Hopp til innhald

Fagstoff

Løysingsforslag eksamen i kommunikasjon og kultur 2

Korleis kan du løyse eksamensoppgåvene i eksempelsettet frå Utdanningsdirektoratet? Her får du eit løysingsforslag.

Oppgåvesettet frå Utdanningsfirektoratet

Heile oppgåvesettet og rettleiinga finn du på nettsidene til Utdanningsdirektoratet: Eksempeloppgave i kommunikasjon og kultur 2 (krev passord).

Oppgåve 1

Oppgåvetekst

På førebuingsdagen jobba du med Instagram-innlegget frå janthomasofficial.

Vurder om verbale og visuelle element i teksten er eigna til å formidle bodskapen frå avsendar til mottakar.

Tilrådd lengde omtrent 250 ord.

Løysingsforslag

Den retoriske situasjonen til Instagram-innlegget frå janthomasoffical er at det har komme ein ny episode av podkasten "Suksess". Det retoriske problemet for avsendar er å overtyde følgarane av denne Instagram-kontoen, det retoriske publikummet, om at episoden er verd å lytte på.

Affordansane til Instagram er ein viktig del av dei tvingande omstenda. Dei påverkar korleis bodskapen kan formidlast. På Instagram er biletbruk ein sentral affordans: Det visuelle er viktigare enn verbalteksten. Sidan bilete som modalitet eignar seg til å formidle kjensler på ein meir umiddelbar måte enn verbaltekst, blir patosappell viktig for å nå fram med bodskapen.

Eit bilete i svart-kvitt av Jan Thomas og Vendela Kirsebom er det visuelle elementet. Begge er kledde kvardagsleg og poserer smilande og avslappa rett i kamera. Svart-kvitt-filteret gir eit inntrykk av kvardag og autentisitet, noko som kan styrke truverdet til avsendaren, etos. Utsnittet er halvtotalt, som kan bidra til å skape ein relasjon med mottakar fordi det speglar korleis vi ser kvarandre når vi møtest i verkelegheita.

I verbalteksten har Jan Thomas vald ut det han trur vil appellere mest til nysgjerrigheita til mottakaren. Vi får vite at det kjem historier som den tidlegare supermodellen Vendela aldri har fortalt før, om både mobbing i barndommen og seksuell trakassering. Det å avsløre at ho, med stjernestatusen sin, har opplevd utanforskap, kan appellere til attkjenning og empati hos lesaren. Teksten inviterer oss òg inn til den inste sirkelen av kjendiseri, der vi mellom anna kan få privilegert innsideinformasjon om korleis det er å date George Clooney.

Oppsummert kan vi seie at det er belegg for å påstå at både dei visuelle og verbale verkemidla bidreg til å løyse det retoriske problemet, som er å overtyde mottakaren om at denne podkast-episoden er verd å bruke tid på.

Litteraturliste

Baker, C. N. (2021, 18. august). Estetikk. NDLA. https://ndla.no/article/32332

Baker, C. N. (2021, 22. september). Estetikk og tekst. NDLA. https://ndla.no/article/32730

Baker, C. N. (2021, 25. november). Tekstkulturar og affordansar. NDLA. https://ndla.no/article/34279

Lund, C. (2021, 9. april). Den retoriske situasjonen. NDLA. https://ndla.no/article/30484

Tørdal, R. (2019, 27. november). Biletutsnitt og biletvinklar. NDLA. https://ndla.no/article/20994

Oppgåve 2

Oppgåvetekst

På førebuingsdagen jobba du med Forsvaret sin omdømmekampanje (2012).

Gjer greie for korleis omgrep frå teoriar om litteratur kan brukast til å analysere korleis tilhøyrsel kjem til uttrykk i teksten. Gi eitt konkret døme.

Tilrådd lengde omtrent 250 ord.

Løysingsforslag

Formalismen handlar om å analysere sjølve teksten og elementa han består av. Intertekstualitet og fleirstemmigheit er viktige omgrep frå Mikhael Bhaktins vidareutvikling av formalismen, som kan brukast i analysen av denne teksten. I kampanjen skaper biletet av norsk natur med fjord og fjell og det norske flagget assosiasjonar til mange ulike tekstar om norskheit og norske verdiar – frå mjølkesjokoladereklamar til nasjonalsongen og tv-serien "Hurtigruta minutt for minutt". Alle desse tekstane bidreg saman til å skape ein førestilt fellesskap på tvers av forskjellar i Noreg, og dermed kjensla av å tilhøyre noko større enn oss sjølv i kraft av å vere norske.

Ein slik tekstnær analyse kunne òg sett nærare på ordvalet og språklege verkemiddel. Eit konkret døme på dette er bruken av verkemiddelet metonymi i slagordet "For alt vi har. Og alt vi er. Her er orda "har" og "er" sette inn som abstrakte erstattarar for høvesvis norske verdiar og norsk identitet. Desse meir abstrakte omgrepa rommar kanskje eit større mangfald enn dei som dei erstattar. Det er ein måte å opne for at fleire kjenner tilhøyrsel til det Noreg som Forsvaret og veteranane har kjempa for.

Ein kunne nok òg brukt omgrep frå strukturalismen, slik som Vladimir Propps eventyrfunksjonar, til å vise korleis teksten følger mønsteret til klassiske helteforteljingar. Dette kunne kanskje avdekt at teksten skaper ei kjensle av tilhøyrsel gjennom å fortelje at vi som bur i Noreg i dag lever lykkelege alle våre dagar som eit resultat av helten si nedkjemping av vonde makter.

Litteraturliste

Baker, C. N. (2021, 26. februar). Analysespørsmål for ulike litteraturteoriar. NDLA. https://ndla.no/article/29787

Baker, C. N. (2021, 8. desember). Litteraturteori: teksten. NDLA. https://ndla.no/article/34461

Oppgåve 3

Oppgåvetekst

I august 2022 heldt Høgreleiar Erna Solberg ein tale i samband med Stolthetsparaden i Oslo. Du finn eit utdrag frå talen transkribert lenger nede på sida.

Bruk utdraget frå talen saman med ein sjølvvald tekst frå førebuingsmaterialet. Tolk og samanlikn korleis tekstane kan bidra til å skape, verne eller utfordre verkelegheitsforståinga til mottakarane.

Løysingsforslag

Eg skal bruke teoriar om diskurs og representasjon til å sjå på korleis to tekstar om inkludering på ulike måtar kan bidra til å bevare og utfordre korleis mottakarane forstår verkelegheita. Tekstane er ein tale til Stolthetsparaden halden av Erna Solberg frå 2022 og ein kronikk av Egil Pedersen om å ikkje vere same nok.

I Solberg-talen er situasjonskonteksten at ho taler til mottakarar som er deltakarar i Stolthetsparaden. Dette er ei gruppe i samfunnet som framleis opplever å måtte kjempe for heilt grunnleggande menneskerettar, som retten til brukarstyrt personleg assistanse, BPA.

Som politikar er det naturleg at ho fremmer dei politiske løysingane til partiet sitt på problemet. Men kulturkonteksten for talen handlar om konvensjonar knytte til talen som sjanger, og det er heilt andre forventningar til denne talen enn til til dømes eit innlegg i ein valkampdebatt om temaet BPA. Det politiske innhaldet er tona ned til fordel for eit fokus på mottakarane og erfaringane deira.

Pedersen sitt innlegg på NRK må sjåast i kontekst både av erfaringane han har hatt med å bli avvist av både nordmenn og samar og den breiare konteksten av fornorskningspolitikken den norske staten utøvde mot den samiske befolkninga i Noreg. Bodskapen hans er retta mot fleire mottakarar, både samar og nordmenn, som har opptredd som portvakter og definert han ut frå fellesskapa sine. Sjølv om kronikksjangeren ofte har eit visst krav til saklegheit og logosargumentasjon, er det naturleg med ei meir subjektiv behandling av dette temaet. Kulturell identitet er jo nettopp definert som ei oppleving av tilhøyrsel. Det opnar for eit innhald og eit språk som er meir personleg og kjensleladd og formulert som eit personleg vitnesbyrd.

Diskurs og ideologi

Diskursteori er oppteken av at tekstar både uttrykker verkelegheitsforståingar og måtar å sjå på verda på, og dermed òg formar korleis vi oppfører oss i verda. Diskurs er ei nemning på dei mønstera som finst i måtar å snakke om ulike tema på. Ofte kjempar ulike ideologiar om makta til å definere verkelegheita i ulike diskursar. Derfor kan vi òg utfordre maktstrukturar ved å utfordre desse diskursane. Ved å vere motstemmer kan vi skape nye måtar å snakke om verda på.

Politiske parti er ofte knytte til bestemte ideologiar, og for Solberg sitt parti Høgre er dette liberalisme og konservativisme. Kjem desse ideologiane til uttrykk i måten ho snakkar om temaet inkludering i talen på, sjølv om sjangeren krev at det politiske blir tona ned ? Liberalismen er ein ideologi som enkelt sagt legg vekt på verdi- og valfridommen til individet, i motsetning til sosialismen som vektlegg fellesskap og ansvar (Berg et al, 2019). Dette kjem fram i ordval og formuleringar i talen, som når ho snakkar om at ingen atterhald skal stoppe den enkelte frå å "leve et fritt liv, et selvstendig liv og et liv der man kan nå sitt absolutt fulle potensiale".

Valfridom som verdi er òg tydeleg her: "Sånn at de med krav på BPA kan velge en privat aktør over den kommunale på kommunens regning. Og mange funksjonshemmede har nå fått retten til å bestemme mer selv". Fridom er òg sentralt når Solberg fortel om erfaringane til Christoffer som har CP og sit i rullestol: "Det er veldig mye frihet i det. Og jeg føler at jeg vokser en del i det selv, rett og slett fordi jeg må ta ansvar for å organisere livet".

Solberg avsluttar med at Høgre skal respektere brukarperspektivet, som er "personenes egne valg i eget liv". Fridom til å velje og ansvar for eige liv kjem altså tydeleg fram som verdiar i denne teksten. Dette er ei forståing av verkelegheita som er i tråd med ein liberalistisk ideologi. Samtidig er det stader i talen der Solberg bryt med ein liberalistisk diskurs og vektlegg fellesskapen meir enn individet, slik som når ho seier at det er viktig å ha eit inkluderande samfunn med mogelegheiter for alle. Ho snakkar òg om kor vondt det er å bli behandla som forskjellig fordi ein "ser litt annerledes ut". Ho er sjølvironisk når ho snakkar om eigen kropp og seier at ho nok ikkje ville klart å springe maraton. På denne måten er ho eit godt førebilete og ei motvekt til idéen om at vi må ha eit "perfekt" ytre for å vere synlege og ha status i samfunnet.

Representasjon og identitet

Representasjon som omgrep handlar om korleis tekstar påverkar korleis vi ser verda, og ikkje minst korleis vi ser på oss sjølv og andre. Oppfatningane våre av ei gruppe menneske blir påverka av korleis dei blir framstilte i tekstar. Viss dei blir framstilte stereotypisk, får vi eit unyansert bilete som gjerne stadfestar fordommane vi har.

Representasjon handlar òg om kven som blir omtalte i offentlegheita, ikkje berre korleis dei blir omtalte. Når menneske aldri ser personar som seg sjølv i media og andre kulturuttrykk, kan det gi eit signal om at det ikkje er plass for "sånne som dei" i samfunnet. Representasjon som kampsak kjem tydeleg fram i slagordet for Stolthetsparaden i 2022: "Stolt, sterk, synlig".

Fordommar er nødvendige for at vi skal kunne forstå verda på ein rask og effektiv måte. Dei gir oss kategoriar for ulike fenomen i verda, og dette hjelper oss til å sortere sanseinntrykk. Men nokre gonger kan slike kategoriar føre til ekskludering, slik som Egil Pedersen beskriv i kronikken "Når er en same god nok?" Han har opplevd at samisk identitet er basert på kriterium som diskvalifiserer han frå å bli "godkjend" som same.

Kulturell identitet er den delen av identiteten som kjem frå tilhøyrsla til ein kulturelt fellesskap. I Pedersen sitt tilfelle stemmer ikkje opplevinga hans av tilhøyrsel med korleis dei andre i same fellesskapen ser på han. Frå tidleg barndom har han opplevd at den samiske kulturelle identiteten hans ikkje blir anerkjend fordi han ikkje kan snakke samisk flytande. Samtidig har han opplevd hets frå den norske majoritetsbefolkninga fordi han er same og dermed heller ikkje har hatt mogelegheita til å kjenne seg innanfor i deira fellesskap.

Kulturell identitet er ofte definert opp mot andre grupper, dei som ikkje er "oss", men "dei andre". Pedersen har opplevd å tilhøyre "dei andre" hos begge gruppene han kunne hatt tilhøyrsel i – ein dobbelt utanforskap. Årsaka til dette kan vere at representantar frå begge gruppene har eit essensialistisk perspektiv på kultur og kulturell identitet, der kultur er ein slags indre eigenskap og noko vi har, ikkje noko vi gjer. Kriteria for å vere innanfor blir fort snevre og knytte til ytre kjenneteikn. Det gir heller ikkje rom for nyansar og endring, sjølv om dette er heilt sentrale eigenskapar ved kulturen i dag: Folk frå ulike kulturelle felleskap lever tett på kvarandre og giftar seg med kvarandre til dømes. Kulturelle impulsar frå heile kloden strøymer inn i liva våre via smarttelefonar og tv-skjermar.

Det er viktig å anerkjenne at den samiske essensialismen som Pedersen beskriv, kanskje heng saman med trusselen mot den samiske kulturen som fornorskningspolitikken utgjorde. Fleire generasjonar samiske barn blei sende på internatskular, der dei ikkje fekk lov til å snakke morsmålet sitt eller leve ut kulturen sin på andre måtar. Med dette som bakteppe er det ein forståeleg motreaksjon at grensa mellom det samiske og det norske blir trekt opp så tydeleg som det Pedersen opplever.

Vi kan trekke ein parallell til idéen om og diskusjonen rundt kva som er ein norsk kulturell identitet – forstått som ein essens av norskheit – etter lausrivinga frå Danmark og Grunnlova i 1814. To hundre år etter blir det framleis diskutert kven som er "innanfor og utanfor" i den norske fellesskapen, men med aksept for fleire ulike måtar å vere norsk på. Pedersen sin kronikk kan vere med på å skape aksept for fleire måtar å vere samisk på. Kanskje kan han både forandre stereotypiske oppfatningar hos majoritetsbefolkninga og skape ei meir inkluderande haldning hos dei som opptrer som portvakter for samisk identitet.

Begge tekstane er gode døme på korleis vi gjennom tekstar heile tida forhandlar om korleis vi skal forstå verda, oss sjølv og kvarandre. I nokre tilfelle har vi bestemte ideologiar som ligg bak perspektiva, og diskursane konkurrerer heile tida om definisjonsmakta. Tekstar som styrker og utfordrar idéane om kven "vi" og "dei andre" er, er òg viktige bidrag til samfunnsutviklinga med stadig veksande motsetningar mellom grupper. Tekstane kan bidra til at vi stadig får nye fellesskap og moglege måtar å uttrykke identitetar på.

Litteraturliste

Baker, C. N. (2021, 30. september). Kva er diskurs? NDLA. https://ndla.no/article/32860

Baker, C. N. (2021, 15. november). Tekstar og verkelegheitsforståinga til kulturar. NDLA. https://ndla.no/article/34109

Baker, C. N. & Abusland, Å. (2021, 2. desember). Tekstar speglar og formar identitet. NDLA. https://ndla.no/article/34382

Baker, C. N. (2022, 31. mai). Tekst og verkelegheitsbilete. NDLA. https://ndla.no/article/33243

Berg, O., Sterri, A. & Simonsen, K. (2019, 29. januar). Liberalisme. I Store norske leksikon. http://snl.no/liberalisme

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2023

Læringsressursar

Om faget