Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis førebu seg til skriftleg eksamen KK2?

På eksamensdagen er det mange faktorar som speler inn – både nervar og tidspress. Då er det godt å ha førebudd seg ved å øve på eksamensgjennomføringa, slik at du slepp å bruke tid på å orientere deg om korleis det blir gjort.
Kvinne ser opp og tenker. Ei mengd teikn og figurar svevar over hovudet hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skal eg bruke førebuingsdagen til?

Viss du blir trekt ut til å ha skriftleg eksamen i kommunikasjon og kultur 2 (KK2), får du ein førebuingsdag på skulen. Ein faglærar kan gi deg rettleiing, men ikkje undervisning. På denne dagen får de utdelt tekstar som tek for seg eit overordna tema, og desse tekstane har to funksjonar:

  1. Dei gir deg kunnskap om eit tema som eksamensoppgåvene vil handle om.

  2. Somme av dei skal vere direkte grunnlag for eksamensoppgåvene.

Bruk førebuingsdagen til å bli godt kjend med desse tekstane, slik at du slepp å bruke tid på sjølve eksamensdagen til å lese igjennom dei.

Eksempeloppgåve frå Udir

I denne eksempeloppgåva frå Udir kan du studere tekstane som ligg i førebuingsdelen:

Utdanningsdirektoratet (2023). Eksempeloppgåver i kommunikasjon og kultur 2. SPR3034 Kommunikasjon og kultur 2 – Kandidat – Udir.no (krev passord)

Korleis jobbe med tekstane i førebuingsdelen?

Her får du nokre tips:

  • Les eller sjå igjennom kvar enkelt tekst. Skriv deretter eit kort samandrag av innhaldet, og kva du meiner er hovudtemaet teksten tek opp.

  • Skriv ut tekstar som eignar seg til det og bruk penn til å streke under viktige ord og formuleringar.

  • Noter omgrep frå faget som du meiner kan belyse teksten på ein god måte.

  • Diskuter med nokon, eller reflekter åleine, over likskapar og forskjellar mellom tekstane når det gjeld tema, perspektiv, avsendar, mottakar, form, innhald, kontekst, visuelle element og språk.

Prøv ut ulike innfallsvinklar til tekstane

Ein viktig kompetanse i KK2 er å velje sjølv kva teoriar og omgrep du skal bruke for å drøfte og reflektere over innhaldet i ulike tekstar. Derfor kan det vere nyttig å prøve ut ulike innfallsvinklar til tekstane på førehand.

Under finn du ei oversikt over artiklar med viktige teoriar og analyseverktøy i faget. Vurder kva for nokre av desse ulike tilnærmingane som kan passe til å analysere og kommentere kvar enkelt av tekstane i førebuingsdelen:

Studer òg gjerne rettleiinga "Korleis velje teori og metode i arbeidet med tekstar?"

Plukk fagomgrep

Du kan òg plukke fagomgrep på tvers av teoriar og analyseverktøy, og i artikkelen "Øv på omgrep om tekst, kultur og kommunikasjon" finn du dei fleste av omgrepa frå oversikta over.

Bla deg igjennom omgrepskorta og prøv å bruke omgrepa til å beskrive ulike sider ved tekstane. Ved å gjere dette opplever du kanskje at ulike omgrep lar deg "gripe" tekstane på mange ulike måtar.

Etter gjennomgangen av omgrepskorta er det lurt å notere ned dei omgrepa du synest kan belyse ulike sider ved tekstane i førebuingsdelen på ein interessant måte.

Øv på å samanlikne

I eksempeloppgåve 3 frå Udir blir du beden om å samanlikne tekstar. I ei samanlikning skal du sjå etter likskapar og forskjellar, og du må velje kva sider av tekstane du skal sjå på. Det kan vere nyttig å samanlikne både tema, kontekst, ideologi og perspektiv, språk, sjanger, avsendarar og mottakarar og estetisk uttrykk. Les meir om korleis du kan gå fram for å samanlikne tekstar i artikkelen "Gjer ein samanliknande analyse av sjølvalde tekstutval".

Korleis blir eksamensoppgåvene?

I kommunikasjon og kultur 2 får du tre oppgåver du skal svare på. Dei to første oppgåvene er korte, rundt 250 ord, mens den siste er ei lengre skriveoppgåve. Oppgåve 3 blir vekta mest, 50 %, mens dei andre to blir vekta 25 % kvar.

Udir har lagt ut eksempeloppgåver på eksamen etter den nye læreplanen i KK2. Desse oppgåvene skal gi deg ein idé om kva slags type oppgåver som kjem på eksamen. I eksempelsettet er oppgåvene slik:

Oppgåve 1:

Oppgåva tek utgangspunkt i ein av tekstane frå førebuingsdelen – eit Instagram-innlegg frå kontoen "Janthomasofficial" og ber deg om å vurdere kor godt dei visuelle og verbale elementa formidlar bodskapen til mottakarane.

Oppgåve 2:

Oppgåva tek utgangspunkt i ein annan av tekstane frå førebuingsdelen – ein annonse frå Forsvaret – og ber deg om å gjere greie for korleis du kan bruke omgrep frå litteraturteori til å seie noko om korleis tilhøyrsel blir uttrykt i teksten. Her skal du altså ikkje gjere ein analyse, men vise at du kan gjere greie for innhaldet i ulike teoriar og omgrep, og at du meistrar det å bruke desse til ulike formål.

Oppgåve 3:

Oppgåva tek utgangspunkt i ein ukjend tekst – ein tale av Erna Solberg – og ber deg om å samanlikne han med ein av tekstane frå førebuingsdelen. Deretter skal du skrive ein lengre tekst, der du samanliknar og tolkar "hvordan tekstene kan bidra til å skape, bevare eller utfordre mottakernes virkelighetsforståelse".

Hjelpemiddel og kjelder

Sjølve eksamen er no heildigital. Den går føre seg inne i Udir sitt nye eksamenssystem, der du blir guida igjennom eksamen trinn for trinn. På sjølve eksamensdagen har du fem timar på deg til å skrive og levere inn svar på dei tre oppgåvene i eksamenssettet.

I januar 2023 blei det avgjort at elevar ikkje får tilgang til internet under eksamen i KK2. Årsaka er dei nye verktøya som bruker kunstig intelligens og kan generere ganske gode eksamenssvar. Du får likevel tilgang til eit avgrensa utval nettressursar. Studer sidene "Nettressursar til eksamen" på Vigo IKS.

Du kan òg bruke kjelder som du har lasta ned lokalt på maskina di. Desse må du gi opp. Du må gi denne informasjonen om kjeldene dine:

  • namn på forfattar(ar)

  • tittel på teksten

  • adressa til nettbaserte kjelder

  • datoen du lasta kjeldene ned

Oppsummert

  • Jobb grundig med tekstane på førebuingsdagen.

  • Ta med notat med eit samandrag av kvar tekst og tankane dine om tematikken i teksten.

  • Noter ned kva teoriar og omgrep som kan passe til å analysere og kommentere tekstane.

  • Last ned kjelder du trur du kan få bruk for, slik at du har tilgang til dei også utan nett.

Relatert innhald

I kommunikasjon og kultur 2 kan du bli trukke ut til skriftleg sentralgitt eksamen eller munnleg lokalgitt eksamen.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2023

Læringsressursar

Om faget