Fagfornyinga i kommunikasjon og kultur 2 på NDLA
Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 er utgangspunktet for revisjonen av faginnhaldet i kommunikasjon og kultur 2 på NDLA. Kjerneelementa kulturell identitet, kommunikasjon, tekst og verkelegheit og teori og metode beskriv det viktigaste elevane skal lære i kommunikasjon og kultur, mens kompetansemåla i kvart fag gir meir konkrete skildringar av måla for opplæringa.
I læreplanen for kommunikasjon og kultur 2 er teoriar om diskurs, sjanger, estetikk, retorikk og litteratur nemnt spesifikt i det første kompetansemålet. Vidare går det fram av kompetansemåla at elevane skal arbeide med tekstar i ulike sjangrar og frå ulike tekstkulturar, tolke og drøfte forholdet mellom tekst og verkelegheit og dessutan analysere og drøfte korleis kommunikasjonsteknologi påverkar utforming og mottaking av tekst. Tekstanalyse og tekstskaping og bruk av kjelder, teori og metode er òg sentralt i faget.
I fagressursane legg vi oss tett opp mot ordlyden i læreplanen, slik at det skal vere lett å sjå samanhengane mellom læreplanen og innhaldet i faget.
I fagartiklane er det grundige gjennomgangar av relevante teoriar, saman med tekstdøme og døme på analyse. Kortare "tenk over"-spørsmål og diskusjonsoppgåver undervegs i fagartiklane hjelper elevane i lesinga og koplar fagstoffet til deira eigen verkelegheit.
I oppgåveressursane legg vi vekt på at elevane skal bruke relevante teoriar og omgrep, at dei skal vere utforskande og skapande, og at dei òg kan trekke inn sine eigne erfaringar. Oppgåvene tek ofte utgangspunkt i ein eller fleire tekstar.
I fleire av oppgåveressursane foreslår vi ulike måtar elevane kan presentere oppgåver og arbeid på. Dette kan til dømes vere å lage ein podkast, ein film, ein digital presentasjon, ein munnleg presentasjon eller eit skriftleg arbeid. I faget vil det òg finnast forslag og tips til korleis elevane kan forme og skape sine eigne tekstar.
Vi har valt å strukturere faginnhaldet på følgande måte i kommunikasjon og kultur 2:
Om faget: Her finn du informasjon om fagfornyinga i kommunikasjon og kultur 2 og eit forslag til årsplan.
Tekst og verkelegheit: I dette emnetfinn du fagressursar om mellom anna tekstkultur og sjanger, diskurs og diskursanalyse, litteraturteori og estetikk.
Tekst og kommunikasjon: I dette emnet finn du fagressursar om mellom anna retorikk, korleis kommunikasjonsteknologi påverkar utforming og mottaking av tekst, og korleis du kan jobbe med ulike typar tekstar.
Bruke kjelder, teori og metode: Her finn du ressursar om kjeldekritikk og kjeldebruk og tips til bruk av teori og metode i analysar og oppgåver.
Vi håpar fagressursane og forslaget til årsplan vil vere til nytte og inspirasjon i arbeidet med kommunikasjon og kultur 2. Følg oss gjerne på kommunikasjon og kultur på Facebook for fleire oppdateringar!