Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førebu deg til skriftleg eksamen KK2

Få overblikk over tema, tekstar, teoriar og analyseverktøy før eksamen. Då stiller du godt førebudd!

Del 1: Få overblikk over tema og tekstar

På den obligatoriske førebuingsdagen på skulen får du ei samling tekstar av ulike sjangrar og format. Desse kjem til å danne grunnlaget for oppgåvene du får på sjølve eksamensdagen. Du får òg oppgitt eit overordna tema.

Sjå på eksempelsettet i Udir:

Revidert eksempeloppgåve i SPR3034 Kommunikasjon og kultur 2 etter LK20 (krev passord)

Noter og bruk gjerne eit tankekart når du jobbar med oppgåvene under:

  1. Diskuter eller skriv ned nokre stikkord om tankar du har om det overordna temaet.

  2. Kva kan du kople temaet til av det du har lært i faget i år?

  3. Gjer eit nettsøk på temaet og sjå etter kva slags perspektiv på temaet som kjem opp då.

Del 2: Få overblikk over teoriar og analyseverktøy

Kva for teoriar og analyseverktøy kan brukast til å tolke og beskrive tekstane i førebuingsdelen?

Jobb i par eller åleine:

Gå raskt gjennom dei ulike emna bak lenkene i artiklane under. Det er analyseverktøy og teoretiske perspektiv som kan brukast i arbeidet med tekstar:

Skumles overskrifter og mellomtitlar og ta notat med utgangspunkt i desse. Når førebuingsdagen kjem, kan det vere til hjelp at du allereie har gått gjennom ulike teoriar og analyseverktøy og tenkt over kva dei kan brukast til!

Fleire tips:

Det kan vere lurt å lage eit tankekart med eit overblikk over dei ulike teoriane og analyseverktøya, så slepp du å ha det i hovudet på eksamensdagen. Då har du meir enn nok anna å bruke hjernekapasiteten til!

Del 3: Finn relevante omgrep

No har du fått eit overblikk over ulike teoriar og analyseverktøy og kan begynne å gå inn på enkeltomgrepa. Igjen – det kan vere lurt å bruke eit tankekart for å få oversikta.

  1. Noter ned dei omgrepa du først peikar ut som fruktbare i arbeidet med tekstane i førebuingsdelen – gjerne med temaet for eksamen i sentrum (innanfor og utanfor).

  2. Jobb i par eller åleine. Bruk omgrepskorta i denne oppgåveressursen om omgrep om tekst, kultur og kommunikasjon og klikk deg gjennom omgrepa.

    Stopp for kvart femte omgrep og spør: Kan eit eller fleire av dei bli brukte til å beskrive og tolke tekstane?

    Kan omgrepet brukast til å seie noko om temaet og innhaldet? Om forma? Om den kulturelle konteksten? Om språket? Om visuelle verkemiddel? Eller om plattforma eller mediet som teksten er i?

  3. Bruk oversikta under til å gjere strukturerte notat, eller fyll ut tankekartet du laga. Når eksamensdagen kjem, vil det vere til stor hjelp at du allereie har gått igjennom alle omgrepa og tenkt over kva dei kan brukast til!

Filer

Del 4: Førebu deg på ein samanliknande analyse

Eit kompetansemål i KK2 handlar om å gjere ein samanliknande analyse av to eller fleire tekstar, og dette handlar òg ei av oppgåvene i eksempelsettet frå Udir om.

Vel deg to tekstar frå førebuingsdelen eller finn ein sjølvvald tekst du meiner er interessant å sjå opp mot ein av førebuingstekstane.

Poenget med ein samanliknande analyse er at tekstane kan belyse ulike perspektiv på eit tema og ulike måtar å kommunisere og formidle eit innhald på. I ein samanliknande analyse er det derfor interessant å sjå på tekstane med tanke på

  • tema og motiv

  • språklege, litterære, retoriske og estetiske verkemiddel

  • form og struktur

  • avsendar og mottakar

  • situasjonskontekst

  • kulturkontekst

  • medium og plattform

Tips!

Eit VENN-diagram kan vere ein fin måte å samanlikne tekstane på:

  • Teikn opp to sirklar som overlappar kvarandre slik som i illustrasjonen under – éin sirkel for kvar av tekstane.

  • Les tekstane grundig og samanlikn dei ved hjelp av lista over.

  • Kva er temaa og motiva i dei to tekstane? Noter det som er spesielt for den enkelte teksten i sirkelen og eventuelle likskapar der sirkelen overlappar.

Slik jobbar du deg gjennom heile lista. På denne måten får du jobba grundig med innhaldet i tekstane, samtidig som du får ei oversikt over forskjellar og likskapar.

Venndiagram. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2023

Læringsressursar

Om faget