasjonar

Vel ein innfallsvinkel til temaet, og gjer ei undersøking der du ser på korleis kommunikasjonsteknologien påverkar relasjonar i din eigen kvardag.
To gutar sit ved bordet. Ein held på med mobil, den andre med nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Lær om kommunikasjonsteknologi og relasjonar

  1. Les artikkelen "Kommunikasjonsteknologi og relasjonar". Sjå òg filmen øvst i artikkelen.

  2. Samanfatt med fem setningar det artikkelen seier om korleis kommunikasjonsteknologien påverkar relasjonar.

  3. Del dei fem setningane med ein medelev, og diskuter om de har oppfatta noko annleis, eller viss noko er uklart.

2. Finn ei problemstilling/innfallsvinkel

Vel ein innfallsvinkel til temaet relasjonar og kommunikasjonsteknologi, med utgangspunkt i din eigen kvardag.

  • Kanskje du vil fokusere på korleis ein bestemd type kommunikasjonsteknologi, til dømes smartklokke, påverkar relasjonane du har til andre?

  • Kanskje du vil sjå på ein bestemd situasjon, til dømes friminutta, der kommunikasjonsteknologien påverkar samhandlinga med andre?

  • Kanskje du vil sjå på korleis ein bestemd relasjon, til dømes kjærastforhold, blir påverka av kommunikasjonsteknologi?

3. Gjer ei undersøking

  • Planlegg og gjennomfør ei undersøking der du utforskar korleis kommunikasjonsteknologi påverkar relasjonar i kvardagen din.

  • Vel ein metode som du meiner eignar seg til å utforske temaet ut frå innfallsvinkelen din, og kvalitetssjekk opplegget med læraren før du set i gang. Det er fleire metodar som kan vere aktuelle: observasjonar, data direkte frå kommunikasjonsteknologi som smarttelefonar, og intervju.

Tips til undersøkingsopplegget ditt
  • Vel eit tidsrom som eignar seg spesielt godt for å observere kommunikasjonsteknologi og relasjonar i din eigen kvardag, med utgangspunkt i innfallsvinkelen du har valt.

  • Viss du har valt å sjå på korleis kommunikasjonsteknologi påverkar relasjonar i friminuttet, vel du til dømes eitt eller fleire friminutt den neste veka.

  • Lag eit observasjonsskjema der du noterer alle hendingar som du meiner er relevante, utan å tolke det du ser. Viss du til dømes skal utforske effekten smartklokka har på relasjonane dine i heimen, kan du notere kor mange gonger du får varsel i løpet av ein samtale, og kva det gjer med lengda eller kvaliteten på samtalen.

  • Anonymiser dei andre som er med i observasjonane dine, bruk til dømes tal i staden for namn.

  • Du kan òg hente data frå teknologien du bruker, til dømes har dei fleste smarttelefonar mykje data om talet på varsel og tid brukt på ulike appar under "skjermtid" i innstillingane.

  • I tillegg til observasjonar og datainnsamling kan du gjere intervju der du spør andre om korleis dei opplever samhandlinga med nokon som stadig vekk ser på smartklokka si, til dømes.

  • Du kan òg designe eit eksperiment for å sjå korleis ulike innslag av kommunikasjonsteknologi påverkar samhandlinga. Her må du samarbeide tett med læraren om gjennomføringa, for det er strenge etiske reglar for å utføre eksperiment som involverer andre.

4. Tolk og presenter funna du har gjort

  1. Samle observasjonar, data og intervju-data, og tolk det dei seier om problemstillinga du har valt.

  2. Presenter funna og tolkingane dine av dei i skriftleg eller munnleg form. Bruk omgrep og kunnskap om kommunikasjon og kommunikasjonsteknologi.

Presentasjonen skal innehalde

  • problemstillinga di

  • ei skildring av undersøkingsopplegget

  • ei skildring og tolking av funna dine

  • ei drøfting av problemstillinga med utgangspunkt i funna dine

  • ei avslutning der du samanfattar undersøkinga og drøftinga di

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon, identitet og teknologi