Introduksjon
Denne læringsstien gir deg innsikt i korleis observasjon kan brukast som metode for å utforske religion og religiøsitet. Dersom klassen din skal bruke denne metoden når de utforskar eige nærmiljø, må de berekne meir tid enn to skuletimar.
Når du er ferdig med læringsstien, skal du
- kjenne til viktige omgrep og prinsipp knytte til systematisk observasjon
- forstå kva for etiske utfordringar denne metoden kan by på
- kjenne til enkle framgangsmåtar ved observasjon av menneskeleg åtferd
- kjenne til korleis du utviklar problemstillingar og analyserer og tolkar det du har observert