IMI-modellen: oppsummering og forslag til fordjuping
Katolsk, ortodoks og protestantisk kristendom har ulikt fokus på dei tre IMI-elementa.
- Kva for retning har mest fokus på det institusjonelle?
- Kva for retning har mest fokus på det mystiske?
- Kva for retning har mest fokus på det intellektuelle?
Sjekk artikkelen om retningar i kristendommen på ndla.no om du er usikker.
Diskuter og samanlikn svara med sidemann eller i plenum.
Oppgåve A
IMI-modellen kan forklare mange sider ved religionar, men er det nokon religionar eller religiøse organisasjonar som ikkje inneheld dei tre elementa? Forsøk å finne døme der IMI-modellen ikkje passar, eller der han ikkje kan forklare eit religiøst fenomen.
Oppgåve B
IMI-modellen fungerer på tre nivå og kan forklare tre ulike spørsmål: På individnivå forklarer han ulike former for religiøsitet hos enkeltindividet. På gruppenivå forklarer han spenninga og dynamikken i og mellom religionar. På samfunnsnivå forklarer han korleis religionar oppstår og utviklar seg i samspel med samfunnet elles. Les oversiktsartikkelen om IMI-modellen på nytt, og finn døme på korleis religiøsitet kan vere ulikt på individnivå.