Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Observasjon som metode

Arbeidsoppdrag

Utforsk religion og religiøsitet i nærområdet

Det er ikkje nok å lese bøker for å bli klok. Å søkje kunnskap handlar også om å utforske den verda vi alle er ein del av. Det kan du blant anna gjere gjennom systematisk observasjon.

Utforsk nærmiljøet

Denne aktiviteten førset at læraren set av tid til utforsking i undervisningstimane, og at du som elev er villig til å bruke noko av fritida di. Dann gjerne par eller grupper i klassen. Det er både gøy og lærerikt å utforske verda saman!

Finn ut kva for faste samlingar/sermoniar som finn stad i regi av trussamfunn og forsamlingar der de bur, og når desse går føre seg.

Bli einige om kven i klassen som oppsøkjer ulike forsamlingar. Gi beskjed på førehand om at de kjem, men be om å få stå eller sitje ein stad der de ikkje verkar forstyrrande inn på det de skal observere. Dersom de ønskjer å registrere det de observerer ved hjelp av videoopptak på mobiltelefonen, må de innhente løyve til det på førehand.

Formuler to problemstillingar

Diskuter gruppevis aktuelle problemstillingar de ønskjer å få svar på når det gjeld religion og religiøsitet i trussamfunn og forsamlingar i nærmiljøet. Deretter blir klassen einige om to problemstillingar som de ønskjer å utforske ved hjelp av observasjon.

Formuler problemstillingane i to enkle setningar. Sjekk at alle i klassen forstår desse setningane på same måten.

Enkelt observasjonsoppdrag

Eit enkelt observasjonsoppdrag kan til dømes gå ut på:

  • Registrer kor mange som er til stades, og korleis desse fordeler seg på menn og kvinner.
  • Registrer alderssamansetjinga i forsamlinga (barn – unge – middelaldrande – eldre).
  • Registrer kva for rutinemessige handlingar som blir gjennomførte i løpet av samlinga/sermonien.
  • Registrer korleis det fysiske rommet handlinga går føre seg i er utforma og utsmykka.

Komplekst observasjonsoppdrag

Eit meir komplekst observasjonsoppdrag kan for eksempel gå ut på å registrere kommunikasjonen mellom dei menneska som er til stades:

  • Beskriv dei fysiske omgivnadene for kommunikasjonen (stad, innreiing, gjenstandar som inngår i samhandlinga).
  • Hva er føresetnaden for kommunikasjonen?
  • Kva er hensikta med kommunikasjonen?
  • Kva for roller inngår i denne kommunikasjonen?
  • Korleis vil du beskrive samspelet mellom rollene?
  • Beskriv kroppsspråket til personar som har ulike roller. Kva kjem til uttrykk gjennom det?
  • Kva for normer, verdiar og førestillingar kjem til uttrykk gjennom det som blir sagt?

Analyser og tolk

Attende i klassen er tida inne for å systematisere og analysere det materialet de har samla inn gjennom observasjon.

  • Kva har de funne ut om dei problemstillingane de bestemte dykk for å belyse?
  • Korleis kan det de observerte tolkast i lys av ulike teoriar og perspektiv i faget religion og etikk?